HÅKON AASNES FYLLER 70 (13.02.13 )
Ein av Norges mest geskjeftige serieskaparar fyller år.

Håkon Aasnes er kanskje den siste av dei store bygdeserie-teiknarane (sjølv om yngre folk som Jorunn Hanto-Haugse og Nils Axle Kanten også behandlar bygdetemaet), og arvtakaren til folk som Solveig Muren Sanden, Jens R. Nilssen og Thorbjørn Weea. Merittlista hans er lang og imponerande, med titlar som Donald Duck, Fantomet, Stomperud, Smørbukk, Tuss og Troll, Olsenbanden og Gråtass. I tillegg kjem de mange seriane som er hans eigne konsept, som Seidel og Tobram, Brage Breiskalle, Kråka Konrad, Vi på Eiketun og spin-offserien Annika, og Hanna. På det meste gjekk Seidel og Tobram i 16 aviser.
Sidan nittitalet har han vore særleg aktiv i Norsk Barneblad, der han i tillegg til å skrive og teikne Smørbukk har fått fast plass til både Annika og Hanna. Julehefta frå Norsk Barneblad pleier han også å stå for (rett nok med noko hjelp på Tuss og Troll), og i 2005 fekk han overta eit anna populært og tradisjonsrikt julehefte – 91 Stomperud. “Håkon er pålitelig, stiller opp og leverer. Leverer godt – og i tide! En fryd for en redaktør”, skryter redaktør og julehefte-ekspert Haakon W. Isachsen.
Til liks med mange av figurane sine bur Aasnes sjølv i landlege omgjevnader – På Aurskog i Akershus, der han har atelier. Han er stadig aktiv som serieteiknar. Serienett gratulerer jubilanten, og ynskjer Håkon Aasnes mange fleire serieteiknande år.

NYE ASTERIX-LEKKASJER <- Eldre | Nyere -> IMPORTVARE: SHARAZ DE





Aasnes er en norsk tegneseriebauta.
— Arild 13. February 2013, 16:59 #
Hør, hør!
— Magne 14. February 2013, 09:50 #