RIP - KIM THOMPSON (20.06.13 )
Ein viktig redaktør og utgivar er gått bort

Dansk-Amerikanske Kim Thompson var med-utgivar for forlaget Fantagraphics, eit forlag kjend for sine opptrykk av klassiske seriar, si utvikling av spanande talent, både i USA og elles, og det kritiske tidsskriftet «The Comics Journal».
Thompson er kjend for enkelte som Jasons, Lars Fiskes og Steffen Kvernelands amerikanske redaktør.
Han døydde kl 6:30 om morgonen (Amerikansk Vestkysttid) den 19 juni av leverkreft.
Hans forretningspartner, Gary Groth, la ut den følgjande nekrologen på Fantagraphics si heimeside, med ein del personlege minner av Thompson:
http://www.fantagraphics.com/index.php?option=com_myblog&show=Kim-Thompson-RIP.html&Itemid=113
Av ting som er spesielt verdt å merke seg for norske serielesarar er at Thompson utgav Funny-Animal antologien Critters der ein mellom anna fann Freddy Miltons klassiske Barksinspirerte serie «Gnuffene» (som òg er komne ut på norsk). Han har og utgitt tidsskriftet ”Amazing Heroes” som var rekna som eit av dei beste generelle seriemagasinene, og andre kritikarroste antologiar utanom sitt redaksjonelle arbeid for Fantagraphics.
Som språkmektig danske med fleire andre europeiske språk i tillegg stod Kim Thompson for introduksjon av fleire viktige serieskaparar til eit amerikansk og engelskspråkleg publikum både som oversetjar og utgivar. Groth trekker fram Tardi og Jason som eksempel.
For norske serieskaparar har Kim Thompson sitt arbeid med å presentere Jasons serier og Fiske & Kvernelands «Olaf G» (så vel som andre nordiske serier) i USA vore ein inspirasjon. Han var òg gjest ved Oslo Comics Expo i 2011.
Han vil vere eit sakn for teikneserieindustrien i USA og internasjonalt, men òg i Noreg.

Frå presentasjonen til Fantagraphics under Oslo Comics Expo 2011. Frå venstre ser vi Dash Shaw, Dave Cooper, Kim Thompson, Jason og Tony Millionaire. (Foto: Kristian Hellesund)

DEN NESTEN KOMPLETTE CARL BARKS <- Eldre | Nyere -> SUPERMANN, MANNEN AV TUNGMETALL - 3D





Dette var en meget trist nyhet!
En stor kunnskapsrik mann med et entusiastisk kjennskap og ekte innlevelse for tegneserieverden er gått bort.
Et stort tap for alle innen denne kunstgrenen!
For ordens skyld. Han døde av lungekreft, jfr. nekrologen som du viser linken til, Knut Robert!
— Bjoulv 21. June 2013, 21:05 #
Eg beklagar alle feil og manglar.
— Knut Robert Knutsen 22. June 2013, 08:27 #