NORDISKE BARNESERIER (17.06.13 )
Men kor representativ er boka ”Dreambuddies” for Norden som heilheit?
Ein av tinga ein merker med nordiske teikneseriar er at Finland, Sverige og Danmark, kanskje på grunn av storleik eller korleis teikneserie-industrien har utvikla seg, har ei større satsing på teori og presentasjon av teikneseriehistorie enn Noreg.
Det finske teikneserie-selskapet Suomen Sarjakuvaseura / The Finnish Comics Society starta i fjor ein bokserie som er meint å vise korleis det står til i Nordiske teikneseriar no for tida. Bokserien er på engelsk for å kunne krysse dei språkbarrierane som ein finner i Norden.
Fjorårets bok handla om vaksne, alternative seriar under tittelen Kolor Klimax.
http://www.serienett.no/article/1355/kolor-klimax-k-ikkje-c
Årets bok, til sals mellom anna på Oslo Comics Expo, handlar om barneseriar og samlar serieteiknarar frå Finland, Sverige og Estland. Noregs representant er Anna Fiske, som jo opphavleg er svensk.

Det er mykje bra her, Annika Gianninis serie «Dreambuddy», om ei lita jente og puta hennar som flyr rundt i eit draumelandskap har ein del parallellar til Little Nemo og Tommy og Tiger’n og er sjarmerande teikna.
Anna Fiske er representert med sin «farmor og meg» serie frå «Rabbel», ein naivt teikna serie om ei lita jente og hennar sprøe farmor som har vunne ein del prisar her i Noreg.

Joonas Sildre har ei lengre historie om ei jente som bur ved «verdas navle» som utviklar seg frå dette sære konseptet til ei farse med mykje rart.
Reetta Niemensivu har ei melankolsk historie i tunge akvarellfargar (eller er det mixed media?) om ein spøkelsepianist.
Elles morosame korthistorier i forskjellige illustrasjons-teknikkar frå Aarni Korpela, Ana Udovic, Ann-Christine Magnusson, og Mari Ahokoivu.
Det er ein del ting som slår meg: Der er ikkje nokon dårlege historier her. Dei er godt illustrerte og og velskrivne og sikkert pedagogisk riktige viss ein pirkar i det òg. Men dei framstår for meg meir som historier ein trur ungar vil like, som er såpass lagdelte at foreldra som kjøper seriane til ungane sine kan seie at her er det grønsaker, her er det brokkoli slik at det er «sunt». Det er historier som eg trur vil vere meir interessante for vaksne menneske som meg som eksempel på barneseriar, enn dei vil vere for ungar.
Eg finner det òg forunderleg at ein ikkje har nokon danske serieskaparar med og at Anna Fiske (som boka sjølv definerer som halvt svensk) er einaste norske representant medan ein då har 2,5 svenskar, 3 finnar og 1 ester (som jo er frå utanom Norden). Det seier ikkje «nordisk» for meg.
Dette synast meir som ei bok som reflekterer det felles kulturområdet rundt Austersjøen (Sverige, Finland og dei Baltiske landa, her ved Estland) enn «Norden». Det er ei forståeleg prioritering frå eit finsk perspektiv at ein tek ting frå deira næraste kulturområde rundt Austersjøen, men det er like lite eit «nordisk» perspektiv som om ein hadde utgitt ei bok med berre norske og danske seriar.
Vest-Norden er jo i praksis ekskludert, og med dei skilnadene i språk, kultur og historie som ligger i Nordens vest/aust-akse så kan ein vel ikkje ha eit heilskapleg inntrykk av Norden utan at ein tydeleg henter inn eksempel frå begge sider.
Eg må seie at eg saknar eit kontekstualiserande forord om kva val som er gjort , kvifor ein meiner det er dette som representerer nordiske barneserier, og kva aldersgruppe lesarane er meint å vere.
Eit godt innblikk i nordiske seriar, i dette tilfellet barneseriar, ser eg ikkje her.
Frå eit norsk perspektiv synast det er merkeleg at ein ikkje kan finne heilheitleg norske barneseriar som passar i denne boka. Håkon Aasnes åleine produserer vel minst 5-6 forskjellige seriar på månadleg basis. Arild Midthun og Tormod Løkling har (utanom deira Donald-arbeid som eg kan skjøne ikkje er reprodusert her), produsert ein delvis sjølvbiografisk serie einsidere om si felles oppvekst som burde vere relevant, (og det er langt ifrå det einaste Midthun har gjort på området). Tore Strand Olsen sette i gong eit prosjekt for nokre år sidan for å få igang barneseriar og har sikkert framleis oversikten over ein del i tillegg til sin eigen produksjon.
Der var nyleg eit eventyrprosjekt der ganske mange serieteiknarar var med, inkludert Bjørn Ousland, ein av dei beste serieskaparane her i landet, som no vel berre jobbar med barnebøker og barne-teikneseriar. Og der finnast meir.
Danskane har, såvidt eg veit, enno meir produksjon på området. Kvifor er ikkje dei representert i det heile tatt?
Så sjølv om dette er ei nydeleg bok med mange gode historier så er innhaldet for meg utilstrekkeleg som eit eksempel på kva som skjer i nordiske barneseriar.
Nordic Comics Now : Dreambuddies
Redaktør : Kalle Hakkola, tekst og teikningar av diverse.
ISBN : 978-952-5972-08-5
160 sider
250 Kroner
Suomen Sarjakuvaseura / The Finnish Comics Society

OCX 2013 - SERIEMORD <- Eldre | Nyere -> VERDAS ALLER BESTE TEIKNESERIAR





Interessant sak og fin drøfting, Knut Robert. Eg har fulgt litt med på utviklinga av den her sidan den var på idéstadiet, og er veldig overraska over at resultatet er så skrapa for norske og danske seriar.
Eg trur noko av det kjem av at det var litt utskifting hos finnane. Det tok i alle fall lang tid frå idé til produksjon, og i mellomtida svikta noko i kommunikasjonen.
Det baltiske samarbeidet har vore viktig for finnane, og der vil eg tippe det handlar litt om økonomi, i tillegg til eit driv etter samarbeid.
— Kyrre 19. June 2013, 22:00 #
Her er Nordicomics sin eigen press release på boka:
http://nordicomics.info/events/dreambuddies/
— Knut Robert Knutsen 20. June 2013, 09:52 #