Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

RAPTUS MED OG UTAN SMINKE (22.09.14 )

Kommentar: Nokre få refleksjonar omkring tendensar på Raptusfestival, og framtida.

Av: Trond Sätre

Fire arrangement peiker seg ut som klare vinnarar på årets Raptus, kva publikumsoppslutning angår: Mike Collins’ foredrag om Dr. Who, Børge Lunds presentasjon av Lunch, presentasjonen av D-Pad Studio for spelutvikling og alt som hadde med cosplay å gjere. Tre av desse var ikkje reine teikneseriearrangement, sjølv om både Dr. Who og cosplay er tema der teikneseriar er ein del av biletet. Cosplayspesialist Christina Erring illustrerte det på ein elegant måte der ho gjekk rundt utkledd som ein Mystique (X-Men) som likna ingen ting på filmens Mystique og mykje på teikneseriens.

Visse medieoverskridande fenomen lever Raptus tilsynelatande godt med. Cosplay, for eksempel, har blitt ein umisseleg del av arrangementet. Det dukka opp som eit verkeleg synleg fenomen på festivalen i 2009, på eit tidspunkt der Raptus låg nærmast med broten rygg. Det fargerike innslaget som var cosplayarane, saman med eit bytte av lokaler (frå Grieghallen til det riktignok midlertidige Hotel Terminus) ga ny vigør til festivalen. Sidan har dei alltid vore der, og som vi ser av årets festival utgjer dei også ei stor publikumsgruppe.

Utfordringa for festivalen består i å halde tritt med den aukande populariteten til cosplay. Det er inga umiddelbar fare for at andre fan-fenomen skal «kuppe» Raptus frå teikneseriane, men ein kan ikkje unngå å legge merke til utviklinga. Festivalen mangla eit verkeleg trekkplaster i år, det kunne alle se. Børge Lund var kanskje det nærmaste ein kom; Lunch trakk omtrent like stort publikum som Dr. Who og dei middels populære cosplayforedraga (dei mest populære cosplayhendingane trakk fullt hus). Superheltar er stadig sånn passe populære tema på Raptus, i alle fall nok til at Rodney Ramos, Josef Yohannes og Mike Collins kunne nye ei viss popularitet. Men den manglande interessa for enkelte av dei nye, utanlandske gjestene overraska meg litt. Vel hadde eg ikkje venta at Thomas Yeates og David Zane Mairowitz skulle bli motteke som store stjerner, men interessa var så laber at eg fant det påfallande. Yeates, som teiknar av Conan og klassiske eventyrseriar som Tarzan og Prins Valiant, burde hatt appell til gamle serieelskarar. Og Mairowitz, med sin bakgrunn som dramatikar, burde vere eit godt kulturelt alibi på Litteraturhuset i Bergen, der årets festival fann stad.

På den andre sida gjer dei tilbakevendande gjestene Mike Collins, Thierry Capezzone og Rodney Ramos eit godt inntrykk, kanskje betre enn på lenge. Det er ikkje lenger ein vits at desse folka stadig kjem tilbake; dei er ein ressurs, og dei har publikumstekke. Takka vere Capezzone og hans forbindelsar er interessa for fransk-belgiske seriar ennå levande på Raptus. Bruno Gazzotti greidde å vekke ei viss entusiasme for albumserien Seuls – Det hjalp sjølvsagt at serien nylig er omsett til engelsk, og at Outland hadde kjøpt inn dei to første albuma. Ei viss optimisme er også knytt til det bebuda besøket til den relativt nye Sprint-teiknaren Yoann Chivard, men eg spekulerer på kor lenge den optimismen kan vare. Akter Egmont (eller nokon andre) å utgi fleire nye Sprint-album på norsk? Når det gjelder Eric Maltaite så har han ein ganske allsidig bakgrunn. Erotiske seriar er det første ein får opp når ein søker på namnet hans, men ettersom Maltaites Choc – eit album med seriehistoriske røter attende til faren Willy «Will» Maltaites teikneserie Tif & Tondu – finst på dansk, vil det vere naturleg å vektlegge denne.

divider
  1. Og la oss ikke glemme årets debutanter med: Unkel Herbarts fortrolige nedtegnelser! Fortsatt til salgs hos http://violentpublishing.com/


    Ulf    24. September 2014, 21:57    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)