FAST LUNCH-AVTALE (28.06.13 )
Serienett plotter det nye Lunch-bladet inn i avtaleboka.

Mitt første innfall var å køyre ein «business-launch» riff i denne anmeldinga, men ifølge våre eksperter ved Kjelltech Consulting ville det verke for pretensiøst og dølt for våre målgrupper.
Lunch er ein serie sett i eit kontormiljø, kva dei driv med veit eg ikkje, men morosamt er det. Her er det møtekonfliktar, PC versus Mac, kamp om den siste kaffiskvetten og nok bisarr oppførsel til å reanimere ein Tore Ryen komi-serie. Mest iaugefallande er den kortvokste, sjølvsentrerte og ustoppelege Kjell.
Etter nedleggingane av hefter som Eon og M har det lenge vert spådd at der ville kome eit nytt hefte som vil fylle «tomrommet», og at det ville vere Lunch, så det er ikkje noko overrasking at serien får eige hefte.
Børge Lund si stripe, og karakteren Kjell som etterkvart vert oppfatta som hovudpersonen (sjølv om det er ei ensemble-stripe), har vorte godt motteke som eit friskt pust blant norske humorstriper. Snertne kontorvitsar som klarar å finne eit originalt og sjølvstendig uttrykk i konkurranse med slike kontorhumor-klassikarar som Dilbert og «the Office».
Heftet er i eit format omlag som Eon, litt større enn dei vanlege månedsblada og med stive permar.
Designmessig er dette ein teikneserie for den moderne kvitsnippslesar. Den startar med ein svart-kvitt annonse for bilen «Mini-Chili edition» (passande for Kjell?), går over i ein forretningspitch av den kjende finansmannen Johan H. Andresen og deretter ut i ein ny 12-siders Lunch historie.
Børge Lund har levert nokre veldig flotte lengre historier i sine tidelegare album, og «Kjelltech – The Beginning» er eit godt startskot for dette bladet.
I tillegg har ein med slike biseriar som «WuMo», med sine sære men morosame utfartar til landet der smak og måtehald ikkje finnast, Flu Hartbergs Fagprat med sitt sedvanlege skråblikk på det norske samfunnet, Martin Kellerman med sin einruter «Talking to me?» der han gjer satire på film- og TV-miljø og Johan Wanloo med sin einsiders «Klyse ved ein korsvei».
Alle desse har ein viss ironisk nerve som synast å passe forbausande bra med Lunch, betre enn eg først hadde trudd.
Som avrunding har ein med einrutarane/vitseteikningane «Gummbah» av nederlandske Gertjan van Leeuwen og «Pophits» av islandske Hugleikur Dagsson. Over kanten humor som kan samanliknast med WuMo. Nokre veldig gode gags i dei sidene som var her.
Der er òg med ein del tekststykker, ein pent designa plakat /multiple choice adventure etc.
Alt dette vert til ein nydeleg presentert og veldig morosam pakke og det vakraste og mest formålstenleg designa månadsbladet eg nokonsinne har sett frå eit norsk forlag.
Serien Lunch har ein veldig romsleg humor som bør falle i smak hos ganske mange, og biseriane er ikkje å kimse av, sjølv om enkelte ting, som Wumo, sjølvsagt ikkje er i alles smak.
Personleg meiner eg at uansett, viss ein er teikneserieinteressert eller designinteressert, så bør ein få med seg dette første nummeret, berre for oppleve kor gjennomført og heilheitleg det går an å gjere eit teikneserieblad. Respekt.
Børge Lund og redaksjonen/ Kjelltech har her levert ein presentasjonspakke av første klasse til sine potensielle investorar (abonnentar og laussalskjøparar).
Årets sikraste investering.
Lunch nr 1
Av Børge Lund (med diverse)
52 Sider
Kr 49,90
Egmont Comics Nordic/ Kjelltech

DAGBOK FRA FINNMARK <- Eldre | Nyere -> TILBAKE TIL SANDMAN





Velvalgte biserier etter min smak. Setter stor pris på variasjonen, fryktet at bladet skulle bli et rent kontorrelatert konsept.
— Bodil Revhaug 28. June 2013, 16:20 #
Jeg for min del har bare sans for hovedserien , som er knallbra. Biseriene ga en noe flau bismak, håper at det kommer bedre biserier etterhvert.
Formatet er heldigvis som hos Eon. Og heldigvis har de ikke gjort som Eons redaksjon og redigert istykker stripene. Lunch skal fortsatt stå på innkjøpslisten.
— Øyvind B 28. June 2013, 19:23 #