Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

RETT PERSON TIL OPPGÅVA (19.12.14 )

Vi snikleser Martin Ernstsens Dagbok, som Jippi forlag nå har gjort tilgjengeleg i samla form.

Av Knut Robert Knutsen

Boka «Du Snakker med Feil Person» samlar Martin Ernstsen sine sjølvbiografiske dagbokseriar frå 2007 til 2014, det meste gitt ut i diverse fanziner i denne perioden.

Ernstsen skildrar sitt liv og sine forhold og fortel diverse om vennskap og karriere i ein enkel, men solid stil, utan «renner» mellom rutene og lydeffektar etc. – Denne lett minimalistiske, journalistiske stilen som så mange dagbokteiknarar etterkvart arbeidar seg fram til, oftast heilt sjølvstendig.

Han fortel med humor og varme utan å falle i dei vanlegaste fellene som å verte for sjølvopptatt, overflatisk filosoferande eller intimt utleverande. I staden får ein morosame, gjenkjennelege kvardagsanekdotar om hans liv i Noreg, Sverige, Tyskland og andre stader der han flyttar omkring for studier, arbeid og ferie.

Mest morosamt for meg er stripene som krinsar om hans arbeid som serieteiknar, hans kvalar kring det å utlevere vener i dagbokform, og kompisen som spør om han skal bli like flink som Nemi. Men det er masse å kjenne seg att i for dei som ikkje er opptekne av slikt òg.

Eg har ikkje vore så interessert i Ernstsens meir kunstnarisk ambisiøse seriar, som «Kodok’s Run», og har difor ikkje lett opp desse fanzinene tidlegare heller, men det eg ser her er ein særdeles dyktig og innsiktsfull forfattar og teiknar som har grepet på å gjere karakterar og situasjonar levande i ein grad som særs få andre teiknarar i Noreg maktar. Sjølv dei mest jordnære og ein skulle tru uinteressante situasjonar klarar han å formidle på ein direkte, presis og sympatisk måte. Den lett forenkla og tilsynelatande litt naive stilen skjuler ei solid teknisk utføring frå komposisjon til historieforteljing.

Anten det er drøymar, turar til seriefestivalar eller vitjing hos foreldra til venninna, så er der alltid interessante observasjonar og presise karakterstudier å oppleve.

Ein skikkeleg koseleg og god dagbokteikneserie, dette. Noko av det beste norske eg har lese i år, passande for dei fleste bokinteresserte.

Du Snakker med Feil Person
av Martin Ernstsen
ISBN: 978-82-92226-49-0
188 Sider
Kr. 250,-
Jippi

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)