PONDUS, RUTETID OG ROSINA I PØLSA (25.11.12 )
Frode Øverli med venar gir oss to julehefte i år.

Pondus startar bra med ein del spreke jule-tematerte striper som eg reknar med er forskot på desembers avisstriper. Smarte, morosame gags som får med seg heile persongalleriet inn i julestemninga. Skikkeleg julestemning, altså.
I tillegg kjem Arne Scheies Nøttemix, fotballquizet som har blitt standardinventar i Pondusalbum. Ikkje etter min smak, men eg kjenner mange som set pris på det. Ei kort Pondus-historie om Påsan i harde lønsforhandlingar om auka ukeløn (tar eg feil eller har denne blitt utgitt før?). To sider med serieparioder av Tormod Løkling og Tore Strand Olsen, og eit nidbrev om pinnekjøtet av Løkling (Vantru slyngel.)
Og så det som for meg er rosinen i pølsa, ein to-siders Lunch historie av Børge Lund. Ein liten appetittvekker før Lunch-juleheftet, kanskje?
Ein komfortabel plass på pallen for Øverli igjen i år, altså, sjølv om det ikkje akkurat er ny personleg rekord. Skal bli interessant å sjå korleis dei andre norske hefta plasserer seg.

Rutetid er kanskje litt blanda drops. Fleire eldre Rutetid-striper er eit lite minus. Her er det juletematikk gjennom heile, med eit stort utvalg av norske einrutarar og einsidarar. Ein del overlapping av openberre poeng, dessverre, og ein del platte ordspill.
Dei som verkeleg hevar nivået for meg (den mykje omtalte rosina i pølsa) har berre ei side kvar, men Tor Ærlig (Helt Ærlig), Hanna Larmo (Spesielt), Ellen Bergheim (Lily) og Stein Arne Hove (Kampen Park) leverer nokre flotte julestriper med hjarte og brodd.
Kanskje eit stykke lenger ned på handlelista enn Pondus, men det er ingenting her som er dårleg, og høgdepunkta er nok til at det er verdt ein kikk.
Pondus Julen 2012 og
Rutetid og gjengen Julen 2012
Begge:
Frode Øverli med fleire
36 sider
kr 49,90
Egmont Serieforlaget

KREPSER OG GAMLE E.T.-ER <- Eldre | Nyere -> TUSS, TROLL OG INFANTERISTAR





Smugtittet i Rutetid, syntes det virket forferdelig tynt. 36 sider er i utgangspunktet mer enn andre hefter jeg har kjøpt, men med mange svære énrutevitser, og fratrekk for eldre materiale, skulle det bli temmelig kjapplest.
— Bodil Revhaug 30. November 2012, 15:54 #