Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

APAR OG ULVAR (14.05.13 )

Oppfølgaren til Apefjes er komen.

Av: Knut Robert Knutsen

Ulvehjerte (Apefjes 2) av Tor Erling Naas og Sigbjørn Lilleeng held fram der første boka stogga. Martin (Miro) vert redda ut av den knipa han hamna i på slutten av første bok og finner ut at han skal ligge lågt og ikkje lenger gå ut som taggaren Apefjes. Så vert det plass til drama med ein «veldig pen» jente, Oda, han forelskar seg i, men der han raskt hamnar i «vennesona». Uflaks. Så dukkar Apefjes opp att, men det kan umogeleg vere Martin. Eller? Der vert oppdaga nokre kjempestore ulvespor midt i byen og ein skummelt utsjåande russar er på jakt etter Apefjes.

Eg skal ikkje nekte for at der er mykje spanande og interessant i boka, og Sigbjørn Lilleeng sine teikneseriesekvensar er absolutt spenstige, nydelege og engasjerande. På det jamne så oppvegar det positive ved denne boka dei negative sidene, og det er jo flott å sjå teikneserieromanar for ungdom. Eller berre teikneseriar for ungdom i det heile.

Når det er sagt, så må der peikast på ein del problem med boka.

Når første boka slutta med «fortsettes» så kom det som ei overrasking. Eg veit ikkje sikkert om det var opplyst, men det kom som ei overrasking på meg og mange andre at ei boka av denne storleiken ikkje vart avslutta. Når eg så kom til slutten av denne andre boka og såg ordet «fortsettes» så vart eg berre irritert.

Det er mogeleg at Naas og forlaget har opplyst om at Apefjes er «x antall» bøker som fortsettast, men det må eg innrømme at eg ikkje har fått med meg.

Greitt, så er det ikkje ein romanserie, der kvart bind er avslutta, men ein serieroman med fortsetjande plot. Men til og med der så er det ein balanse, der ein oftast får eit solid roman-plot som avrundast, medan ein får ein lita mengde sub-plot og diverse som høyrer til den større historien. Ein serie som Harry Potter klarar dette utmerka. Plottinga i Apefjes, derimot, er på nivå med Twilight. (No har eg berre lese bok 1 av Twilight, men det rekker lenge. ) Her er det som om «hovudplottet» i sjølve boka berre er for ein action-sekvens å rekne medan dei serialiserte elementa dominerar for mykje og kvar bok kjennast «uforløyst».

Boka vert lansert som ein «hybrid» mellom roman og teikneserie, som ikkje er noko nytt, dei fleste av oss kallar det berre ein teikneserie med tekstkapittel. Og tekstkapittela er klart definert som Martins indre tankar og minner. Som sikkert verka som ein grei formell inndeling i byrjinga.

Problemet er at dei delane av historia som vert fortald i tekst ofte er av dei mest visuelle. Prosaen her er av varianten «purpur», overlessa av adjektiver, fargerike bilete og sterker kjensler, som er heilt greit for ein ungdomsroman i pulp-sjangeren. Sjølv om det vert slitsamt etter kvart. Berre tanken på kva visuell poesi Sigbjørn Lilleeng kunne fått ut av dei sekvensane, samstundes som hans strek ville ha gitt desse situasjonane ein viss realisme og emosjonelt truverde, får meg til å gremmast.

Der er enkelte punkter der Naas fell for freistinga å legge subtekst inn i tekst og få ein karakter til å fortelje ein annan noko som det ikkje ville vere naturleg å dele i ein slik situasjon. Det er informasjonsdeling som er driven av plott, ikkje karakter, det dramaturgiske her skurrar og igjen tenker eg at der finnast betre måtar å gjere dette på.

Samstundes som desse tekstdelane formidlar informasjon som helst burde ha vore i teikneserieform, så gjer skiftet til tekst at det fokuset og energien ein har når ein les teikneseriedelane forsvinner. Det tvingar lesinga til å verte oppstykka og øydeleggjer inntrykket av heilskapen.

Apefjes er ein serie med mykje potensiale og mange positive trekk, men den hadde tent på at ein droppa den overdrivent formelle «hybridiseringa» og heller integrerte tekststykker i teikneserien viss og når det var behov for det. Det kunne gitt ein meir fleksibilitet i forhold til kva tekststykka skulle innehalde òg. I tillegg burde der ha vore eit strammare redaksjonell grep her om det dramaturgiske, for å sikre at kvar «roman» hadde ein viss dramatisk kurve og forløysing i seg sjølv, samstundes som at enkelte svake og reint eksposisjonelle scener kunne ha vore fiksa på.

Apefjes 2: Ulvehjerte er absolutt verdt å lese, men den er ikkje av den typen bøker ein leser to gonger om ein ikkje var tenåring når ein las den første gong. Men så er det jo ei ungdomsbok.

For Serienetts anmelding av første bind, klikk linka nedanfor.

http://www.serienett.no/article/1277/det-urbane-apemennesket

Apefjes 2: Ulvehjerte
Manus: Tor Erling Naas, teikningar Sigbjørn Lilleeng
ISBN : 978-82-02-37819-6
236 sider
279 kroner
Cappelen Damm

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)