Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

POP ELLER UPOP ( 6.05.13 )

Teikneserier Vs Kunst. Igjen. )

Av: Knut Robert Knutsen

Teikneseriemediet har i store delar av si historie slitt med dilemmaet: er teikneserier kunst (den 9ande kunstart som franskmennene uttrykkjer det) eller berre eit forgjengeleg medium for bruk-og-kast underhaldning på linje med tabloide vekeblad?

Det var eit tidspunkt på 1960-talet at det såg ut som om teikneseriane og andre kommersielle illustratørar endeleg kunne re-evaluerast som kunst med popkunst-bølga. Andy Warhol var ein av dei første til å trekkje inn teikneserier, men det var Roy Lichtenstein som til slutt vart den «fine kunstnaren» som vart identifisert med teikneserier.

Men istaden for at ein fekk ei rekontekstualisert forståing av dei kunstnariske kvalitetane til teikneseriane, så vart dei framstilt som banalt og klisjeprega råmateriale for «ekte» kunst.

Resultatet var ei motsetnad mellom dei to kunstformane «biletkunst» og «teikneserier» der Lichtenstein innanfor biletkunsten vart sett på som eit geni som «avslørte» teikneserianes banalitet og klisjeprega formspråk og framviste brilliante komposisjonelle og symbolske grep, medan han innanfor teikneserien vert sett på som ein handverksmessig svak plagiarist som viste liten forståing av teikneseriens formspråk og teknikkar. Kort sagt at det var Lichtensteins tilnærming som var banal, ikkje kjeldematerialet.

I perioden 21. februar til 27. mai har Tate Museum i London ei utstilling av enkelte sentrale verk av Lichtenstein, inkludert biletet «Whaam!» som vert rekna som ein av hans mest geniale komposisjonar.

http://www.tate.org.uk/whats-on/tate-modern/exhibition/lichtenstein

Kunstkritikar Harald Flor kommenterer utstillinga i Dagbladet :

http://www.dagbladet.no/2013/02/26/kultur/kunst/ideer/harald_flor/roy_lichtenstein/25955523/

Som den berømde serieteiknaren Dave Gibbons påpeiker i BBCs dokumentar om utstillinga, så er komposisjonen riktignok genial, men det er ein komposisjon av serieteiknaren Irv Novick, der flyet er bytta ut med ein illustrasjon av serieteiknaren Russ Heath. Alt Lichtenstein tilfører er å auke storleiken samstundes som han svekkar det grafiske uttrykket av handlinga i stripa ved dårleg nytting av mediets teknikkar.

Eit referat av innslaget kan ein finne i artikkelen til Paul Gravett, linka til lenger nede.

Dette BBC innslaget er ikkje tilgjengeleg utanfor UK, men herunder kan ein sjå ein liknande kritikk av Lichtenstein frå Dave Gibbons si side i eit innslag frå 1993.

http://www.youtube.com/watch?v=5P55iHpJ9Is

Utifrå dette kritiske innslaget vart det utløyst ein storm av aktivitet. Den britiske seriekritikaren Paul Gravett (som mellom anna kjem til å vere gjest ved Raptus sitt seriekritikarseminar i haust) skreiv ein artikkel om dette der han dokumenterte historikken av plagiat frå Lichtensteins side, den dårleg skjulte ringeakta for teikneseriar som kritikarane framviste og viste til at biletkunsten framleis godtar plagiat i stor skala så lenge kjeldene er teikneseriar eller kommersielle illustratørar.

http://paulgravett.com/index.php/articles/article/the_principality_of_lichtenstein

Kunstkritikaren David Barsalou har brukt mykje tid på å leite fram og dokumentere dei originale teikneseriane Lichtenstein tok bileta sine frå, mykje for å gå til rette med påstandar om Lichtensteins transformative arbeid i forhold til sitt råmateriale. Det synast som om mange av biletkunstens kritiske vurderingar av kva Lichtenstein faktisk gjorde er basert på manglande kjennskap til kjeldematerialet kombinert med ei forståing av mediets formspråk og teknikkar som må vere like mangelfull som Lichtensteins eigen:

http://www.flickr.com/photos/deconstructing-roy-lichtenstein/

Dette førte igjen til at den kjende britiske serieteiknaren, designeren og forfattaren Rian Hughes starta ei Facebook-side, Image Duplicator, og sendte ut ein open invitasjon til serieteiknarar og illustratørar om å delta i ei «mot-utstilling» der ein laga eigne versjonar av dei orginale teikneserie-rutene som Lichtenstein hadde plagiert, men denne gongen slik at den opphavelege teiknaren vart skikkeleg attribuert og ein faktisk «appropierte» kunsten på ein transformativ måte.

http://www.facebook.com/#!/groups/imageduplicator/

Utstillinga Image Duplicator vil finne stad ved Orbital Gallery, Leicester Square, London i perioden 16 mai til 31. mai (ei veke før og etter avsluttinga på Lichtenstein-utstillinga ved Tate Modern. Nedenunder har teikneserie-nettstaden Bleeding Cool gjengitt Image Duplicators pressepakke for hendinga:

http://www.bleedingcool.com/2013/05/03/image-duplicator-at-orbital-the-best-comic-art-exhibition-youll-see-this-year/

Orbitalcomics er medarrangør av ustillinga:
http://www.orbitalcomics.com

Og plakatar av kunstverka kan bestillast her (inntektene går til Hero Initiative, ein organisasjon dedikert til å hjelpe serieskaparar med økonomiske, juridiske eller helsemessige problem)

http://www.print-process.com

For å kome attende til det problematiske ved Lichtenstein, så er der fleire punkt som må separerast ut.

Teikneserier vart, som magasin og slikt elles, trykt i fire fargar (blå, gul, raud og svart) der kvar farge fekk sin nyanse utifrå at ein nytta små punkt med varierande storleik og avstand. Dyre magasiner med godt papir hadde veldig finmaska prikker. Teikneserier, derimot, som hadde billege trykketeknikkar og vart trykt på billeg «pulp-papir» der fargane hadde ein tendens til å blø, hadde veldig grovmaska prikkar.

Poenget for teikneseriar var sjølvsagt, trass i dette, å skape ein illusjon av noko verkeleg. Akkurat som ville gjelde for alle andre som nytta meir finmaska teknikkar.

Viss ein ville «avsløre» illusjons-skapinga til 1960-talets trykk-teknikkar så er det lett å sjå at den meir finmaska trykkinga i glossy magasin ville vere vanskeleg å gjere noko med. Det same ville gjelde, i den andre retninga, for dei enno meir grovmaska svart-kvitt bileta i enkelte aviser, der illusjonen var for openbar til å avslørast.

Sjølv om ein mistar komponentar som det gulnande papiret som bakgrunnsfarge og effekten av dot-gain (den måten fargane blør utover og inn i kvarandre på det grove papiret) så er Lichtensteins framgangsmåte ein grei måte å vise firefarge-pressas illusjon i praksis.

Dette kan i seg sjølv seiast å vere ei interessant og kunstnarisk innsikt. Men ei innsikt som like lett kunne formidlast ved bruk av eigne komposisjonar. Istadenfor valde Lichtenstein å kopiere sine direkte frå teikneseriane ved hjelp av kalkerpapir og prosjektør.

Trass i dette vart Lichtenstein kritisk framstilt som om hans komposisjonar og illustrasjonar var originale og at Lichtenstein på originalt vis nytta formspråket og teknikkane for å skape noko nytt. Det mest parodiske er når Lichtenstein vert oppmuntra til å gi si «kunstnariske» grunngjeving for fargeval som er dei same som i den originale serieteikningen. Til og med når konfrontert med dei direkte avteikningane kan kritikarar peike på dei mest overflatiske avvik som «det transformative».

Ein av dei tinga som har gjort det mogeleg å finne att kjeldene til Lichtensteins plagiat er at han har kopiert gjenkjennbare stilistiske trekk hos den originale serieskaparen. Men samstundes så visar han ei grunnleggjande svakheit i forståing av den ikonografiske tydinga av bestemte komposisjonar, han nyttar ein «linjekvalitet» som svekkar uttrykket og forflatar teikninga, og hans «teksting» (det vil seie nyttiggjering av typografiske element) er så svak og ubehjelpeleg at den berre kan karakteriserast som uprofesjonell.

Problemet som oppstår der er at viss ein ser på Lichtenstein sine arbeid så er det første som slår ein at bileta er banale og klisjèprega. Men den kritiske vurderinga som har hengt ved Lichtensteins popkunst er at han «avslører» teikneseriemediet som banalt og klisjèprega, at det er originalane som er banale medan Lichtenstein på genialt vis avslørar dette.

Innanfor teikneseriemediets kritiske tradisjon, derimot, er vurderinga den motsette. Karakteriseringa av arbeida til serieskaparar som Jack Kirby, Joe Kubert, Nick Cardy, Irv Novick, John Romita Sr, Tony Abruzzo, Russ Heath, Jerry Grandenetti, et cetera som banalt synast å avdekke ein total mangel på teikneseriefagleg kompetanse hos biletkunst-kritikarane.

I den ovennemnde artikkelen i Dagbladet om Lichtenstein vert Lichtensteins arbeid i forhold til «vanleg» biletkunst omtalt slik: «Derimot er det vanskelig å se at Lichtenstein tilfører noen visuell merverdi i sitt triptykon av pertentlige punktversjoner over Monets «Katedralen i Rouen».

Vil det seie «banalt»? Andre kritikarar synast å ha vore inne på liknande tankar når Lichtenstein tek sine teknikkar vekk ifrå teikneserier og inn på område som er meir kjende og oversiktlege for biletkunst-kritikarar.

Allereie når Lichtenstein kom med sine første «teikneseriebilete» på 1960-talet, vart han oppfatta som ein plagiarist, og han vart kalla på teppet av the National Cartoonists Society (som hovudsakeleg besto av serieteiknarar og karikaturteiknarar frå aviser og magasin, men som òg var den einaste formelle interesseorganisasjonen for teikneseriar og målbærarane av den kritiske tradisjonen i mediet). Dette vart gjengitt anekdotisk fleire tiår seinare av serieskaparen Mort Walker i teikneserieform i utgivinga «Arf Forum». Der vert det framstilt som at Lichtenstein unnskuldar seg med at han er fattig og trenger pengane.

Av dei som vart plagiert av Lichtenstein så er den gjengse haldninga ifølge diverse intervju at dei absolutt ikkje sette pris på at han gjorde seg rik på deira arbeid samstundes som popkunsten vart brukt for å vidareføre tanken om at teikneseriar berre var noko bruk-og-kast som berre vart kunst ved at «ekte kunstnarar» nedlot seg til å etterlikne dei. Så kan ein spørje seg kvifor dette ikkje fekk noko rettsleg etterspel viss det faktisk var plagiat.

Enkelt forklart så var det slik at teiknarane sjølve ikkje eigde opphavsretten på teikningane og difor ikkje hadde noko dei skulle ha sagt. Det var berre utgivarane som kunne gjere noko sånt.I si bok om den amerikanske teikneserieindustrien, «Men of Tomorrow», gjorde forfattaren Gerald Jones eit djupdykk i historia ved å intervjue bokhaldarar og andre kontor- og produksjonstilsette istadenfor berre dei meir synlege kreative aktørane og han peiker der på at sosiale posisjonar hadde mykje å seie. Teikneseriane hadde sine røtter i den ikkje heilt stuereine pulp-litteraturen, med avstikkarar til halv- og heilpornografiske utgivingar, ein del lugubre tilknyttingar til mafiaen, spesielt under forbodstida og det var berre nokre få år sidan senatshøyringane der teikneseriane nesten åleine fekk skulda for ungdomskriminalitet. I tillegg så var dei fleste utgivarane jødiske og ikkje heilt i det gode selskap berre av den grunn.

Når så popkunsten i ein periode gav teikneserier eit anstrok av å vere «hippe», «kule» og sosialt akseptable, så var det ikkje så lett for utgivarane å ofre denne tilsynelatande aksepten for mediet til fordel for eit rettigheits-prinsipp. Sjø
lv om det etterkvart viste seg at den tilsynelatande aksepten var meir ironisk enn ektefølt.

Ein ser framleis at sokalla «ekte» kunstnarar utilslørt plagierer serieteiknaren. «Kunstnaren» Erro er mellom anna kjend for å stele vilt av Brian Bolland sine berømte forside-illustrasjonar. Og det brer om seg.

Ein av teiknarane plagiert av Lichtenstein, Irv Novick, tenestegjorde saman med Lichtenstein i militæret, men som eit av hans befal, og hadde ein del tankar kring Lichtenstein som person. I boka «Comics between the Panels» av Duin og Richardson vert denne anekdota gjengitt (sitatet er henta frå artikkelen «Lichtenstein’s tears» av Bart Beaty der den vert brukt som ein del av ein vidare diskusjon av korleis Lichtenstein vart oppfatta av serieteiknarane) :

He had one curious encounter at camp. He dropped by the chief of staff’s
quarters one night and found a young soldier sitting on a bunk, crying like
a baby. “He said he was an artist,” Novick remembered, “and he had to do
menial work, like cleaning up the officers’ quarters.
“It turned out to be Roy Lichtenstein. The work he showed me was rather
poor and academic.” Feeling sorry for the kid, Novick got on the horn and
got him a better job. “Later on, one of the first things he started copying
was my work. He didn’t come into his own, doing things that were worthwhile,
until he started doing things that were less academic than that. He
was just making large copies of the cartoons I had drawn and painting
them.”

—Irv Novick reminisces (Duin and Richardson 332)

Det er veldig lett for kritikarar med bakgrunn i biletkunst å avfeie kritikken av Lichtenstein frå serieskaparar som uninformert eller misforstått, kanskje alt for enkelt. Spesielt når argumenta for Lichtenstein synast skiftande, og motivert av å forsvare tidligare tiders kritiske feilgrep heller enn å faktisk revurdere Lichtenstein utifrå den informasjonen som dei opphavelege kritikarane ikkje synast å ha brydd seg med.

Ein så enkel ting som å vise Lichtensteins arbeid og originalane side ved side er nok til å stikke hol på dei fleste argument om originalitet i forhold til denne sentrale perioden. Ein del formelle «skilnader» syner berre sviktande teknisk innsikt eller evner frå Lichtenstein si side. Enkelte skilnader i komposisjon er så enkle som at prosjektøren vart stilt i vinkel for at teikninga skulle få plass. Og formspråket og teknikkane til teikneseriemediet er ikkje ivaretatt eller forstått.

Dette og mykje anna er det no Image Duplicator prosjektet prøver å setje søkelys på. Ta ein kikk, på nett eller i eigen person viss de er i London i dette tidsrommet.

Arf Museum
Edited by Craig Yoe
19.95 US Dollars
120 pages
ISBN-10: 1560977329
ISBN-13: 978-1560977322
Fantagraphics

Men of Tomorrow
Written byGerald Jones
14.99 US Dollars
416 pages
ISBN-10: 0465036570
ISBN-13: 978-0465036578
Basic Books (October 11, 2005)

Comics Versus Art: Comics in the Art World
By Bart Beaty
29. 95 US Dollars
Paperback: 288 pages
ISBN-10: 1442612045
ISBN-13: 978-1442612044
University of Toronto Press, Scholarly Publishing Division

(Pdf of Lichtenstein’s tears article):
http://muse.jhu.edu/journals/canadian_review_of_american_studies/toc/crv34.3.html

Comics Between the Panels
Steve Duin og Mike Richardson
34.95 US Dollar
Hardcover: 500 pages
ISBN-10: 1569713448
ISBN-13: 978-1569713440
Dark Horse

divider
  1. Nei du, denne er for lang til å leses som den er, kommer tegneserien snart?? ;)

    Uansett, spørmålet (eller synsing) omkring tegnesreire vs. kunst er et “ikke tema”! Hvorfor blande?? Tegnmeserier er kos, og står på egne ben i alle sammenhenger!!


    IpComics    6. May 2013, 12:45    #
  2. Det er mogeleg at eg har gjort den kardinal-tabben å “bury the lead”, men poenget er altså den Lichtenstein-kritiske utstillinga “Image Duplicator” i London 16-31. mai.


    Knut Robert Knutsen    6. May 2013, 13:40    #
  3. Ei oppdatering på sida til Paul Gravett om sjølve utstillinga:

    http://www.paulgravett.com/index.php/site/pg_blog


    Knut Robert Knutsen    15. May 2013, 11:07    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)