Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

INGA JUL UTAN DEBATTEN? (23.11.14 )

Den årlege debatten om julehefter blei initiert, nok ein gong av Kristian Hellesund, i Bergen i går kveld.

Av: Trond Sätre

Serietreff eksisterer ikkje lenger, så moglegvis i påvente av ein betre namneide fekk laurdagens arrangement på BarBarista det reint beskrivande namnet «Tegneseriekveld i Bergen». Den hadde då også eit betre program enn kva Serietreff hadde hatt på lenge, med teiknestund for barna aller først, etterfølgd av diverse opptredenar innan temaene Dr. Who og julehefter.

Dei siste åra eg har vore her, fortel Mike Collins, har eg opplevd at folk seier begeistra til meg: Du teiknar Dr. Who! Men det har eg gjort heile tida. Det er berre dei siste åra at populariteten har teke av i Norge. I tillegg til å lage Dr. Who-teikneseriar gjer han også storyboards for tv-serien som dei fleste jo forbinder med Doktoren. Då produksjonen blei flytta til Wales i 2003 kunne det ikkje vore meir beleilig for ein mangeårig walisisk Dr. Who-fan som lever av å teikne. Men jobben byr på utfordringar. Mike kunne fortelje at han ein gong blei bedt om å lage nye storyboards til ein scene med ein kylling fordi kyllingen han teikna var «ikkje saftig nok». Han avrunda sesjonen ved å vise «Flatline», ein ganske ny episode (oktober 2014) som er ein av episodane han lagde storyboards til, og som hadde nokre interessante, visuelle utfordringar.

Å arrangere podcast-debatt om julehefter, under Serietreff-vimpelen eller ikkje, har Kristian Hellesund utvikla ein tradisjon for. Juleheftepanelet som opna klokka 18.00 besto av i tillegg til han, av Knut Robert Knutsen og Arild Wærness. Å diskutere samtlege julehefter kunne dei nok funne på om det sto dei fritt, men for å halde tidsskjema hadde Hellesund på førehand valt ut dei mest interessante (eller i alle fall diskusjonsverdige) titlane:

91 Stomperud er spesiell på den måten at han er den einaste ikkje-anda som kjem med meir enn eitt julehefte i år. Men kordan synes panelet at ein lenger Stomperud-historie som «Stomperud på Eventyr» fungerer?

Stomperud som karakter er ikkje så komplisert at det er noko å få ut av ein lenger historie, meinte Knutsen, og la til at heftet er eit bra forsøk, men at einsidarane er fortsatt det som fungerer best. Wærness meinte at det er nødvendig for forlaget å prøve ut nye ting, og at dei må bruke ikoniske figurar som stadig er salgbare – slike som Stomperud – til dette. Panelet såg elles ut til å vere einige om at den «klassiske» Stomperud uansett ikkje er for nye vernepliktige, men heller for nostalgiske mannfolk på over 40 (gjerne over 50 eller 60)

Når det gjeld årets Flåklypa var Knutsen usikker på tema, men innrømte at årets historie er strammare oppbygd, sjølv om han likte bihistoriane som ofte fekk dominere tidlegare Flålypa-hefter. Wærness kommenterte at den nye teiknaren Henrik Rehr har ein reinare strek som kan auke heftets appell.

Det varmar meg om hjarterøtene kvar gong eg leser skikkelig Knoll og Tott, sa Knutsen i samband med diskusjonen om «ur-julehefta» Knoll & Tott og Fiinbeck & Fia. Så lenge det er Harold H. Knerr som står bak førstnemnte og George McManus som står bak sistnemnte (og det gjer dei i år), verkar både han og Wærness fornøgde. Knutsen meinte elles at sistnevnte serie er Fiinbeck & Fia staidg relevant for si skildring av nyrike oppkomlingar.

Når det gjelder årets Disneyhefter kommenterte Knutsen at sjølv om Carl Barks alltid er bra er det kanskje ikkje dei mest interessante julehistoriene som er teke med i år. Men, la han til, ein kan ikkje trykke opp att «Jul i Pengelens» eller ein av dei andre verkeleg store klassikarane kvart einaste år. Om årets nyheit «Donald Fantasy», påpeikte Wærness først og fremst at forsida lyg. Juleheftet har eigentleg ingen ting med Fantasy-Donaldpocketane å gjere. Årets Midthun-julehefte er ikkje på høgde med fjoråret, meinte panelet vidare, sjølv om det er godt utført, morosamt og nydelig teikna. Ikkje noko står på spel, innvendte Knutsen om historia, for ingen er imot gruvedrifta; det er bare eit spørsmål om gjennomkjøring.

Blant julehefta som har utgangspunkt i Norsk Barneblad er gjenopptrykka med Solveig Muren Sanden fortsatt trekkplasteret for Knutsen. Men både han og Wærness var einige om at Håkon Aasnes er best på Smørbukk. Tuss og Troll-historiane han er «litt rare». Til nå hadde Hellesund stort sett nøgd seg med å moderere debatten, men då tema kom inn på eventyr trakk han fram Lucie Lumovas teikneserieantologi med tsjekkiske folkeeventyr. Dette er ei bok han har drege fram ved ulike anledningar, og som han meinte at norske serieskaparar gjerne kunne låne frå til bruk i Tuss og Troll. Eventyr og segn er tross alt internasjonalt, og folkeforteljingar over store delar av verda har klare likskaper.


f.v. Kristian Hellesund, Knut Robert Knutsen og Arild Wærness

Panelet brukte elles relativt lang til på å diskutere Ingeniør Knut Berg, som Wærness kalla eit «sjarmerande tidsbilete». Han etterlyste eit nytt forsøk på å gjenskape Knut Berg etter at Bing/Bringsværd/Westad-prosjektet stranda. Løysinga ville kanskje vere å følgje sjå til Fonna Forlag si fornying av Vangsgutane, der handlinga fortsatt er lagt til 1940-talet og dialogen står utanfor boblene. På den måten har ikkje den nye versjonen av Vangsgutane vorte for «framandgjerande» i forhold til originalen.

Hellesund tok bladet frå munnen att med Pondus julehefte, der han meinte at det er «nok ein gong veldig lite å lese». Men han framheva Bjarte Agdesteins gjesteteikning av Krüger & Krogh som overvakar juleshoppinga , og Knutsen håpa at Frode Øverli følte seg ufordra på dette. Han meinte også at det var på høg tid at Radio Gaga fekk sitt eige julehefte.

Om Lunch syntes Hellesund at årets historie ligg to hakk bak klassikaren «Julebord» frå 2012, mens Knutsen meinte det bare var positivt at nokon norske serieskaparar stadig lager nye historier til julehefter. I denne samanhengen kunne ein drege fram Kollektivet, men Torbjørn Lien skule ha eigen programpost seinare på kvelden, så den diskusjonen blei for det meste utsett.

Når panelet så skulle velje sine favorittar av året, gjekk Hellesund for Rocky, som han kallar eit «knallhefte», mens Knutsen valte å framheve den litt meir obskure Ruffens Jul av Thore Hansen, sjølv om det er eit gjenopptrykk frå 2012 (den gongen innbunde, nå hefta). Begge var litt usikre på førstevalet sitt, men det var ikkje Wærness. Den desiderte favoritten hans er igjen Flåklypa.

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)