TRADISJONELLE JULEHEFTE FRÅ EGMONT ( 4.12.12 )
Dei gamle er eldst, og nokre gonger best òg

Klassiske amerikanske sundagsstriper til jul? Ja takk.
Nyrike Fiinbeck har problem med kone og familie, som vanleg, i desse sundagsstripene frå 1946. Det er detaljert og stilreint med godt oppbygde gags. Dette er estetisk uovertruffen og veltima situasjonskomikk av øverste skuffe, anten Fiinbeck blamerer seg overfor konas sosietetsvener, prøver å snike seg unna den eine snyltaren etter den andre eller han forsøker å tilbringe tida med dei gamle kompisane frå før han vart rik og ulukkeleg.
Vi har vore så heldige her i Noreg at det har kome ut Fiinbeck-hefte kvar ei jul i over 80 år, så det er lett for at ein hamnar i den fella å tenke at dette er gamalt og tørt. Men dette er ein tidlaus serie av første klasse. Og årets hefte er framragande.
Fiinbeck og Fia julen 2012
av George McManus
36 Sider
Kr 46,90
Familiehygge

Blondie kan vere sånnn opp-og-ned. Det er i utgangspunktet ein god serie, men av og til har den gått på tomgang, og som alle seriar så vert det mindre plass til teikningane etter kvart. I år har ein gått attende til Sundags-striper frå 1943-1946, så her er det ein serie i full vigør, med Blondie og Dagoberts avkom i den ideelle rølpe-alder.
Nydelege teikningar, mykje handling i kvar stripe og skikkeleg spenst over gagsene.
Absolutt å anbefale i år.
Blondie julen 2012
Av Chic Young
36 Sider
Kr 46,90
Der ingen skulle tru..

Snøfte er Hillbilly-humor, om den typen folk «sofistikerte» amerikanarar elska (og elskar) å le av. Det er hardt arbeidande, men sladrete kvinnfolk, mannfolka er halvkriminell slaur som elskar å brygge himkok og snyte på skatten. Og ungane er rølp frå morgon til kveld.
Eg har ei mistanke om at noko av Snøfte Smith sin suksess i Noreg kjem av at vi ikkje ler av desse folka, men med dei. Er det noko som betre oppsummerar norske menns husflid enn himkok? Eg hugsar far min alltid tok fram «apparatet» og «baka til jul». Og snyte litt på skatten må ein jo alltid gjere, berre for å halde på sjølvrespekta.
Og å bu langt frå folk, «der ingen skulle tru at nokon kunne bu», er der noko som er norskare enn det?
Solide, morosame striper frå 1956, eit godt og variert utval av gags, sjølv om der er ein del faste karakterar som glimrar med sitt fråver.
Snøfte Smith julen 2012
av Fred Lasswell
36 Sider
Kr 46,90
Trur’u je er en Kåbbåi, eller?

Skippern var vel på sitt beste med Segars opphavelege surrealistiske og bitande humor, han gjekk opp i desse lange, bisarre eventyra sine med kropp og sjel. Og med unnatak av Bobby London sin kontroversielle periode så har vel stripa i mesteparten av si historie stått på staden kvil.
Når det er sagt, så har Sims og Zaboly levert eit sett med veldig gode striper frå 1948, mest fokusert på Tjoms og hans uendelege appetitt og Skipperns evig ustabile forhold med Olivia.
Ikkje like sprelsk som Segar, men heller ikkje like tam og forutsigbar som Sagendorf og enkelte seinare bidragsytarar. Godt over middels.
Men til neste år så kanskje Egmont kan ta ein kikk på dei nye Skippern-historiane frå IDW skrivne av den eminente Roger Langridge?
Skippern
av Tom Sims og Bill Zaboly
36 Sider
Kr 49,90
Alle:
Egmont Serieforlaget

JOYEUX NÖEL <- Eldre | Nyere -> RAPTUS I SEPTEMBER





Takk for disse anmeldelsene! Nå vet jeg at Fiinbeck & Fia er verdt å kjøpe igjen (det var mange år siden sist, stripene etter McManus er jo si og så).
Hva angår Skipper’n, kan jeg ikke begripe at Egmont ikke forsøker å trykke opp noen av Segar sine beste eventyr. Opphavsrettighetsspørsmål er den eneste unnskyldningen jeg (såvidt) kan godta.
— S.Smari 4. December 2012, 16:09 #
No er det jo slik at til og med i deluxe-utgåvene frå Fantagraphics så er ein nøydd til å basere seg på kopier av avissider og diverse anna for å få reproduserbare kopiar. I tillegg så er til og med dagsstripene så store at ein må bruke julehefteformat for å få plass til dei.
Det er eit tungt løft å få stripene utgitt på ein måte som er attraktiv for “folk flest”.
Eg har ikkje tvil om at viss ein først setjer seg ned med dei så vert ein overtydd, men salsterskelen er høg.
Og eg har ikkje lyst til å sjå Segars Skippern “restaurert” på same måten som “Kapteinens Jul”, noko som hadde vore ein reell risiko. Ikkje minst fordi det hadde gitt “restauratørane” ein fornya copyright.
Opphavsrettsspørsmål kring Segar sine striper eksisterer ikkje, sidan dei er i sokalla “Public Domain” i Europa. Sålenge ein har tilgang på trykte sider, negativer eller liknande så kan ein trykke dei så mykje ein vil.
Men ein kan ikkje trykke dei frå sider av opphavsrettsskydda publikasjonar utgitt frå andre. (Så å prøve å trykke opp att sider frå Fantagraphics sin nyaste samling går ikkje).
— Knut Robert Knutsen 4. December 2012, 16:46 #
Enig i at “restaureringen” av Kapteinens Jul er trist! Har ikke kjøpt det heftet på flere år pga det. Jeg vet at Harold Knerr gjerne regnes for å være den “beste” Knoll og Tott-tegneren og det er nok sant, men jeg har alltid likt tegnestilen til Rudolph Dirks, også i senere år, og hvordan han etterhvert utviklet serien mer i retning av mild satire og situasjonskomikk, en stor kontrast mot det rølpete utgangspunktet. “Restaureringen” er sikkert godt håndtverk men mangler bl.a. “schwungen” i streken som Dirks hadde. Tilsvarende restaurering av “Popeye” ville vært uheldig. Likevel synes jeg at Egmont gjerne får prøve å utgi et utvalg fra Segars originalversjon, ihvertfall ett år, og se hvordan det fungerer. Kan ikke se for meg at Skipper’n tilhører storselgerne blant juleheftene uansett, så hva har man å tape?
— S.Smari 4. December 2012, 18:12 #
EC Segar på norsk er ein våt teikneseriedraum. Kan det hende? Spør Egmont. Londons Popeye kjem nok aldri til å sjå dagens lys att, den var alt for rå til det og er no “gløymd” av rettshavarane. Her burde eit piratforlag trykke opp stripene for ettertida (Air Pirates/Luftpiratane – kor er de når me treng dykk? Kanskje i Florø?
— Arild 5. December 2012, 01:35 #
Bobby Londons versjon av Skippern ER faktisk samlet og utgitt på norsk, i en pocket i liggende format, utgitt av Folkeforlaget AS i 991 under tittelen “Vår tids Skippern”.
— Haakon W. Isachsen 5. December 2012, 08:48 #
I tillegg finnes det en smakebit av Bobby Londons Skippern i Stripp nr. 2/1990 fra Bladkompaniet.
— Kristian Hellesund 5. December 2012, 09:24 #
Kremt. Arild? Disney knekte Dan O’Neil som ei lus etter “Air Pirates 2”. Ikkje eit eksempel til å etterfølgast.
Dessutan, bruk av public domain karakterer som Popeye i nye teikneseriehostorier er fullt lovleg og ikkje samanliknbart med Air Pirates (så lenge ein held seg kun til Segars arbeide, Public Domain delane av den utilstrekkeleg copyrighta Fleischer Studios teiknefilmserien og ikkje nyttar Trademarks eller namn som Skippern, Tjoms etc. som kan vere under norske forlags copyright på oversetjinga eller trademarks.)
Forøvrig interessant å merke seg at Bobby London’s Dirty Duck var med i Air Pirates.
— Knut Robert Knutsen 5. December 2012, 09:52 #
Var det ikke slik at Bobby London ble direkte oppsagt som Popeye-tegner etter å ha laget noen striper som parodierte/belyste abortdebatten i USA? Jeg mener å ha lest at så var tilfelle.
— S.Smari 5. December 2012, 15:59 #
Ja. Det var ein abort-story. Det er nesten slik at ein tenkjer seg at Bobby London var lei jobben og prøvde å få sparken. Tøyser ikkje med sånt i familie-striper som andre folk eiger.
— Knut Robert Knutsen 6. December 2012, 06:58 #
Londons siste striper med Home Shoppping Network/abort sekvensen kan ses på denne adressen:
http://mikelynchcartoons.blogspot.no/2008/04/popeye-bobby-londons-final-weeks.html
— Haakon W. Isachsen 7. December 2012, 11:08 #
Alle disse fire amerikanske heftene fikk trillet en toer eller en ener på terningen i VG på torsdag.
Selv klassiske Blondie og Fiinbeck & Fia-årganger ser ikke ut til å hjelpe der i gården. F og F får sågar stempelet “gammeldags og ikke veldig morsomt”. Har anmelderen rett og slett misset noe?
Det er lov å stille spørsmål til hvor seriøs en slik gjennomgang er når selveste Flåklypa også får en ener, mens Pusur, Tom og Jerry, Donald Duck & Co (ikke Barks) og Nr. 91 Stomperud (ikke et vondt ord om jubilanten) alle ligger på fire og fem på terningen…?
— Jostein Hansen 8. December 2012, 10:19 #
Ein av dei uheldige bi-virkningane av å ha anmeldt ca 60 julehefter (med ca 8000 ord tilsaman) er at eg ergrar meg grøn over mange av terningkasta eg ser i avisene. Då går eg rundt og riv meg i håret og bannar “seriøst, har de i det heile teke lese heftet?!”
Men det går litt begge vegar, skulle eg tru. Der er sikkert nok å kommentere om mine eigne vurderingar.
Sjølv så meiner eg at det går an å seie noko positivt om iallefall tre firedelar av årets julehefter. Og mange serier som har vore behandla ste-moderleg i periodar har fått ei god satsing i år.
Utvalet på Disney var godt over middels, med mange Hall-of-Fame namn og god presentasjon. Mykje norsk-produsert var det, og dei fleste “tradisjonelle” heftene hadde vald ut gode perioder med litt liv i.
Det er fullt mogeleg for ein norsk familie på 3-4 generasjonar å kjøpe inn nok skikkelege gode (og passande) julehefte til kvar enkelt.
Eg vert så forundra, for eg har høyrd sleng-kommentarar om “trøytt utval” og bortsett frå fråveret av Jippi og No Comprendo som hadde nokre freske bidrag i fjor, så er dette den beste julehefte-sesongen nokonsinne.
Det er klart, der har vore betre enkelthefte i tidlegare år, men snittet har stige kraftig.
— Knut Robert Knutsen 8. December 2012, 11:19 #
Du er inne på noe her. VG gikk gjennom 49 av heftene, og KAN ha hoppet veldig lettvint over noen utgivelser. Samtidig kan det være at de har oversett det som ligger under den overfladiske humoren og selve tegnehåndverket.
For hvordan er det mulig å forklare at du omtaler Viggo (på en annen tråd) med “morosame gags i kjent stil. Dette er gode greier. Franquin sitt geni…”
VG triller så en ener (!?), intet mer intet mindre.
Visse krav til en anmelder må vi jo stille. Skal ikke en tegneserie være en helhet, at både tekst og tegninger vurderes?
Bergens Tidende hadde også omtale av juleheftene på torsdag, og virket mer dyptgripende. Kanskje de gikk mer grundig til verks, med bare 11 profilerte serier. Her fikk Flåklypa, Helnorsk Donald, EON og Lunch (sekser) meget positive omtaler.
— Jostein Hansen 8. December 2012, 13:02 #
Takk til Isachsen for link til London-stripene. Jeg kan forstå syndikatets tankegang, i USA er tegneserier regnet som “kid-stuff”, og da blir dette for tøff kost. Veldig synd, for med en litt annen vinklig kunne London ha unngått dette.
Når det gjelder vurdering av serierhefter tror jeg at mange anmeldere ser ordet “opptrykk” og dømmer heftene nord og ned uten å sjekke innholdet for nøye.
Personlig synes jeg at årets “Skipper’n” bar et av de bedre, når en ser gjennom med Olivias jakt på Skipper’n for å bli gift – en gammel kjønnsstereotyp som kanskje kan få dagens lesere til å steile. Samtidig kan det stå som et eksempel på hvor kort tid det er siden dagens kjønnsrollemønster faktisk ble til, noe som mange glemmer i møte med andre kulturer…
— Frank Flæsland 8. December 2012, 13:11 #
Virker som anmelderen i VG kun lar sin egne subjektive smak avgjøre hvordan han vurderer hvert hefte, og dette er urettferdig, synes jeg. Greit nok at Fiinbeck ikke er hans ting, men bør han ikke ta litt i betraktning at heftets striper representerer perioden som allment anses å være seriens gullalder? Selv digger jeg Fiinbeck & Fia, og jeg er i 20-årene. Er det gammeldags? Ja. Er det morsomt og svært godt håndtverk likevel? JA!
— S.Smari 8. December 2012, 14:01 #