TUSS, TROLL OG INFANTERISTAR (26.11.12 )
Julehefte – Håkon Aasnes-style.

Håkon Aasnes er den ubestridte julehefte-kongen, og er alltid med på langt fleire av dei enn nokon annan forfatter eller teiknar. Og han leverer alltid varene.
Her skal eg sjå på to av dei:
91 Stomperud har hatt ei viss kreativ oppblomstring sidan Håkon Aasnes tok over for nokre år sidan. Formatet er framleis litt gamaldags, med teksten under bileta, men det får ein tole. Innhaldsmessig så har Aasnes introdusert litt meir saftige karakterar, plotta har blitt litt (men ikkje for mykje) meir moderne og teikningane er behagelege og gir ei meir realistisk stemning. Her er nokre interessante lengre intriger og serien er blitt lausare i snippen.
Ein må vel framleis vere ein gamal lesar av Stomperud for at denne skal vere eit must, men eg ser ikkje vekk ifrå at endringane gjer serien meir attraktiv for ein del nye lesarar òg. Terskelen for nye lesarar er framleis litt høg på grunn av formatet, vil eg tru, men ikkje uoverkommeleg.
91 Stomperud jula 2012
Av Håkon Aasnes
36 sider
kr 46,90
Egmont Serieforlaget

Nokre flotte eventyr av Håkon Aasnes i Tuss og Troll-juleheftet, Drakegullet og Haugkallen. Enkle, men flott fortalde og nydeleg teikna som alltid.
Baki heftet får vi òg opptrykk av Tuss og Troll-historier frå 1962 av Solveig Muren Sanden (eg vil tru forfattaren er Johannes Farestveit, men det står ikkje oppgitt). Det er Fleskeskinka, Oskeladden og den Raude Hesten og Kolbrennaren. Spesielt Fleskeskinka er ei spenstig forviklingskomedie på linje med det beste innan gamle stum-filmar.
Som vanleg så leverte Sanden seriar med ein vakker, levande strek som stadfestar hennar posisjon som ein av våre beste serieteiknarar. Formatet, igjen, er det gamle norske standard-formatet med tekst under bileta, som dessverre er slik ei sperre for lesinga for mange yngre lesarar.
Eg vil seie at dette heftet er eit lyspunkt i julehefte-vrimmelen, men kanskje ikkje for alle.
Tuss og Troll jula 2012
Forfattar: Håkon Aasnes, Gard Espeland, Johannes Farestveit(?), Teiknar: Håkon Aasnes og Solveig Muren Sanden
36 sider
kr 46,90
Egmont Serieforlaget i samarbeid med Norsk Barneblad

PONDUS, RUTETID OG ROSINA I PØLSA <- Eldre | Nyere -> SCHIBSTEDS JULEBORD





Fine anmeldelser.
Har ikke kjøpt Stomperud på mange år nå, men det var en favoritt da jeg var barn. Blir 75-årsjubileet markert i heftet på noen måte? I så fall kan det tenkes jeg kjøper det.
— S.Smari 27. November 2012, 21:38 #