MITT LIV SOM HUND (25.05.15 )
«Hundedagar» er ein visuelt sterk albumdebut.
Anja Dahle Øverbye er ein norsk serieskapar som foreløpig ikkje har gjort så mykje av seg, men den som har sett bidraga hennar i dei to siste utgåvene av «Forresten» kunne ikkje unngå å legge merke til streken: Blyantteikningar med breie, svært stiliserte figurar på enkle, men naturtru bakgrunnar. Historiane hennar er enkle, og består mest av episodar utan eit veldig tydeleg poeng. Alt dette er trekk som går igjen i Anjas første langserie, «Hundedagar», sjølv om albumet også er mykje meir.
Hundedagar er eit fenomen som finner stad på seinsommaren. Ifølge gamal folketru er dette ei tid der det er spesielt varmt, noko som gjer hundane gale, derav namnet. Det er på denne tida vi møter Anne. Anja har innrømma at Anne er henne, og at landskapet ho skildrar kjem frå barndommen hennar på nordvestlandet (nærare bestemt Romsdal). Alt som hender i dette albumet er også frå barndommen hennar, sjølv om ho har teke episodar frå ulike barndomsår og sett dei saman til denne historia som går over ein enkelt seinsommar. Serien er altså eigentleg sjølvbiografisk, men konstruert på ein måte som gir forfattaren større forteljarfridom
Framfor alt er Anja Dahle Øverbye ein visuell forteljar, og her er ho på veldig trygg grunn. Streken hennar er jamn, vakker og flyter godt. Ho let dei enkle, men uttrykksfulle bileta fortelje i størst mogeleg grad. Vestlandsnaturen er eit praktfullt bakteppe som forsterkar både skjønnheita og dramaet i historia. For ei historie fins det her, sjølv om den er består av korte episodar. Anne er bestevener med Mariell, eit forhold som utviklar seg til eit slags sjalusidrama når Mariell begynner å henge saman med den litt eldre Karianne. Du føler eit eigarskap til ei bestevenninne som du føler til ein kjærast, har Anja forklart meg, og set dermed historia tydeleg i perspektiv.
Som alle sjølvbiografisk orienterte serieskaparar er Anja uunngåelege utleverande. Det er særleg ein detalj som stikker seg fram her, utan at eg skal røpe den. Vel så interessant er det at Anja generelt ikkje set seg sjølv (eller den stadfortredande figuren sin) i eit spesielt godt lys. Anne er ei emosjonelt ustadig ung jente. Ho kan vere følsam og forsiktig, men ho kan også vere stor i kjeften, og mobbar like mykje som ho blir mobba. Særleg i eitt tilfelle viser ho tydeleg ufølsamheit.
Sjølv om det er dei små episodane som får dominere, har historia både ei klar samanheng, ein for så vidt ordentleg avslutting, og ikkje minst tydeleg alvor. Heilskapen er der, og den gjer Anja Dahle Øverbye til ein av dei mest originale og heilstøpte nye serieskaparane våre.
Hundagar
Av Anja Dahle Øverbye
ISBN 978-82-92226-56-8
kr. 180
75 sider
Jippi Forlag
UNGDOMMENS KVALER <- Eldre | Nyere -> TILBAKE TIL TOKYO