Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

IMPORTVARE 08: WILL EISNER'S THE SPIRIT ARTIST'S EDITION (22.05.13 )

Will Eisner, ufortynna.

Av: Knut Robert Knutsen

Under grupperinga «importvare» ser eg på diverse titlar som ikkje enno er gitt ut på norsk, det einaste kriteriet er at det er ting som eg ville lese sjølv.

Eg har tidlegare nemnd her på Serienett IDW sine «Artist’s Edition», flotte reproduksjonar i original storleik av originalteikningane til store serieskaparar, med alle små blemmer og korrektur, frå gulna papir til strekar på avvege, korrekturlakk og strekar av blåblyant brukt til å peike på små blemmer. Stader der korreksjonar er limt på fordi noko var feilteikna etc.

Det er noko som berre er av interesse for ein del seriesamlarar og serieteiknarar som er oppslukt av prosessen med å teikne seriar og som beundrar sjølve teknikken bak. The Spirit boka er ei av dei verkeleg svære bøkene i denne serien, med sine ca 45×60 cm.

Det som er slåande er at der dei andre store bøkene («Wally Wood» og «Mad») viste serieskaparar som Wood og Will Elder som veldig presise serieteiknarar med ein strek som sjølv i så stort format er uklanderleg, så bærer Eisner’s arbeid mykje meir preg av å vere produsert hurtig og for reproduksjon. Utan at det gjer teikningane dårlegare, på mange måtar vert dei meir fascinerande.

Det trer fram kjappe strok med tørr pensel, detaljar som såg veldig enkle ut i redusert format er modellert med mange linjer, korrekturlakk og «paste-ups» (pålimte lappar med «fiksa» teikningar) opptrer hyppig. Det er kjekt å få eit slikt blikk på Eisners metode.

Historiene her er jamnt gode, sjølv om der er mange klassikarar som eg gjerne skulle ha sett istaden. Mellom anna manglar Sand Saref og dei første P’Gell historiane, som eg meiner er dei beste. Der er to P’Gell historiar her: «Competition» med stedottera Saree som er morosam og «Teacher’s Pet» som er ein veldig svak Spirit-historie.

Der er med ein del Meta-historier, «No Spirit Story Today», «Li’l Adam»(som parodierer Li’l Abner, Little Orphan Annie og Dick Tracy og deira skaparar) og «Happy New Year» som skildrar ein ung Jules Feiffer som prøvar å ta over The Spirit frå Eisner (med ein lang god sekvens som òg er teikna av Feiffer). Jules Feiffer, Eisner’s assistent, vart jo som kjend seinare ein prisvinnande forfattar og serieteiknar.

I seriar som «the Story of Gerhard Shnobble» eksperimenterte Eisner med den urbane magiske realismen som han vendte attende til når han starta med teikneserieromanar nokre tiår seinare. Og i seriar som to-delaren «The Chapparell Lode» og «Quirte» synte han ein del interessante rutelayout teknikkar og diverse som vart plukka opp att for fulle att først på 1960- og ’70-talet.

Der er gjort eit solid forsøk på å vise bredda i historieforteljing, innhald og teknikkar her, utifrå det som har vore tilgjengeleg. Heile 17 historier er med. Å sitte og lese på denne kolossen var ei intens oppleving og sjølv om eg sette meg ned for å beundre teikningane så fortapa eg meg heile tida i historiene.

Ein seier gjerne at å sette seg ned med kva som helst utgåve av Will Eisner’s The Spirit frå denne perioden (etter 1946) er som å ta ein master-class i serieteikning og historieforteljing. For denne utgåva gjelder det både dobbelt og trippelt opp.

Prisen er kanskje høg, med porto bestilt frå IDW eller andre stader kjem boka på over 200 dollar (ca 1200 kroner) men boka er verdt såpass for meg. Så denne anmeldinga er vel retta mot dei få likesinna der ute som gjerne strammar inn livreima litt for spesielle bøker.

Will Eisner’s The Spirit Artist’s Edition
Av Will Eisner (med Jules Feiffer og diverse)
ISBN : 978-1-61377-175-4
156 sider
150 Dollar
IDW Publishing /Under license from DC Entertainment

divider
  1. Flotte, store bøker, men de krever god plass i hylla. I previews for juni kommer Joe Kuberts Tor som Artist Edition. Og i april var MARK SCHULTZ XENOZOIC TALES ARTIST EDITION i previews.

    For de som setter pris på Dave Gibbons åttitalls-utgave av Green Lantern, så finnes det en vanlig Tp ute med GREEN LANTERN SECTOR 2814 vol 1, og vol 2 kommer om et par måneder. Dette er ordinære Green Lantern historier fra åttitallet, men det er serie Gibbons tegnet rett før han laget Watchmen. Og for mange som leste superserier på åttitallet er nok denne interessant.


    Øyvind B    23. May 2013, 13:30    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)