TILFELLET DON ROSA (23.02.13 )
Ein Sørstats-gentleman seier farvel.

Dei siste vekene har det vore ein del merksemd kring Don Rosas brev der han forklarar kvifor han slutta å jobbe for Disney.
I etterkant har der vore ein forvirring kring det han faktisk skreiv, noko av det basert på mangel på kjennskap til heile teikneserieproduksjonssystemet.
Eg vil difor prøve å rydde litt opp i det for Serienetts lesarar.
Don Rosa oppgav mange grunnar til at han slutta. Viktigast kanskje at han har eit alvorleg augeproblem som har gjort det vanskeleg for han å teikne på den måten han er van med. I tillegg har han trass ein relativ ung alder ca 40 år bak seg som sjølv-diagnostisert arbeidsnarkoman. Grunn god nok til å gi seg.
Det bør merkast at Don Rosa har forhandla fram ein avtale med Egmont der han får betalt for at dei brukar hans namn i samband med marknadsføringa. Dette gjer han eit poeng av, at ein ikkje kan forvente at forlaga gir ein noko utan at ein spør sjølve, men viss ein spør så får ein nokon gonger ”ja”. Enkelte forlag som utgir Donald i land utanom Egmonts lisensområde, har ikkje ynska å inngå liknande avtalar og kan difor ikkje nytte namnet hans.
Den viktigaste grunnen for Don Rosa til at han slutta, ifølgje brevet, var frustrasjon med Disney-systemet. Og det er her at ting kan verte forvirrande.
Det vanlege når ein skriv bøker og slikt er at ein eig alt ein produserer sjølv, og får utbetalt royalties for det. Alt ein vert betalt på forskot, til dømes, er oftast forskot på forventa royalty-inntekter. Royalties er oftast ein prosentsats av anten brutto eller nettopris på boka.
Motsetninga er noko ein kallar «Work-for-hire». Direkte oversatt: «lønsarbeid», skjønt det er vel ikkje dekkjande. Dette er eit system som var meint å dekkje ting som til dømes Leksikon, der det er vanskeleg å rekne royalties på ein enkelt del og der det er naudsynt å samle rettane til heile verket hos forleggar. Det er òg vanleg i mange andre kreative samanhengar.
«Work-for-hire» vil seie at nokon betalar deg for å skape noko kreativt, fortel deg (kanskje berre i nokre få ord) kva du skal skape og at denne personen, selskapet eller forlaget så vert rekna som verkets kreative sjel og opphavsmann med alle dei juridiske og moralske rettane det inneber. «Instruert og betalt» var lenge einaste kravet noko måtte oppfylle for å verte rekna som «WFH», men no er dette eit arbeidsforhold som må definerast klart og tydeleg i kontraktform før arbeidet vert starta (I USA er dette regulert av ei lov av 1976).
Viss ein ser seg rundt så vil mykje av det kreative arbeidet gjort i film og TV og på radio, på animasjonsfilmar, på lisensproduserte ting i leiketysbutikkar og så bortetter vere gjort «Work-for-hire». Forfattarar, designarar, animatørar og anna vert hyra inn, betalt og gitt beskjed om å produsere. Enkelte unnatak finnast i Hollywood-systemet, men det er etter langdryge forhandlingar og gjelder berre enkelte område.
Når det gjelder teikneserier så viss du går ut i norske bladhyller og ser etter blader så vil ganske mykje, frå Conan til Donald, frå Hello Kitty og Ole Brumm til Star Wars, vere lisensprodusert under «work-for-hire» kontraktar.
Enkelte europeiske serier som Asterix og Lucky Luke betaler royalties til serieskaparane eller deira familiar. Kanskje ikkje fullt så mykje til dei som tek over etter opphavsmennene, men likevel ein del. Andre, slik som klassikarar som Tuppen og Lillemor, Sabotør Q5, Kommando etc. er fabrikkprodusert under «work-for-hire» reglar. Til og med eit slikt rølpete og antiautoritært blad som det Britiske 2000AD er under dette systemet. (Viss ikkje noko har endra seg nyleg).
I USA så hadde avisserier royalties fast. Medan hefteserier var rein »work-for-hire» til ut på 1970-talet. Det er først på tidleg 1980-tal at store forlag som DC og Marvel byrja med royalties for å halde på teiknarane og forfattarane. Mykje av dette var fordi ein hadde fått ein direkte-bestillings-marknad av teikneseriebutikkar der kundane var fokusert på serieskaparar og fulgde dei frå tittel til tittel. Slik at serieskaparar endelege hadde eit pressmiddel.
Nokre forfattarar hos DC Comics prøvde ein gong på 1960-talet å organisere seg for å kunne utøve nok press til å få betre arbeidsvilkår. Kvar einaste ein av dei fekk fyken på dagen, og innan dagen var over hadde forlaget hyra inn nye talent til å gjere jobben. Det var kroken på døra for forsøk på organisering av teikneserieindustrien i USA.
Så det var mogelegheita detaljistane på 1980-talet fekk til å auke eller minske sine bestillingar av ein tittel basert på kven som skreiv og teikna den, som endeleg gjorde at ein fekk eit slags royalty-system. Saman med eit aukande press frå mindre uavhengige forlag der serieskaparane (i alle fall i teorien, om ikkje alltid i praksis) eigde karakterane sjølve.
Kva satsane ligg på no, det veit eg ikkje. Men ein artikkel ein gong på slutten av 1980-talet sette royalty-satsane i amerikanske teikneseriar til 5% av brutto salspris etter dei første 100 tusen sala. Av dei 5% gjekk 2,5 % til den som hadde skapt karakteren eller gruppa som heftet handla om. Dei resterande prosenta gjekk ca halvparten til manusforfattar og halvparten til teiknar (gjerne litt meir til teiknar sidan det var delt på blyantteiknar og tusjar.)
Mykje har endra seg sidan det, hefte sel ikkje lenger over 100 tusen og royalties er ofte basert på samlebok-sal med andre utrekningar. Men dei tala har eg ikkje.
Uansett så er dette kanskje rimeleg bra royalties. Men ein må òg hugse på at DC og Marvel ikkje betaler royalties på ting frå før 1980 og at i alle høve Marvel ikkje betalar royalties på ting utgitt utanfor USA under lisens. <br<
I tillegg kjem at serier basert på romanserier, filmar og TV-seriar (som til dømes Star Wars, Star Trek, Aliens, Conan, Tarzan etc.) ikkje i utgangspunktet betalar royalties. Det som elles ville gå til royalties går til selskapet som eig opphavsretten. Nokon forlag betaler kanskje ein form for royalties, men det går då frå deira profittmargin på toppen av lisensavgift, og er ikkje noko som forpliktar andre forlag som kanskje overtek lisensen seinare.
Sala i USA er no så lave at der er få forlag utanom DC og Marvel som betalar ut royalties i det heile. Med dei minste forlaga skal ein nesten prise seg lukkeleg om ein får betalt for kvar side. Dei som har størst potensiale til høge royalties-satsar, som til dømes Image Comics, krev i stor grad at ein investerer sjølv, anten i form av arbeid eller pengar. Eller begge delar.
Uansett så er det ofte frustrerande for serieskaparar at ein har slike avgrensa økonomiske val, men der finnast ingen fagorganisasjon som kan samle folk om å framforhandle løysingar på dei verste problema. Det ein har i staden er slike organisasjonar som Heroes Initiative, støtta av både serieskaparar og forlag, som bidrar til å løyse økonomiske problem og helseutfordringar for amerikanske serieskaparar som har det som verst.
Don Rosa var veldig involvert i det amerikanske fanmiljøet før han vart serieskapar, og eg vil tru at ikkje alt av Disneys praksis var ei overrasking for han. Men det er alltid noko anna når ein kjenner det på kroppen over lang tid
Og slik eg forstår det så er mykje av frustrasjonen basert på at fans har vanskeleg for å forstå at han ikkje tener masse pengar på dei stadige gjenopptrykka av seriane hans, og at hans festivalbesøk og marknadsføringsreiser eigentleg var tid ikkje tilbrakt ved teiknebordet med betalande arbeid.
Som frilanser som vert betalt stykkpris er der ikkje noko rammesystem med sjukmeldingar, pensjon og anna som kan kompensere. «Work-for-hire» systemet var heller ikkje i utgangspunktet tiltenkt frilansere, men folk som var fast tilsett, og i mange bransjer er det slik det er lagt opp. Animasjonsarbeid, produksjon av teikningar til lisensprodukt etc. er oftast fast arbeid med timebetaling og arbeidskvoter. Men ikkje teikneseriebransjen.
Dei frustrasjonane Don Rosa uttrykkjer er han ikkje åleine om. Berre i Donald-bladet vil ein til vanleg sjå mange namn på serieskaparar som har seld like mange hefter som, eller fleire hefter enn Don Rosa utan å få royalties dei heller.
Kanskje det er nettopp det at Don Rosa har så mange andre grunnar til å pensjonere seg som gjer at han kjenner seg fri til å seie noko her. Men eg trur ikkje at Don Rosa snakkar berre for seg sjølv. Rosa har alltid vore ein fan og som fan kjennast det ekstra urettvist at serieskaparar ikkje vert verdsett for arbeidet sitt på ein skikkeleg måte.
Og på eit vis så er det nettopp det at det i aukande grad er slik at folk er medvetne om kven som skriv og teiknar desse seriane som er poenget her. Det er ikkje berre Don Rosa sitt namn som sel, Hall of Fame serien sel til dømes litt på namna til serieskaparane, det same når namna vert avertert på forsidene. Er der kanskje ikkje eit lite hopp kvar gong Arild Midthun eller Carl Barks sine namn dukkar opp på forsida av vekebladet òg?
Disney, som sit på opphavsretten, produserer ikkje teikneseriar sjølve (sjølv om dei no eig Marvel, til dømes) og har ingen interesse av å etablere ein royalty-standard for sine lisensar. Og ein lisensprodusent som Egmont endrar ikkje på sitt lønssystem utan at marknaden (eller serieskaparane) krev det.
Dette er ein debatt som har gått kontinuerleg i fanpressen og fanmiljøa dei siste 30 åra, og der synast ikkje å vere noko praktisk løysing på det. Det einaste vi kan gjere er å sørgje for at framtidige generasjonar av serielesarar og serieskaparar er klare over seriebransjen etisk sett er ein kjempe på leirføter, og sjølv om det for dei som kjem inn no kan verke som om det glitrar i gull av å jobbe med slike seriar, så kjem illusjonane før eller seinare til å breste.
Egg håpar at Serienetts lesarar tek med seg ein del ting frå Don Rosas brev: Ikkje gå utifrå at serieskaparar tener mykje pengar berre fordi seriane deira sel. Respekter det at dei jobbar hardt, gjerne er underbetalt og at det faktisk ofte kostar dei tid og pengar å stille opp på butikksigneringar og festivalar, som attpåtil kan vere slitsame.
Og gi rom for at når ein serieskapar som Don Rosa luftar sine frustrasjonar så er det nettopp snakk om å lufte sine frustrasjonar, ikkje om å starte ein PR-krig med Egmont eller Disney.
Enkelt sagt: Lat oss behandle serieskaparar som menneske. Og så prøve på litt diplomatiske måtar å sjå om ein kan hjelpe til med å få endra eit utdatert system.

KUNNGJERINGAR <- Eldre | Nyere -> IMPORTVARE 04 – MARKED MAN





Sikkert OK lesing, men jeg reagert på første avsnitt; når jobbet DR for Disney? Eller for et annet selskap i USA?
— IpComics 24. February 2013, 11:17 #
Sorry. Eg prøve å vere presis men der glapp det for meg. Han slutta å jobbe MED Disney-karakterer eller FOR forlag som lisens-produserer “Disney-serier”. Som Egmont. (Han har såvidt eg veit gjort ein del småarbeid for andre forlagshus. Trur ikkje han gjorde noko fro Gladstone.)
Eg har klaga litt over samanblandinga der sjølv, så det der var berre rot frå mi side.
— Knut Robert Knutsen 24. February 2013, 11:34 #
Jeg trodde faktisk, og Wiki backer det opp, at han begynte med DD for Gladstone. Wiki påstår (men dem sakl man aldri lite på, så …) at han leverte historier fra rundt 1986-89, da skar det seg p.g.a. lisensforld mellom Gladstone og Disney. Etter det leverte han historiene til Egmont, som solgte til Gladstone, Disney og Gemstone etc. Dette er slik jeg har oppfattet tingene gjennom lesing av blader fra de nevndte forlagere (ikke Egmont, men …)
— IpComics 24. February 2013, 14:05 #
Jo, vent. Du har vel rett.
Eg sjekka og det byrja med Gladstone, så Oberon i Nederland. Så ein historie for Disney Comics i USA (Duck Tales) og elles hovudsakeleg Egmont og Picsou i Frankrike. Det er vel GEMstone han ikkje jobba for.
SJølvsagt jobba han for Gladstone, eg har jo lese fleire intervju der han fortel om at han starta der. Gah. Vinterferie-hjerne.
— Knut Robert Knutsen 24. February 2013, 14:36 #
Eit liknande klagemål, denne gongen frå Jerry Ordway, kjend mellom anan frå Superman, Power of Shazam og Wildstar (og mykje anna) :
http://www.bleedingcool.com/2013/03/04/the-lament-of-jerry-ordway/
— Knut Robert Knutsen 4. March 2013, 20:57 #