JULEKRIM MED KNUT GRIBB (27.11.12 )
Overraskande god krim til jul.

Eg har ikkje tidlegare vore så begeistra for Ivan Andreassens Knut Gribb-historier, eg har synast at miljøskildringane har vore lite overtydjande.
Det er ikkje noko problem her. Interiør, bygg og landskap er nydeleg skildra.
Språket er av perioden (1930-tal), som er det einaste som gir historia eit litt kunstig preg. Dette er klassisk krim, med ei kidnapping på eit pensjonat på bygda som ad omvegar involverar politifullmektig Knut Gribb via hans medhjelpar Harald Brede.
Gode, om enn skisseaktige, karakterar, klare intriger og overtydjande spenning, dette er fleire hakk opp frå dei tidlegare Knut Gribb teikneseriane og vel verdt å satse vidare på.
Nordbergs fyldige og spenstige artikkel om krim på 1930-talet er prikken over i-en.
Eit must for fans av klassisk krim.
Knut Gribb Julen 2012 : Julegjesten som forsvant
Etter ei fortejing av Øyulv Gran, teikna av Ivan Andreassen
Artikkelforfattar Nils Nordberg
44 sider
Kr 59,50
Schibsted Forlag

SCHIBSTEDS JULEBORD <- Eldre | Nyere -> BAH! HUMBUG!





Dette høres bedre ut, ja! Manus bygget på historier av Øyulv Gran er noe helt annet. Tegningene synes jeg hele tiden er for glatte, her hadde f.eks. Håvard Johansen vært et bedre valg (blant mange andre gode norske serietegnere).
— Arild 27. November 2012, 12:01 #