Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

PINLEGE MINNER (20.05.13 )

Prokon av Peter Haars.

Av: Knut Robert Knutsen

Når eg først gjekk frå å lese teikneseriar til å lese OM teikneseriar ein gong på 1980-talet, så var der ikkje mykje å snakke om av norske seriar, forutan Smørbukk,. Vangsgutane og Ingeniør Knut Berg, som av ymse grunnar var lite verdsett.

Men ei bok vart omtala i veldig positive ordelag, ”teikneserieromanen” Prokon av Peter Haars, visstnok ein glødande kritikk av forbrukarsamfunnet. Men det var ikkje ei bok som eg nokosinne fekk tak i.

No har Magikon Forlag gitt den ut i ny, ganske flott utgåve. 100 sider. (vel, ca 50 sider, der er berre trykk på annankvar side). Så er spørsmålet, slik det alltid er med eldre seriar, korleis er den sett med moderne auge?

Ikkje vert å kjøpe. Ikkje verdt å lese. Ikkje verdt å bry seg med, viss ein ikkje har ei reint akademisk interesse av å ha lese den.

Konsumkritikken i boka er propaganda, som er greitt nok, det finnast bra propaganda. Men det er barnsleg enkel kritikk som ikkje synast å skilje mellom arbeidsplassar og arbeidsfolk og ”kapitalistar” som sine mål. Professor ”Dracenstein” (sukk) finn opp middel som kan få varer til å vare evig, og ei mangfaldeggjerings-stråle som ”trugar” fabrikkeigarane.

Behandlinga av temaet her er så naivt og hjelpelaus at den får Majka – Jenta frå Verdsrommet (ein slovakisk Barne TV-serie på 1980-talet som rørte ved liknande sci-fi element) til å sjå ut som Hamlet i forhold.

(Det ville kanskje vere relevant her å påpeike at fabrikkeigarane nok ikkje ville ha noko imot slike stråler, det vil vere arbeidarane som ville verte skadelidande, idet dei ikkje lenger ville vere naudsynte. Men, som den ”vonde” kapitalisten påpeikar: viss ikkje bedriftene har mange tilsette med god løn så vert heile systemet undergrava og dei får ikkje seld varene sine fordi ingen har råd til dei.)

Paradoksalt nok så får denne ”venstreorienterte” kritikken kapitalistane til å sjå ganske bra ut.

Teikningane? No er ikkje eg så begeistra for alt av pop-kunsten, men den stilistiske vinklinga er apropos til temaet. Det som verkeleg irriterer er den inkompetente utføringa.

Det vert framheva at Peter Haars var ein dyktig og respektert grafikar, og det kan nok vere, men teikneseriar hadde han ikkje peiling på.

Når han trekker fram sin ”Superhelt”, ”Ultrahelten”, så er det openbert at han for denne figuren i hovudsak har plagiert teiknaren John Buscema. Der er bilete her som er lett gjenkjennelege frå sentrale hefte av hans arbeid på ”Silver Surfer” og ”Avengers” (då spesielt figuren ”the Vision”).

Måten sidene er komponert på er lite formålstenleg, uestetisk og til tider uleseleg. Og jo mindre ein seier om den feite, daude, avrunda streken og dei repeterande bileta jo betre.

Sjølv om ein ignorerer alle innovasjonane i heilsiders layout i avis-teikneseriar frå McKay, Herriman og Crane til Eisner i første halvdel av århundret, så hadde Steranko og diverse andre frå midten av 1960-talet halde på med kreative og innovative layouts som låg milevis framfor det Haars heldt på med eller prøvde på her.

Så, er Prokon berre ”bra til å vere norsk”? Nei. Ikkje ein gong i 1971 gjorde den seg fortent til såpass skryt. Sjølv dei mest prosaiske norske julehefta på den tida var betre på manus, teikningar, historieforteljing og design enn dette samansuriet. Dei var kanskje trauste og til dels konservative. Men dei var leselege og dei fornærma ikkje lesarens intelligens, uansett kor enkle dei kunne vere.

Sanninga må vere at ein sette terskelen så lågt for å verte begeistra over nokolunde attraktiv og ”sympatisk” propaganda at ein aksepterte kva som helst så lenge ein likte vinklinga. Tanken på at dette ein gong vart oppfatta som eit positivt eksempel på ein norsk teikneserieroman er berre pinleg.

Som reint designprosjekt kan ein kanskje setje pris på det. Men Prokon er like lite ein god teikneserie som ein film-poster er ein god film.

På ein måte er det positivt at norske serieskaparar no til dags har nådd så langt at der er dusinvis av amatørar på diverse nettsider som Nettserier og Deviantart som leverer betre materiale enn dette jamleg utan å verte rekna som ”klare” til å verte utgjevne fast i aviser eller blad.

På den andre sida så ser ein kor tregt det har gått for norske seriar å innhente det nivået som ein la seg på i andre land og mangelen på gode norske førebilete når det gjelder å verkeleg utfordre dei kunstige grensene for kva ein kunne gjere i teikneseriar.

Heldigvis endra ting seg på 1980-talet.

Prokon
Av Peter Haars
ISBN : 978-82-92863-50-3
104 sider
200 Kroner
Magikon Forlag

divider
  1. Vill bare si ifra om noen ønsker orginalen fra 1971 så har jeg den tilsalgs


    Frode    20. May 2013, 21:43    #
  2. Husker godt mine reaksjoner fra 1971 da dette “mesterverket” kom ut. Jeg var 19 år og strengt tatt mer opptatt av andre ting enn tegneserier – men etter en tur til USA i 1969 og i ’71 hadde jeg fått sanket inn en stor dose underground comix, som var overalt i de kule “headshoppene” der borte da.

    Mine favoritter, ved siden av Crumb (selvfølgelig) var Wilson, Moscosco og Spain, og disse viste en ny, fantastisk verden for oss som til da bare hadde sett superserier og Donald. Seriene snudde opp-ned på alle forestillinger om hva som var mulig i tegneserier, og eneste parallellen jeg kommer på i farten var gamle MAD, der spesielt de aller første samlingene hadde mye surrealistisk materiale (jeg snakker om de små pocketbøkene som bokhandlere solgte fra midten av 60-talet her hjemme, storbøker og slikt var lysår unna fremdeles).

    Så med Comix og MAD i bagasjen var det sjølsagt interessant å finne ut hva denne Haars hadde laget, han var jo designer og kunstner og alt mulig, og hadde fått mye oppmerksomhet for Prokon og (litt senere) Happybiff. Utgitt på PAX og skrytt opp av kunstkjennere og Henie-Onstad-miljøet. Nå skulle tegneserier bli tatt på alvor! Slik som Lichtenstein hadde gjort :( O Boy! Norge hadde fått sin helt egen Roy L.!

    Jeg hadde ikke råd til å kjøpe boka, men smugleste den på Ullestads Bokhandel på Voss. Og ble ikke imponert, trass i alt skrytet. Tomt, stivt, kjedelig, livløst og dødt. “Storyen” var skjult bak en slags ironi, der popart skulle illustrere distansen fra serier til kunst. En slags stilstudie i kul tomhet. Vel vel.

    Da plukket jeg heller fram et ZAP-hefte eller “The MAD Reader”, der var både underholdning, gode historier, ekte ironi og dødstøffe tegninger. Gode serier.

    Det norske “Avant Garde”-miljøet bar fram Haars som sin fanebærer, men det sto seg ikke da, og står seg ikke nå heller. Min utgave av Prokon kjøpte jeg av en brukthandler noe etterpå, men den har fått stå i fred lenge nå.


    Arild W.    21. May 2013, 11:02    #
  3. Ellers er vel selve plottet noe som er så fjernt fra realitetene som mulig:

    “Evigvarende varer” er nettopp det “kapitalistene” IKKE vil ha, de setter tvert imot inn ressurser på å lage produkter som MÅ byttes ut etter relativt kort tid for å holde salget oppe…


    Frank Flæsland    1. June 2013, 20:47    #
  4. Denne utgivelsen ble anmeldt av Thorstein Hoff på en helside i VG for lørdag 19. april 1971.

    Her er et lite utdrag fra anmeldelsen:

    “Prokon! En salgsartikkel med real smell i. Produsert av grafikeren og bokkunstneren Peter Haars med sikte på stort konsum blant ungt lesende publikum.
    Prokon! Ikke bare Norges, men Skandidnavias første tegneserieroman er nå på salgsmarkedet.
    Prokon er en herlig parodisk serie på 50 tegninger med samfunnskritisk snert, utført i elegant, glatt og hard popart-stil. Med sikker sans for visuelle effekter har Peter Haars med tegneseriens enkle og stiliserte uttrykk fanget inn vår tids aktuelle og stadig omseggripende produksjons- og trykkeideologi. Han forteller om statusjag og tinglykke, skreller av lakkfernissen og dreper produksjonsideologien med et smil.

    Peter Haars har med sin tegneserieroman gjort en grafisk bragd. Ved siden av sitt ordinære arbeid som bok-designer for vært største forlag, har han brukt all sin fritid det siste året til å jobbe fram historien om Prokon og Drachenstein.”


    Jostein Hansen    2. June 2013, 11:06    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)