INGEN FJØSNISSAR I BERGEN (24.11.14 )
Andre halvdel av Teikneseriekvelden gjekk ikkje bare i dybden på utpeikte julehefte, men introduserte også nyvinninga Artist’s Club.
Varg med starvanskar

Tidlegare på dagen hadde Gunnar Staalesen, Mike Collins og Torbjørn Lien signert Varg Veum og Kollektivet julehefte på Narvesen i Olav Kyrres gate, Bergen. Begge desse hefta fekk spesielt fokus på teikneseriekvelden.
Varg Veums julehefte i år er spesielt på fleire måtar. Ein av dei er dessverre problema med distribusjonen. Denne laurdagen var det framleis bare tre butikkar som hadde fått hefte, sjølv i Bergen.

Ein annan er at Arild Wærness hadde meir å gjere med manus enn i fjor. Han skreiv fullt plott, mens Staalesen skreiv dialog og ga Varg det rette tonefallet. Wærness ga historien ein lysare tone enn fjorårets, og hevda til og med at han prøvde å trekke inn fjøsnissar, som den vossingen han er. Men det satte Staalesen seg imot: «Fjøsnissar finst kanskje på Voss, men ikkje i Bergen», erklærte han.

Mike Collins og Gunnar Staalesen
Blir det Varg Veum-hete til jul neste år også? Ingen veit sikkert for augneblikket, men Staalesen har ein ide klar i tilfelle det blir noko av, og i så fall vil hefta så langt danne eit mønster: 2013-heftet hadde handlinga lagt til adventstida, årets hefte til julaftan, og neste års historie vil finne stad på nyttårsaftan.
Balder i søkelyset

Alt førre juleheftesesong hadde Torbjørn Lien satt seg føre å lage ein heil albumhistorie. Og opphavleg skulle «Balder Redder Julen» vere i albumformat. Originalmanuset la opp til ein historie på over 40 sider, men redaktøren bad han halde seg til standard-julehefteformatet på 32.

Torbjørn Lien og Kristian Hellesund
Dette er Balder si historie. Som den einaste figuren til å verte fødd inn i teikneserien Kollektivet var Balder første berre ein rekvisitt. Etter kvart fekk han lov til å vakse opp, og begynne på skolen. Ein periode hadde han ein fantasivenn, Herr Robot, og sjølv om denne figuren etter kvart forsvann ut av serien (lesarane klaga på at dynamikken mellom Balder og Herr Robot likna for mykje på Tommy og Tigern) var han viktig for utviklinga av Balders personlegdom. Og nå er han den suverene hovudpersonen – i årets julehefte, vel å merke. – dette er ei annleis Kollektivet-historie, poengerte Lien på kveldens arrangement. Ei historie der han i større grad kunne leike seg med fantastiske element.

Balder på eiga hand
Lenge på førehand har Lien fått ros frå miljøet fordi han tek seg bryet med å lage ei ny forteljing som fyller eit heilt hefte. Og kanskje nøyer han seg ikkje med denne eine gongen. I alle fall har han lyst til å lage ei ny, lang historie neste år også, og han antyder at han kan kome til å gjennomføre det. – Eg synes det skal vere noko nytt i julehefta.
Doktorens ordre
Kvelden var avslutta med Kristian Hellesunds nye påfunn, «Artist’s Club» der serieteiknarar blei inviterte til å teikne fritt med utgangspunkt i temaet «Doktoren i uvante omgjevnader». «Doktoren» i dette tilfellet var han frå Dr. Who, og i alle fall ein av teiknarane, Marcus L., lot ikkje heilt til å skjøne dette. Han teikna i staden Dr. Manhattan på operasjonsbordet, utan at nokon såg på det som eit problem. Dei andre teiknarane var Mike Collins, Knut Robert Knutsen, Torbjørn Lien og Ida Neverdahl. Teiknarane fekk god tid, og tok seg god tid. “Klubben” og dens første møte resulterte i svært gode resultat som seinare skal auksjonerast bort til inntekt for naudstilte på Gaza.

Marcus L. og…ein annan Doktor. Mike Collins og Ida Neverdahl i bakgrunnen

Heile klubben: Framme: Knut Robert Knutsen og Torbjørn Lien. Bak: Marcus L, Mike Collins og Ida Neverdahl. Ståande: Arild Wærness og Kristian Hellesund

Ida Neverdahls Doktor på ein einhyrning

Mike Collins’ to Doktorar

Torbjørn Liens Blacktööth okkuperer Tardis

INGA JUL UTAN DEBATTEN? <- Eldre | Nyere -> JULEHEFTER 2014: DISNEY





Korreksjon: “Spor i Snø” er, som vart sagt, 100% originalnovelle, forfatta av meg og Gunnar Staalesen. “Deilig er Jorden” vart utgjeve ifjor, og den var basert på ei eldre novelle frå Staalesen. I år hadde Staalesen faktisk ikkje tid i det heile teke til å skrive ei julehistorie, noko som vart opplyst ganske tydeleg på lanseringa. Derfor steppa underteikna inn :) – heilt naudsynt.
— *arild* 24. November 2014, 22:12 #
Okay, eg retter opp det
— Trond Sätre 24. November 2014, 22:51 #
Lurer litt på hva huryen faktisk syntes om Kollektivet-heftet? Det er en fyldig omtale her av hva som gjør årets hefte spesielt – nemlig en lang, nylaget historie – men ingenting om hva folk syntes om selve historien.
— Marius Hestness 24. November 2014, 22:56 #
Argh. Juryen, mente jeg å si i kommentaren over.
— Marius Hestness 24. November 2014, 22:57 #
Vi omtalte ikkje korkje kollektivet eller Varg Veum då dei hadde eigne programpostar.
— Knut Robert Knutsen 25. November 2014, 05:58 #
Øyh. Tegninga mi ble tatt bilde av før den var ferdig.
— Lien 26. November 2014, 12:30 #