JULEHEFTER 2014: KLASSISK AMERIKANA (27.11.14 )
Er dei gamle alltid eldst? Me ser på dei lengstlevande, amerikanske seriane frå juleheftehylla.
Av Knut Robert Knutsen og Trond Sätre
Same spisskålen som kvart år, Fiinbeck

Årets søndagssider av George McManus er frå 1948, ein god årgang. Karakterane er godt innarbeida og serien er ikkje i nærleiken av å gå på tomgang. Her sniker Fiinbeck seg unna Fia med jamne mellomrom for å ete sprengt oksebryst med spisskål, New York-fiffen får sitt pass påskrive og teikningane er på sitt mest elegante, framleis med god plass å breie seg på. Dette er ei solid leseøkt.
Fiinbeck og Fia
av George McManus
36 sider
Kr. 52,90
Egmont Kids Media
Lettare Dagobertsandwich

Egmont har i år gått for 2005-årgangen. Dette var 75-års jubileumsåret til serien, noko som òg vert markert i ei av sundagssidene. Feiringa gjekk òg igjennom dagsstripene, der ein vitja fleire av «kompisane» til Dagobert og Blondie. Sånn sett hadde det vore fint med eit unnatak frå regelen om å berre trykke sundagssider nett slik at ein kunne fått med heile jubileet. Men det er mest eit personleg klagemål. Årets seriar er OK; I motsetnad til glansdagane på 1940 og 1950-talet er det no ni-ruters i staden for tolv, færre detaljar og dermed ikkje så mykje «kaloriar» i kvar stripe, men framleis same gamle Blondie og Dagobert. Kanskje litt mykje repetisjon av nokre tema.
Blondie
av Dean Young og Denis Lebrun
36 sider
Kr. 52,90
Egmont Kids Media
God terrorbalanse

Harold Knerr presenterer gladvald for og med heile familien, Knoll og Tott køyrer nye variasjonar av sine eviggrøne gags, i dette vedunderleg anarkistiske sydhavsparadiset sitt. Ein ville kanskje kalla det organisert barnemishandling om ikkje Knoll og Tott sjølv var dei verste til å plage andre. Aldri har så mange infame plageåndar fortent kvarandre så grundig. Bør givast til lett påverkelege unge sjeler så tidleg som mogeleg før dei byrjar å gå med strikkevest, kordfløyelsbukser og vasskjemma hår og tiltale vaksne folk som «De».
Knoll og Tott
av Harold H. Knerr
36 sider
Kr. 52,90
Egmont Kids Media
Supplement til klassikaren

Schibsted held ved med å presentere Rudolf Dirks-striper restaurert med strek av Henrik Rehr. Dei manglar Dirks’ eigen røffe finish, og det er òg eit sakn at dei ikkje opplyser om kva årgang originalane var. Elles er årets «Kapteinens Jul» likevel fullt med pene gags og ein god dose klassisk fanteri. Ikkje så utført ikonoklastisk og intenst som Knoll og Tott og denne serien er vel mest for dei som veit dei framleis vil ha meir når dei er ferdige med Egmont sitt hefte.
Kapteinens Jul
av Rudolph Dirks og Henrik Rehr
36 sider
Kr. 49,90
Schibsted
Mens me venter på filmen

Kanskje er det berre ein mann som kan greie å gjere Skipper’n interessant igjen nemlig animasjonsregissøren Genndy Tartakovsky (Samurai Jack, Hotel Transylvania). Tartakovsky jobbar ennå på den første digitalanimerte Skipper’n-filmen. I mellomtida får vi nøye oss med den meir trauste Bud Sagendorf, igjen. 1983-årgangen denne gongen. Sagendorf er bra på visuell komikk, men diverre gjer han seg avhengig av meir verbal komikk. Og på det feltet er gagsene hans meir haltande, både i oppbygging og punchline.
Det mest interessante ved dette juleheftet er i grunnen bekjenninga Fredrik Wandrup kjem med i forordet: Han liker Robert Altmans Skipper’n-film frå 1980. Vel, då er han i alle fall i godt selskap med Roger Ebert!
Skipper’n
av Bud Sagendorf
36 sider
Kr. 55,50
Egmont Kids media
I støyande grender

«Snøfte (…) har sjelden skapt de store overskriftene når juleheftene skal gis terningkast», innrømmer Jostein Hansen i eit elles interessant og informativt forord. Heilt sant, men serien har stadig sin heilt eigen sjarm og stil, trass i litt ujamne poeng. Søndagssidene er frå 1969-70 i årets hefte., men akkurat som Bud Sagendorfs Skipper’n endrer Fred Laswells Snøfte Smith seg lite frå tiår til tiår. Laswell er likevel flinkare til å kombinere visuell og verbal humor.
Årets utgåve inneholder forresten ein sjeldan gjestopptreden av Barney Google, mannen som framleis er med i seriens tittel på engelsk.
Snøfte Smith
av Fred Laswell
36 sider
Kr. 52,90
Egmont Kids Media

JULEHEFTER 2014: DISNEY <- Eldre | Nyere -> JULEHEFTER 2014: GOD, GAMAL NYNORSK





Dette er de virkelige juleheftene. En mulighet til å lese amerikanske søndagsider.
Her skulle Egmont tatt et grep og vist litt ansvar. Snu bunken, begynn med starten, kjør 52 sider i heftene og gi dem ut kronologisk, dag for dag, år for år.
— IpComics 27. November 2014, 23:26 #
Ivan, om bare Egmont hadde hatt arkiver som gikk tilbake til 1911, om bare King Features hadde hatt arkiver som gikk tilbake til 1896 …
— Haakon W. Isachsen 28. November 2014, 11:11 #
Hårek startet i 1973, tror jeg, et godt sted å begynne?
— IpComics 28. November 2014, 12:52 #
Hårek-juleheftet i 2010 hadde de første søndagssidene med tegneserien. Dessverre ble ikke dette fulgt opp året etter:
http://www.serienett.no/article/1248/middels-harek
— Kristian Hellesund 28. November 2014, 13:49 #
Jaja, Hårek hadde noen. Det virket lovende. Usortert og ikke helt fulgt opp nei.
Da er jo Billy et godt valg. Spøk til side. Når det først utgis søndager, så bør de være kronologiske og følge et visst system.
— IpComics 28. November 2014, 14:07 #
Å finne gode kjelder for gamle serier er vanskeleg , dessverre har nokon sentrale samlingar gått tapt i brann og liknande, men der er òg diverse universitetssamlingar i USA som er ekstremt gode etterkvart, spesielt på arkivering av aviser med stripeserier og sundagssider som går tilbake så langt som til byrjinga.
Der er eit håp om at ein etterkvart kan få alt av materiale inn i samlingar i lesbar form .
Publiserbar kvalitet er noko anna.
Ein ser òg at restaureringsteknikkane går framover etterkvart med mellom anna digitale hjelpemiddel.
For berre vel 20 år sidan stod “Theakstonizing” (der ein kjemisk rensa teikneseriesider for farga blekk og øydela heftene som del av prosessen, for deretter å “restaurere” streken på kopiar ved hjelp av meir eller mindre kyndige tusjarar – det kunne variere)
No prøver ein å oppnå noko av det same med scanning og behandling i photoshop eller anna programvare, men framleis med eit menneskeleg element til å restaurere delar av tusjstreken.
Det ideelle hadde jo vore om ein fann Silverprints frå forskjellige redaksjonar rundt om kring i verda som framleis var brukande.
Men slikt detektivarbeide er anten veldig dyrt eller avhengig av eit globalt nettverk av teikneseriefans som er villige til å leggje ned frivillig (gratis) arbeid til crowdsourcing.
Det skal ikkje vere lett.
— Knut Robert Knutsen 28. November 2014, 21:07 #
Nei, og ingen forlanger det umulige. Men det hadde vært hyggelig å fått presentert de søndagene som faktisk finnes i grei stan, og da på en tilfredstillende måte. Jeg hater å lese striper fra april etter de fra juli samme år, i samme hefte, er litt rar sånn.
— IpComics 28. November 2014, 22:09 #