Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JOYEUX NÖEL ( 4.12.12 )

Fransk-belgisk til jul.

Av: Knut Robert Knutsen

Einsam Cowboy

Dette heftet har eit greit utval av korte historier, ein av Goscinny’s siste, «farlig reise», om eit nybyggar-par, historia «Spøkelsesranchen» frå seint 80-tal der Morris har med seg Guylouis, Fauche og Leturgie, og så eit par Rattata halvsider.

Av desse er det berre Rattata som har julemotiv, men dette er gode Lucky Luke striper på det jamne.
Ingenting nytt, men eit greit utval for dei som ikkje har alt i hylla allereie.

Lucky Luke Julen 2012
Av Goscinny, Morris og diverse

Tapper galler

Asterix-serien har ikkje så mange korte historier som Lucky Luke og Viggo, så ting vert fortare resirkulert i desse julehefta.

Her er ein historie om Asterix og Obelix sin fødsel og om den tapre galliske hanen i kamp med ei romersk ørn, begge av Uderzo åleine. Og så nokre enkle historier om Lutetia (Paris) som OL-by og nokre sjølv-refererande striper med Goscinny og Uderzo i hovudrollene.

Ikkje av dei mest spanande, men små-morosame nok.

Asterix Julen 2012
Goscinny, Uderzo.

Idiot Sauvant

Viggo i god form frå 1970-talsproduksjonen, halvsiders-striper. Morosame gags i kjend stil. Dette er gode greier. Berre sånn at eg får sagt det før eg sporar av.

Eg må nesten berre kommentere at trykk-kvaliteten på Viggo-stripene ikkje er så god som stripene fortener. Etter å ha lese nokre av Marsu Production sine deluxe-bøker «Gaston Version Originale» som dekkjer noko av denne perioden, så ser ein kor grumsete den svarte streken er i desse julehefte-trykka og korleis dei fine detaljane har forsvunne. Kvar halvside i VO formatet har same storleik som ei side i juleheftet så det er enkelt å samanlikne.

Gagsene vert ikkje øydelagd av den dårlege trykken, men den reine nytinga av Franquin sitt geni som teiknar lider under at ein ikkje går attende og oppdaterer trykkfilane både på svart strek og fargar for å dra nytte av den teknologiske utviklinga.

Filmselskapa utnyttjar oss kynisk ved å tilby betre og betre bilete og lyd, slik at straks ein har bytta ut filmsamlinga på VHS til DVD så «må» ein oppgradere til Blu-Ray. Ver så snill, Egmont, prakk på oss ein Blu-Ray versjon av Viggo.

Viggo Julen 2012
Franquin

Alle:
36 Sider
Kr 49,90
Egmont Serieforlaget

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)