Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

SKOTTANE ER SPRØ, DEI! (28.10.13 )

Asterix og Obelix med ny giv!

Av: Knut Robert Knutsen

Bak ei forside der Uderzo symbolsk sender stafettpinnen (eller pålen) vidare til den nye teiknaren Didier Conrad, og forfattaren Jean-Yves Ferri, kjem det etterlengta nye Asterix-albumet.

Etter Uderzos førre lengre økt, Det Store Himmelfallet (album 33) , som vart reikna for å vere ei pinleg sluttnote frå ein gamal meister, så stilna maset etter nye Asterix-historier frå Uderzo. 50-årsjubileumsalbumet (nr 34) i 2009 var berre ei rekke flate anekdotar og illustrasjonar og ikkje eit fullt album, og det gjorde ingenting for å rett opp att dette inntrykket.

Ryktene om eit nytt album med nye serieskaparar vart mottekne med blanda kjensler, til det kom fram at det var Ferri og Conrad som skulle stå for det. Ferris komiske krumspring har eg berre høyrd lovord om, men ikkje lese dei sjølv og eg kan difor ikkje anbefale noko spesielt, men etter dette albumet er eg såpass imponert at han skal eg lese meir av.

Conrad har vore ein personleg favoritt sidan hans «Eventyr i Gult» med manusforfattar Yann kom ut på norsk i 1987. Hans klassiske fransk-belgiske humorstrek har prega slike spanande actionkomedie-seriar som L’innomables og Tigresse Blanche, oftast i samarbeid med Yann. I tillegg stod Yann og Conrad bak Lucky Kid, albumene med Lucky Luke som gutunge, under pseudonymet Pearce.

Ferri og Conrad er begge etablerte serieskaparar med mange beundrarar. Dette kjem ikkje minst fram i måten Didier Conrad tek ein stil som til tider kan samanliknast med sein Franquin eller Dany, ein røff, tung og uttrykksfull strek, og smeltar den saman med Uderzos sirlige og presise penselføring for Asterix.

Årets Asterix trer inn i dei beste tradisjonane til Goscinny og Uderzo, når Obelix finner ein skotte på is som dei hjelper attende til sin pikterlandsby for å finne sin elskede og ta eit oppgjør med dei som kasta han på havet.

Her vert vi gjenintrodusert for gallarlandsbyen, med gode humoristiske karakterscenar og detaljerte og spenstige teikningar som er veldig mykje i Uderzo sin stil, medan Conrads særeigne humor og vitalitet kjem fram trass i at han tilpassar seg ein ny og for han uvand stil. Ferris’ manus har ikkje den same flyten av kjappe, leikne ordspel som Goscinny, eller hans litt tørre vidd, men han klarar òg her å gjere både gallarane og gjestespelarane til sine eigne.

Frå scenene med gallarlandsbyens kvinner som er lett forgapt i den muskuløse skotten (til ektemennenes store ergring), til Loch Ness-monsterets introduksjon og vidare til dei store slagscenane på slutten, så er dette albumet eit solid, saftig måltid for Asterix fans (og andre).

Ferri og Conrad maktar balansen mellom å gi oss ein god versjon av den Asterix vi kjenner frå gamalt og å gi oss ein ny, frisk Asterix som er gjort på deira eige vis.

Det er klart med dette albumet at Asterix er i gode hender, og at sjølv om Goscinnys gullalder ikkje kan gjenopplivast så kan vi i alle høve sjå fram til ein solid sølvalder for Asterix i dei neste åra og dei neste albuma.

Akkurat som dei beste av Goscinny og Uderzo sine Album, er dette eit som eg kjem til å lese om att og om att med stor gjensynsglede. Anbefalast for dykk alle.

Asterix hos Pikterne (Album 35)
Manus : Jean-Yves Ferri Teikningar: Didier Conrad
52 sider
Kroner 59,90
Egmont Comics Nordic

divider
  1. Eller sagt på en annen måte; Albumet var greit, ikke som gullalderen, men nok til å ønske nytt! Det holder det! ;)


    IpComics    28. October 2013, 22:04    #
  2. Mye fin humor i visse sekvenser, og en ATMOSFÆRE som gir mersmak. La også merke til noen popkulturelle referanser, noen som har noen innspill her?
    Asterix hos Pikterne er absolutt et album som fortjener å bli lest av mange.

    Så spørs det hvor dyktige forlaget er til å nå ut med sitt gode buskap for at albumet kan bli fanget opp av nye og gamle lesere. Har ikke observert noen sjokkselgere der jeg har vandret (slik det var i den gode gamle tiden). Da kan det være at albumet blir litt stemoderlig behandlet av utsalgsstedene.


    Jostein Hansen    1. November 2013, 19:14    #
  3. Du har rett, Jostein, det ble for dyrt! I “gamle dager” (minst en gang) ble albumene lansert samtidig over hele Europa, med sjokkselgere, men nå …!! Sukk!!


    IpComics    1. November 2013, 22:15    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)