Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JULEHEFTER 2014: GOD, GAMAL NYNORSK (28.11.14 )

Mykje gamalt, men også mykje nytt. Me ser på julehefta frå Fonna og Norsk Barneblad.

Av Knut Robert Knutsen og Trond Sätre

Ny-retro

Vangsgutane er attende med ei blanding av nytt og gamalt, slik som dei siste to-tre åra. Sverre Årnes og Ivan Andreassen held fram med si skildring av livet til gutane under den tyske okkupasjonen – Ei logisk, men likevel uventa nytenking som har vist seg å fungere godt. Underhaldande og velteikna. Einaste som skurrar er at Larris har blitt litt ekstra einspora, og diverre er meir usympatisk enn dei tyske soldatane i stripa. Hin halvparten av heftet er nyopptrykk frå 1950 og 1951–hefta, med historier om slåttonne og posttjuv, så mykje godt der.

Vangsgutane
Av Sverre Årnes og Ivan Andreassen (nytt materiale) og Leif Halse og Jens R. Nilssen (gamalt materiale)
36 sider
50 Kroner
Fonna Forlag



Retro-futurisme

Serien starta frå byrjinga att i fjor, og årets hefte er opptrykk frå 1944. Hallvard Sandnes og Jostein Øvrelid sin klassikar er vel mest for nostalgikarar no. Bra teikna, men ikkje så bra at teikningane kan bere ein veldig datert tekst, slik som med inspirasjonskjelda Lyn Gordon. Ein del spanande hendingar igjennom, men ispedd litt overberande haldningar til kvinner (sjølv i det matriarkalske Kalimanko) og ein del gamle stereotypiske framstillingar. Knut Berg manøvrerer seg gjennom eit elles fredeleg Asia, som den gongen var sønderrive av andre verdskrigen, og med det i mente så verkar dei små konfliktane han møter…utilstrekkelege.

Ingeniør Knut Berg
Av Hallvard Sandnes og Jostein Øvrelid
36 sider
50 Kroner
Fonna Forlag



Du store alpakka!

Håkon Aasnes sender Smørbukk ut i ein fornøyeleg jakt på ein forsvunnen alpakka. Og fordi dette er Smørbukk så eskalerer det som i utgangspunktet var ei enkel oppgåve til ei lang rekke med forviklingar. Dessutan får me eit gjensyn med 1964-heftet, ei historie om Smørbukk og Trond sitt «Birkebeinarrenn» av Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden. Begge delar er verdt å få med seg, dette er sjarmerande julemoro.

Smørbukk
av Håkon Aasnes (nytt materiale) og Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden (gamalt materiale)
36 sider’
Kr. 52,90
Egmont i samarbeid med Norsk Barneblad



Tilbake til dei underjordiske

Etter at Håkon Aasnes tok over Tuss og Troll har det blir færre reine folkeeventyr og fleire segn. I år gjentar han segntemaet «Bondegut møter underjordisk jente». Årets nye historie, «Krylen» er eit underhaldande eventyr, men det er tydeleg her at Aasnes har teke seg fridomar og lagt til litt sjølv. I tillegg heile får du med tre historiar frå 1964-heftet, sjølvsagt av Farestveit og Sanden. Flotte seriar om gromme gutar og vakre prinsesser som må overvinne troll og stemødrer for å finne saman. Utbreidd bruk av sjumilsstøvlar her.

Kanskje ikkje akkurat dei Disneyprinsessene som småjentene i familien har lyst til å lese om, men det er verdt eit forsøk på julemorgonen.

Tuss og Troll
Av av Gard Espeland og Håkon Aasnes (nytt materiale) og Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden (gamalt materiale)
36 sider’
Kr. 52,90
Egmont i samarbeid med Norsk barneblad

Både Smørbukk og Tuss og Troll inneheld eit minneord til Solveig Muren Sanden, som døydde etter at julehefta gjekk i trykken i fjor.

divider
  1. Re. Tuss og Troll: Merk at det er GARD ESPELAND som har skrevet “Krylen”, som Håkon Aasnes har tegnet.


    Haakon W. Isachsen    1. December 2014, 11:06    #
  2. Der ser ein. Eg fann ikkje noko namn på forfattar og trudde det var Aasnes og så stod det på forsida. Argh.

    Det gjekk litt fort i svingane, eg kjøpte inn heftene på busstasjonen fredag, las dei på bussen ned til Bergen og skreiv anmeldingane ferdig på båten opp att Sundag(etter å ha jobba litt med dei i helga).

    Takk og lov at Trond las igjennom og plussa på der det trengs, i tillegg til å ta dei heftene han sjølv hadde ansvaret for.

    Det er gjevt å ha ein så dyktig og påpasseleg redaktør som fiksar opp i det meste(denne glippen var berre meg, mea culpa).


    Knut Robert Knutsen    3. December 2014, 13:29    #
  3. Takk for den, Knut :) Men viss eg var verkeleg grundig hadde eg lest copyright-teksten for å slå fast kven det var som gjorde kva. Så eg føler for å be litt om orsaking sjølv også.


    Trond Sätre    3. December 2014, 13:38    #
  4. Har ikke lest heftet ennå, men en kamerat sendte meg denne tekstmeldingen: “Juleheftet med Tuss og Troll er bra. En drivende bra fortelling av Espeland/Aasnes”.

    Også fjorårets Tuss og Troll var det sterke takter over, og forsidene er nesten alltid av toppklasse.


    Jostein Hansen    5. December 2014, 13:58    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)