OCX-GJEST GABRIELLE BELL (18.05.13 )
Sjølv-biografisk og melankolsk.

Gabrielle Bell er ein britisk-amerikansk serieteiknar av den alternative sorten, kjend for sine delvis sjølv-biografiske historier og ein del surrealistisk og melankolsk materiale.
Mellom anna handla visstnok ein av hennar teikneseriar, seinare filmatisert, om ei kvinne som gjorde seg om til ein stil for ikkje å vere til bry.
Eg har sett på eit par av hennar teikneseriar, den sjølv-biografiske samlinga «Lucky» (tilgjengeleg for meg på kort varsel berre i spansk utgåve som «Afortunado») og 5-sideren «Cody» frå Kramers Ergot 8.
«Lucky» er, slik ho sjølv skildrar det i forordet, ein utforskande serie. Den veks frå små illustrerte kvardags-anekdotar til gradvis meir fokuserte og medvetne korthistorier. Boka er ei samling av 3 hefte, der det siste vant Ignatz-prisen, ein gjev pris for alternative og Small-press seriar.
Historiene er fortrulege, utleverande og til dels sjarmerande og gjenkjennelege anekdotar om lågløna jobbar, hennar kunststudiar og arbeid med teikneseriar, situasjonar med venar etc. Teikningane er lett basert på klassisk humor-stil, med ein laus moderne finish, noko i retning av stilane til Knut Nærum eller Håkon Aasnes i ein norsk kontekst. Stilen er mest Nærum, tonen og kjensla meir Aasnes.
Ganske pene og tilgjengelege seriar synast eg.
5-sideren «Cody» fortel om jenta Kate. Ho bur på landet og foreldra hennar har ein ufyseleg ven ved namn Cody, som pressar seg inn i liva deira med si like ufordragelege bikkje og gjer livet surt for Kate. Men ein dag går han for langt. Dette er ei kjapp men kompakt historie med ein skarp nerve, perfekt for denne antologien. Teikningane her er strammare i komposisjonen, meir detaljerte og nyanserte enn i Lucky som er naturleg som ein del av ei kunstnarisk utvikling, fargelegginga her er intens, kompleks og gir ei «landleg» stemning. Den viser til fulle kva ein god fargeleggar kan få ut av «flate» fargar ( i motsetnad til dei «modellerte» fargane som er så populære no for tida).
Bibliografien til Gabrielle Bell er mykje lenger og tilsynelatande meir variert enn det utvalet eg har lese, men eg vil seie at utifrå det eg har sett så er Bell ein spanande og frisk serieskapar, og eg rår folk til å gjere seg kjend med teikneseriane hennar. Eg vil ikkje tru at dei skuffar.
(Eg har ikkje hatt høve til å anmelde heile Kramers Ergot 8 (der «Cody» står på trykk) enno, det er ein veldig god, tankevekkjande og utfordrande antologi, men der er mange trekk ved forskjellige seriar som vil appellere til nokon og fråstøyte andre, så eg vil ikkje gi den ei anbefaling utan å anmelde den i detalj. Leit gjerne opp andre omtalar av den i mellomtida).
Afortunado (Lucky)
Av Gabrielle Bell
ISBN : 978-84-7833-832-0
116 sider
18 Euro
Ediciones La Cupula
Lucky
Av Gabrielle Bell
ISBN : 978-1897299012
116 sider
19.95 US Dollar
Drawn and Quarterly
Kramers Ergot 8
Redaktør: Sammy Harkham
ISBN : 978-0-9845892-7-2
236 sider
32.95 US Dollar
PictureBox

VERDENS STERKESTE GUOVŽA <- Eldre | Nyere -> PINLEGE MINNER




