Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JULEHEFTER 2013: MODERNE NORSK ( 1.12.13 )

Kremen av norske serieskaparar (pluss ei walisisk gjestestjerne) feirar jul.

Av Knut Robert Knutsen

Pondus

Juleheftet har ei lett blanding av nytt og gamalt. Frode Øverli sine striper er breidd ut over ei full side kvar, der er eit tekststykke av trendanalytikar Tore Bjørkeli om Nissens relevans og nokre sider fotball-nøtter med Arne Scheie.

God lesing for fansen, men i ein situasjon der alle serieskaparane som pustar han i nakken på jakt etter palle-plassering kjem med nye langhistorier så synast eg dette minner mest om eit lite gjennomtenkt kvileskjær.

Pondus
Av Frode Øverli
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

Rutetid

Rutetid presenterer om lag eit dusin serieteiknarar denne gongen, mykje bra av mellom anna Ellen Bergheim, Tor Ærlig og Karstein Volle, ein flott miks med god humring. Greit å smyge inn mellom dei tyngre lese-øktene for å reinse ganen.

Rutetid
Av Frode Øverli og diverse
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

Kollektivet

Torbjørn Lien leiar an juleheftet sitt med ein ny 10-sidar, «Et ønske til julenissen» som er passe sentimentalt men likevel i beste Kollektivet-ånd. Det er ikkje utan grunn at Liens julehefte hamnar i bunken for gjentekne lesingar kvar jul. I tillegg kjem ein del eldre ekstramateriale som «Bloopers», heilsidarane og eit gjensyn med 16-sidaren «Stille Natt.»

Absolutt verdt ei plassering for dei med kort handleliste for julehefte.

Kollektivet
Av Torbjørn Lien
32 Sider
Kroner 59,90
Schibsted Forlag AS

Varg Veum

Etter 7 album har Gunnar Staalesen og Mike Collins arbeida seg godt inn i teikneserieversjonen av Varg Veum. I denne frittståande historia tek Veum seg jobb som julenisse på varemagasinet Sundt (i ein omarbeidd versjon av ei tidlegare novelle) og hamnar midt i ein del intriger som munnar ut i mord.

Historia er stramt oppbygd med klart definerte karakterar og Veums sans for humor kjem meir i forgrunnen. Dette er den første Veum-historia i fargar, og Ruth Redmond har vald ei flat og effektiv men kontrast-rik fargelegging av den typen som har vakse seg fram i amerikanske krim-seriar sidan 1980-talet.

Spanande og velgjort julekrim.

(les ei utvida omtale her)

Varg Veum : Deilig er Jorden
Av Gunnar Staalesen
32 Sider
Kroner 59,90
Egmont Kids Media

Nemi

Med berre Nemi på 32 sider startar albumet med «Svermeren og Lyset», eit André Bjerke-dikt illustrert over fem sider, og held fram med ein del nytt og gamalt, nokre striper basert på sitat av kjende menneske og ei heilside basert på ein tekst skriven av Tommy Sydsæter . Det er Nemis standard julemiks av melankoli og sukkersjokk.

Nemi
Av Lise Myhre. Med ein dikttekst av André Bjerke
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

Lunch

Børge Lund kviler ikkje på laurbæra. Han trør til med eit spanande (og typisk) Kjell-prosjekt i åttesideren «Menn som steler frå geiter», og denne har den rette blandinga av gjenkjenning og ekstremsatire. I tillegg kjem ein tosider om Nicos julegåve og ein tosider om Nicos leilegheit, begge knallgode. Resten av materialet er bra snikra saman òg.

Definitivt eit julehefte som ingen vaksen kvitsnipparbeidar bør vere forutan.

Lunch: Menn som stjeler fra geiter.
Av Børge Lund
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

divider
  1. Har foreløpig ikke kjøpt Pondus julehefte og hadde tenkt å la det være med det. Men etter å ha tittet igjennom i butikken, fant jeg et argument for å kjøpe det. Dette heftet må ha en ny rekord i å være det mest lettleste julehefte noensinne.


    Øyvind B    9. December 2013, 21:27    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)