OCX-GJEST SCOTT MCCLOUD (24.05.13 )
Seminar med ein serievitar? Ja takk!

«Here’s to the Great Debate.»
Desse orda kjem frå Scott McClouds teikneserieavatar allereie på side 23 i den første av McClouds tre ambisiøse verk om teikneserieteori. I teikneserieform.
Teikneserievitaren Scott McCloud er på OCX i år og vil halde eit teikneserieseminar arrangert av Grafill torsdagen før festivalen. (6.juni). Det er så vidt Serienett får opplyst ope for alle.
Scott McCloud starta som serieteiknar med den rimeleg vel mottekne serien ZOT!. Han var involvert i den fruktbare perioden i amerikanske teikneseriar på slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet, då serieskaparar byrja å lage sine eigne seriar utanfor dei store forlaga. Dette var ein periode med mange nyskapande forfattarar og teiknarar, som Dave Sim, Howard Chaykin, Frank Miller, Alan Moore, Mike Grell, Art Spiegelman, Rick Veitch, Matt Wagner, Steve Bissette, Bill Sienkiewicz og Dave Mckean etc.
Debatten gjekk om «creator’s rights», og om kva ein kunne gjere med mediet (Og mykje nytt dukka opp i praksis i teikneseriane til dei ovannemnde). Men utanom Will Eisners bok om «Sequential Art» var det ikkje særleg mykje som hadde blitt sagt om korleis det fungerte, i alle fall ikkje av praktiserande serieteiknarar i ein allment tilgjengeleg form.
«Understanding Comics», først utgitt i 1993, var Scott McClouds forsøk på å gi definisjonar på kva teikneseriar er, på å forklare den historiske utviklinga, legge open teikneseriens taksonomi eller «grammatikk». Han forklarar forskjellige uttrykksformer, set dei i samanheng og peiker på det han oppfattar som likskapane og skilnadane mellom seriar frå forskjellige sjangrar og forskjellige nasjonar og kulturområde. Denne boka er i hovudsak eit verkty for analyse og forståing av korleis teikneseriar fungerer.

I boka «Reinventing Comics» nokon år seinare så går han inn på utfordringane og mogelegheitene i nye formar og format for teikneseriar (deriblant digitale teikneseriar). Utfordringar som serieskaparanes rettigheiter i forhold til forlag (sidan teikneserieforlaga i USA i hovudsak eigde alle rettigheiter), problemet med kjønnsubalanse (mest gutar las teikneseriar), mangel på genre-mangfald og diverse anna. Noko av dette er relevant for norske/europeiske forhold, men ikkje alt.
Dette er den av bøkene som eg ikkje fekk høve til å lese over att før eg skreiv denne presentasjonen, så eg ber om unnskyldning for at eg berre går over den med ein harelabb.
I «Making Comics» tek McCloud ei ny vinkling. Her går han over ein del av punkta frå «Understanding Comics» men byggar seg eit langt stykke vidare utifrå perspektivet om korleis ein lagar seriar. Det vil seie at istaden for å sjå på korleis teikneseriar har blitt gjort, så ser han på korleis ein kan nytte det omgrepsapparatet han har utvikla (samt mykje meir) til å lære seg å lage «betre» seriar. Plot-utvikling, ruteinndeling, stilistiske verkemiddel, bruk av ord og bruk av tekst (som er separate delar her) vert alle analysert og presentert for å vise korleis ein betre kan uttrykkje det ein måtte ynskje å uttrykkje. Sjølv om boka er innom kjende emne så går McCloud nye vegar og kjem med ny, viktig innsikt her.
Gjennom alt dette nyttar han eksempel frå andre, framragande seriar og eksempel som han produserer sjølv. Scott McCloud fortel og presenterer sine idear på ein klar og grundig måte og med slik heilhjarta entusiasme at det er vanskeleg å ikkje verte riven med og la seg forføre. Det er vanskeleg å lukke ei av bøkene hans og ikkje føle håp for teikneserianes framtid og ei kriblande lyst til å skape eigne teikneseriar.

Allereie kort tid etter at den først kom ut så vart «Understanding Comics» hylla som det sentrale verket for teikneserie-forståing. Og 20 år etter så er bokas posisjon som fasit for akademisk og kritisk teikneserie-forståing framleis like urokkeleg.
Noko som er eit stort problem.
Som McCloud sjølv kjem inn på i første boka så er ikkje «Understanding Comics» (eller dei påfølgande bøkene) meint å vere den fasiten som den har blitt. Den var berre meint å vere startskotet i ein teikneseriedebatt som i det kreative miljøet i amerikanske teikneseriar i 1993 syntes å vere fullt oppnåeleg.
McCloud føreslår eit analytisk apparat for forsking på seriar, mellom anna ved å studere bruken av dei 6 «rute-til-rute overgangane» slik han klassifiserer dei. Men dette er i liten grad følgd opp, i staden så lenar ein seg på McClouds innleiande, forsøksvise hypotesar som ikkje er empirisk stadfesta.
Gjennom lesing av diverse magasin og intervju om teikneseriehandverket så kjem det tidsnok fram at der er mange serieskaparar som finner desse verka særs hjelpsame, men òg ein del som er misnøgde med delar av dei konklusjonane som dukkar opp der. Men der er ikkje nokon samla kritisk gjennomgang av «Understanding Comics» som er like tilgjengeleg som boka sjølv.
Eit unnatak er James Sturm og Art Baxters korte teikneserieessay «Build a Beachhead» frå The Comics Journal #211 (april 1999) som, skjønt ein kan vere ueinig med deira poeng, er eit sjeldsynt eksempel på eit tilsvar i tilgjengeleg teikneserieform:
http://www.benzilla.com/?p=3397
McCloud sjølv inviterer til debatt, men der har ikkje vore mykje av den. Der har vore ei stor auke i tilgjengeleg seriekritikk i prosaform, mellom anna frå University of Mississippi Press, og The Comics Journal held fram som alltid. Men seriekritikk og analyse i teikneserieform har vore sporadisk og bortgøymd, som til dømes Dave Sims djuptgåande analyse av den fotorealistiske stilen i amerikanske avis-teikneseriar i serien Glamourpuss.
McCloud sette fram ei rad med hypotesar om korleis teikneserien fungerer som var meint å verte gått etter i saumane, utfordra, tøygd til det ytste. Der det var rom for å gå heilt ut til kanten av det som fell innanfor McCloud sine definisjonar og finne det som framleis er teikneseriar men som ikkje så lett lar seg forklare med hans omgrepsapparat (korleis klassifiserer ein til dømes «rute-til-rute overgangane» i Sergio Toppis Sheraz-De? Det er kanskje lettare enn eg trur. )
Desse hypotesane har i alt for lita grad vore følgt opp. Og alt for ofte så opplevast det som om ein ikkje ser noko behov for det. Dette er ikkje noko McCloud kan lastast for, han har alltid invitert til debatten.
Kanskje er det forma som gjer det? Teikneserieforma gjer «Understanding Comics» lett å navigere, medan tilsvar i prosa vert uoversiktleg og tørr i forhold. Og det er vanskelegare å uttrykkje komplekse idear om korleis teikneseriar fungerer i prosa og samstundes nå ut til vanlege lesarar. Å overføre slik kritikk til teikneserieforma er enormt krevjande både målt i arbeid og økonomisk og det er vel berre kritikarar som sjølv er serieskaparar som ville ofre tida på det.
Alle McClouds teoribøker er sjølvsagt å anbefale for alle som ynskjer å forstå meir om korleis teikneseriar fungerer, og spesielt for teikneserieskaparar som ynskjer å forbetre seg i sitt fag. Dei er framleis dei beste og grundigaste gjennomgangane som er å oppdrive.
Men eg må samstundes seie at eg ser fram til den dagen ein får eit liknande verk som utfordrar Scott McClouds idear om teikneseriar og avdekker nye ting om korleis teikneseriar fungerer. Ting som McCloud anten ikkje har fått med seg eller som ein meiner McCloud har misforstått.
For dei som har høve til det: få med dykk McClouds seminar om teikneseriar i regi av Grafill i forkant av OCX. Det lovar å verte både informativt og inspirerande. Eg skulle gjerne ha vore der sjølv.
Understanding Comics
Av Scott McCloud
ISBN : 0-06-097625-X
224 sider
20 US Dollar
Kitchen Sink/Harper Perennial
Reinventing Comics
Av Scott McCloud
ISBN : 978-0060953508
256 sider
22.99 US Dollar
Harper Perennial
Making Comics
Av Scott McCloud
ISBN : 978-0-06-078094-4
268 sider
22.95 US Dollar
Harper

IMPORTVARE 08: WILL EISNER'S THE SPIRIT ARTIST'S EDITION <- Eldre | Nyere -> FRA SERIERUTENE TIL CANNES




