Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

BAH! HUMBUG! (27.11.12 )

Midthuns Donald overbeviser ein skeptiker.

Av: Knut Robert Knutsen

Eg har ikkje lagt skjul på det tidlegare at sjølv om eg likar Donald-historiane til det Norske Pro-Duck-sjonsteamet så har eg heile tide følt at noko mangla. Dei hadde ikkje heilt truffe nerven, knekt koden til Barks sitt nivå av det djupe, menneskelege i historiane.

Men no har det skjedd. Knut Nærum, Tormod Løkling og Arild Midthun har levert ein rivande god, instant-classic julehistorie i rein Barks-ånd.

For ikkje å spoile alt: Donald manglar pengar til julepresangar til gutane, og Onkel Skrue gir han eit mystisk oppdrag i tre delar, der han skal hjelpe anleggsmannskapet til Skrue med å rydde veg inn i villmarka, men noko dei ikkje kan sjå saboterar dei heile tida. Løyndomar vert avslørd og vi lærar noko nytt om Onkel Skrue.

Mykje godt konstruerte gags her, men under det så er det lag på lag med klassiske referansar og ei klar menneskeleg nerve. Og ei historie så kompakt og kjøttfull at den henger ved deg. Dette er ei julehistorie som faktisk handlar om noko, slik dei beste ofte gjer, men fortalt med lett penn.

Ei kjekk Donald historie, mykje moro for dei yngste lesarane, men ei historie som gir meining for alle aldrar. Denne kan ein lese kvar jul.

Eg bøyer meg i støvet.

(Bakerst i heftet er ein 24-stripers Adventsserie òg, «Julestjerna», av Løkling og Midthun. Ganske underhaldande den òg. Eg kan ikkje hugse å ha lese den før, så eg veit ikkje kva år den er frå).

Donald: Julebekken
Manus: Knut Nærum og Tormod Løkling, Teikningar Arild Midthun
Kr 49,90
36 sider
Egmont Serieforlaget

divider
  1. Hm. Må kanskje ha dette likevel, da. Bladde litt i det i butikken, men syntes det så sånn bråkjekt action-aktig ut, i samme gate som det første juleheftet fra trioen, og det gad jeg ikke lese ferdig engang.

    Toppers at du anmelder alle disse heftene!


    Bodil Revhaug    28. November 2012, 03:21    #
  2. Julestjerna var den tredje adventsstripesekvensen. Utan å sjekke det opp er eg relativt sikker på at den kom i 2007, hugsar at nummer 2 (den med Magica og snømannen) kom i 2006.


    Olaf Moriarty Solstrand    28. November 2012, 22:49    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)