Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

KLART ROM FOR FORBETRING (20.12.14 )

Christian Hartmann debuterer i eige album, med vekslande hell.

Av Knut Robert Knutsen

«Rom for forbedring» er historia om Morten, ein kontorarbeider som dei fleste trur er rik men som lever på konkursens rand og sambuaren Marianne, som er vernepleiar og drøymer om å verte kunstnar.

Det er ei episodisk forteljing som kjem med satire og spark til handverkarar, kunstnarspirer, forretningsfolk, trenande husmødrer og andre som bebur det noko frustrerte og paranoide landskapet på og rundt middelklasse-byggefeltet Soltoppen.

Forfattaren og teiknaren, Christian Hartmann, har ei fortid som illustratør for studentavisa «Under Dusken» i Trondheim, og som bidragsytar med kortare serienoveller i Forresten med det som visstnok er «treffsikker og svart satire». Det kan eg ikkje uttale meg om då dette er det første eg eigentleg har bitt merke i av han.

Det eg kan seie er at han er ein veldig dyktig serieteiknar, med ein velutvikla stil som har likheitar med diverse av dei beste indie- og undergroundseriar, eit direkte og røft uttrykk, som likevel fungerer godt til dette forstadsdramaet.

Dilemmaet for meg er at eg trur nok det er ein god del lesarar som vil setje pris på det denne boka har å by på, sjølv om den for meg er skuffande lesing.

Ja, dette er svart satire, som lar hovudpersonane vandre gjennom situasjonar der kynikarar og menneske forført av sine eigne falske sjølvbilete vert «avkledd». Det er eit format som litterært finner sin definisjon med Voltaires Candide, den uskuldige som vandrar igjennom livet ukorrumpert av synda rundt seg, eller i teikneseriesamanheng med Harvey Kurtzman og Will Elders «Goodman Beaver».

Problemet mitt med denne boka er at “kyniske verdsbilete” fungerer best med ein kontrast, at det vert opplevd med eit uskuldig blikk eller av ei ærleg sjel. Sjølv kynikaren Diogenes kunne seie at han ikkje trudde på at det ærlege mennesket eksisterte, likevel gjekk han ut med lys og lykt for å leite. Kontrasten i det å ha håp sjølv om ein veit at håpet vil verte knust, er essensen i kynisme.

I tillegg verkar fleire av episodane dårleg motiverte, som om karakterane er drivne meir av kva plottet krevjar enn av indre ynskjer og konfliktar. Dei har den frenetiske energien som ein opplever i ei farses siste desperate scener før alt vert avslørt , men utan oppbygginga eller spenninga av komplekse renkespel som kan avslørast kvart augeblikk.

Til dømes startar boka med ein krangel mellom Morten og ein handverkar som utartar seg til at Morten får bank og bilen hans vert herpa med gjentekne hammarslag mot karosseriet utan at motivasjonen for det, på dette tidspunktet, er truverdig. Alt som skjer etter dette vert eit antiklimaks på actionfronten, og handverkaren ser vi ikkje att.

Denne typen intense, svakt motiverte scener kan virke, og det ganske bra, i korte støyt, men over 120 sider så vert det for trøyttande, hesblesande og overtydeleg for meg.

Middelklassens livsløgner har lenge vore eit ynda tema for satiriske lystspel, lette komediar og farser, frå Molière til Oscar Wilde og Noel Coward, og hos teikneserieskaparar som Lauzier, men dei krever vidd og presisjon. Dette er derimot ei satire som brukar hammar for å få poenga igjennom. Bokstaveleg tala. Det er ein Nils Vogt TV-serie i teikneserieform.

Og det betyr at der er ganske mange der ute som sikkert vil setje mykje meir pris på denne boka enn eg gjer. Kjøp den, gi den til ein «Mot i Brøstet»-fan til jul. Dei vil sikkert setje pris på den sjølv om ikkje eg gjer det.

Rom for Forbedring
av Christian Hartmann
ISBN: 978-82-92226-50-6
132 Sider
Kr. 170,-
Jippi

divider
  1. Tegningene er imponerende nok til å komme fra en femåring. Men det er ikke stort mer man kan forvente fra Jippi..


    Henrik Haukaas    21. December 2014, 03:00    #
  2. Naivistisk eller abstrakt kunst ser kanskje enkelt ut, men det trenger ikke være det. Jeg aner ikke noe om prosessen her, men ofte er det dyktige utøvere som tegner abstrakt eller naivistisk. Fordi det underbygger historien eller det de ønsker å formidle.

    “Skrik” av Edvard Munch er et eksempel. Ikke noe figurativt der. Og i hvert fall ikke fotorealistisk, men likevel gjort av en mann som kunne sine saker.

    Personlig syns jeg det er vanskeligere å tegne naivistisk, fordi det skal være en konsekvent strek og man må på en måte sørge for at det skjer. Alle kan lære seg å tegne realistisk. Ikke alle lærer seg å bruke det som grunnlag for kreativitet. Og ikke alle er så sikre på streken sin at de tør tegne naivistisk.


    Jonas Alexander Larsen    21. December 2014, 14:27    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)