Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

OCX-GJEST MICHAEL DEFORGE (21.05.13 )

Naiv og genial?

Av: Knut Robert Knutsen

Michael Deforge er ein ung serieskapar og illustratør frå Ottawa Ontario. Han har ein stil som kan vere litt polariserande, med komplekse, snirklete former og anten ein skarp svart/kvitt inndeling eller veldig sterke, reine og flate fargar. Streken er av typen ”naiv”, men innhaldet er det ikkje.

Innhaldet kan vere frå det heilt prosaiske til det kroppsleg framadgjerande og i forhold til norske serier så vil til dømes Øysterin Runde og Kristopher Schaus ”Margarin” vere det næraste. Eventuelt enkelte av Bendik Kaltenborn sine serier.

Skjønt eg vil påstå at Deforge fortel historier med meir djupn, er mykje meir stilsikker og direkte.

Michael Deforge har ein ”alternativ” eller ”indie” stil som på utprega vis utfordrar ”mainstream” estetikk og smak, og ikkje av den typen seriar eg vanlegvis føretrekker, men ved gjennomlesing så er det vanskeleg å nekte for hans faglege dyktigheit, sjølvstendige blikk og geniale energi.

Av årets OCX-gjestar er Michael Deforge kanskje den mest uvanlege, hans seriar kan vere splittande i forhold til smak og er ikkje for alle og ei heller dei fleste, men eg oppfordrar alle til å sjekka dei seriane hans som er lagt ut på nettet før OCX-festivalen.

Geniale ikkje-mainstream serieskaparar av denne typen ser ein ikkje ofte her i Noreg, så få han med dykk medan han er her.

Deforge sine serier er mellom anna utgitt i:
Very Casual (ei samling av hans korthistorier)
Lose 1-5
Strange Tales II nr 3 (Marvels ”indie-antologi” med indie-serieskaparars eigne versjon arv Marvel Superheltar).

Sjå linkar under for nokre av seriane lagt ut på nett :

http://whatthingsdo.com/authors/michael-deforge/

http://michaeldeforge.wordpress.com/

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)