OCX-GJEST PAUL POPE ( 7.05.13 )
Ein umisseleg gjest på OCX. )

Ein av dei seinast annonserte gjestane på årets OCX er Paul Pope. Han er òg for min del den mest interessante.
Pope har alltid vore ein serieskapar som har unngått å bli sett i bås. Og han har alltid verka ganske medveten og reflekterande i forhold til dette.
Hans teikneseriar har ei veldig spesiell stemme, ein idiosynkratisk stil og ein opprørsk poesi som landar han langt inne blant alternative seriar. Samstundes har han aldri vore redd for å nytte sin særeigne stil for å revitalisere gamle mainstream-konsept (hovedsakeleg då hos DC/Vertigo).
Pope integrerer på fascinerande vis element av japansk historieforteljing og side-oppbygging med element av Europeisk tematikk og ein tusjstil som har trekk av Sickles/Caniff stilen, filtrert gjennom europeiske og latinamerikanske teiknarar som Hugo Pratt. Ein røff, mørk, impresjonistisk stil. Det vert for lettvint å seie at han er manga-inspirert (sjølv om der er klare likskapar med diverse alt-manga og røffare stilar) sidan det lett kan få ein til å tenke på dei glattare anime-venlege stilane med fnisande småjenter og pastelltonar. Sjølv om han spelar eit par riff på dei strengane innhaldsmessig er stilen hans langt frå så prefabrikkert.
Hans Eisner-vinnande Batman 100 gav oss ein nytolking av Batman for 2039 som på same tid var klassiskt røff i kantane og futuristisk. Når han gjorde Adam Strange for Mark Chiarellos Wednesday Comics konsept, teikneseriar i klassisk sundagsside-storleik (A3), demonstrerte han både ei grundig forståing av sundagssidenes opphavlege kunstnariske ambisjonar og ein skarp teft for episodisk plotting. I tillegg til at han leverte den beste versjonen Adam Strange på fleire tiår.
At hans Strange Adventures One-shot klarte å vinne ein Reuben Category Award for beste teikneserie frå “The National Cartoonist’s Society” demonstrerer hans status som ein “Artist’s Artist”.
I samband med denne presentasjonen valde eg å gå til boka “One Trick Rip-off + Deep Cuts”, ei 300 siders samlebok med seriar frå hans første tiår som serieskapar.
Dette er ei representativ samling av dei seriane han laga og eiger sjølv frå perioden 1993 til 2001. Den innheld ting som hans vidgjetne heist-serie One Trick Rip-off, ein korthistorie med HR Watson frå THB – ein av hans tidlegaste sci-fi seriar, nokre noveller frå Negative Burn-antologien og historia “Super Trouble” som var ein audition-piece for den japanske utgivaren Kodansha (som han jobba med i ein periode).
Denne boka gir oss ein utforskande, til tider poetisk, Paul Pope i modning. Den startar solid med rip-off, sjølv om fargane i denne versjonen er litt for glatte, modellerte og graderte etter min smak. Eg føretrekker Pope i svart-kvitt. Det er litt vekslande kvalitet på dei korte historiene, men historier som The Visible Man, Super Trouble og The Scarf er strålande eksempel på Popes evne til å levere topp arbeid i dei fleste genrar og format.
Paul Pope har levert ganske mykje arbeid dei siste 20 åra, i ganske mange genrar og format. Mykje av det høyrer heim på øverste hylle, saman med ein del av hans førebilete som Hugo Pratt, Alex Toth, Moebius, Kirby, Hèrge og Bruno Premiani.
Det er alltid verdt det å plukke opp noko av hans arbeid, han har noko for dei flestes smak, og Pope åleine burde vere verdt eit besøk på OCX i juni.
One Trick Rip Off + Deep Cuts
Av Paul Pope
ISBN : 978-1-60706-718-4
290 Sider
29.99 US Dollar
Image Comics
(Innkjøpt via www. Bookdepository.co.uk)

POP ELLER UPOP <- Eldre | Nyere -> SOMMERS TRISTESSE





Her er eit Youtube intervju med Paul Pope i hans studio som eg fann på TCJ.
http://www.tcj.com/category/blog/
— Knut Robert Knutsen 22. May 2013, 20:51 #