Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

OCX 2013 - SERIEMORD (14.06.13 )

Som avslutting på festivalen tok Flu podcasten sin til OCX.

Av: Knut Robert Knutsen
Bilder av Trond Sätre

Programdelen av OCX vart avslutta med eit «Seriemord». Ein uformell paneldebatt med Jeff Lemire, Michael DeForge og Gabrielle Bell.

Leiar for Seriemord var som vanleg Flu Hartberg og medan dei samtale, teikna Bendik Kaltenborn bilete i photoshop, utifrå det som vart sagt, som vart projisert opp på skjermen. Ein «chalk-talk» variant, altså, som var ein morosam og umisseleg del av opplevinga.


f.v. Jeff Lemire, Michael Deforge, Gabrielle Bell og Flu Hartberg. Tegning på skjerm av Bendik Kaltenborn

Podcasten vert publisert av OCX/ Seriemord på deira webside og gjennom deira vanlege kanalar så vi skal ikkje oppsummere for mykje.

http://www.oslocomicsexpo.no/seriemord/

Denne utgåva starta med temaet «Kva gjer ein når ein som teiknar møter det første tomme kvite arket?»

Deretter handla debatten passande nok mest om prosess, om inspirasjon, arbeidsmåtar og motivasjon. Jeff Lemire snakka til dømes om korleis han opplevde at han heile tida tenkte på historier, dialog og plotproblem, og for hans del så var arbeidsdagen hans planlagt til 2015. Medan Michael DeForge jobbar med teikneseriar innimellom sitt arbeid som produksjonsdesigner og har eit meir avslappa forhold til den delen, men han ender likevel opp med å arbeide mykje.

Gabrielle Bell kom inn på korleis ho samla idear i skissebøker og dagbøker og den prosessen ho går igjennom for å gå frå eit format der ho «snakkar» til dagboka til eit der ho «snakkar» med lesaren.

Samtala vart etterkvart særs opplysande og interessant, spesielt kanskje for håpefulle forfattarar og serieskaparar som kanskje i ein av desse tre finner ein del interessante arbeidsmåtar som passar deira prosess.

I dei vel 50 minutta samtalen varte, fekk ein eit veldig fyldig og variert innblikk i dei forskjellige serieskaparanes kreative prosess, og dette var etter mi meining det beste Seriemord hittil.

Anbefalast på det varmaste.


God stemning på OCX-festen etter Seriemord. Gestikulerende i midten ser vi Luke Pearson

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)