Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

IMPORTVARE 04 – MARKED MAN (24.02.13 )

Feit, middelaldrande mann på hemntokt.

Av: Knut Robert Knutsen

Under grupperinga «importvare» ser eg på diverse titlar som ikkje enno er gitt ut på norsk, det einaste kriteriet er at det er ting som eg ville lese sjølv.

Howard Chaykin er ein av mine store heltar, hans rå, sosialistiske jødiske heltefigurar med sin blanding av kynisme og skjult idealisme, den råe seksualiteten og dei grumsete pulp-plotta, alt dette var i si tid ei motvekt mot dei ofte litt for antiseptiske heltane ein elles fann i teikneseriar på tidleg åttital.

Så etter mange år der han jobba med diverse DC og Marvel-seriar, for det meste superheltar, så sette eg pris på at han no kom med ein Krimserie hos Dark Horse (opphavleg serialisert i den nye versjonen av Dark Horse Presents).

Mark Le Farge er ein karrierekriminell som driv med både ran og leigemord. Han er òg veldig forsiktig. Når så dei økonomiske nedgangstidene gjer at han er uforsiktig og tek eit oppdrag frå nokon han ikkje kjenner så vert følgene dramatiske, for han, hans kolleger og familien.

Hovudpersonen er ikkje Chaykins vanlege. Le Farge er ingen idealist, han har ingenting verdt å kjempe for, han er middelaldrande og overvektig og er gift med ei kone han hatar det meste av tida. Men elles er ingrediensane her. Rå seksualitet, grumsete pulp-plott og ein kraftig driv.

Dette er ikkje ein av Chaykins beste, men likevel ein god og underhaldande krim av den hardkokte typen, med nokon morosame nye vendingar. Godt teikna og fortald (sjølv om eg kjenner fleire som av ein eller annan grunn ikkje likar Chaykins teikningar). Fargane er brukt her som ein del av bakgrunnane og er ein større del av teikningane enn vanleg, som kan vere forklaringa på at fargeleggjaren Jesus Arbuto får namneplass på framsida. Det er jo uvanleg.

God hardkokt krim. Ta gjerne ein kikk.

Marked Man
Av Howard Chaykin (med fargar av Jesus Arbuto)
ISBN 978-1-61655-004-2
72 sider
14.99 US Dollar
Dark Horse Comics
USA/ Engelsk

(Innkjøpt via www.bookdepository.co.uk)

divider
  1. Som middelaldrende mann ber jeg om respekt for artens sedvanlige karakteristika, og ser gjerne at anmelder benevner oss som “robust/rotund” eller til nød “overvektige”.

    Ellers hadde jeg en interessant samtale med Chaykin i 2011 der jeg kom inn på denne serien jeg var i ferd med å lese i DHP (glimrende antolgi forresten, anbefales!) og kommenterte hovedpersonens alder/robusthet, hvorpå forfatteren bemerket at han var dritlei av å beskrive/tegne slanke, sportyatletiske herrer i “sin beste alder” og ville heller ta for seg en fasong som mer samsvarte med realitetene.


    Arild    25. February 2013, 12:14    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)