SERIE TIL FILM: MUMMITROLLET PÅ RIVIERAEN (17.06.15 )
Den nye Mummitroll-filmen er først og fremst ein hyllest til serieskaparen Tove Jansson.

Tove Janssons eigne bøker om Mummidalen er så geniforklarte at det er lett å gløyme at ho også var ein dreven serieteiknar. Eller at mummitrolla var teikneseriefigurar nesten heilt frå starten av – Den første stripeserien kom i 1947, og ein internasjonal versjon starta opp i 1954, framleis teikna av Tove Jansson, etter kvart med hjelp frå broren Lars. Dette er den versjonen som Drawn & Quarterly samla på engelsk og Cappelen Damm samla på norsk. I denne serien boltra Jansson seg i viltre og surrealistiske innfall på ein heilt annan måte enn i dei meir fokuserte prosabøkene.

«Mummitrollet på Rivieraen» vart laga til Tove Janssons hundreårsjubileum i 2014, og hadde verdspremiere i Finland i oktober sama året. Men dei norske distributørane syntes moglegvis temaet passa betre til ein sommarfilm. Kanskje var det betimeleg, for med det sommarveret vi har hatt til nå er det nok mange som gjerne vil drøyme seg vekk til Syden, også når dei går på kino.

Historia i filmen er saksa direkte frå den tredje føljetongen i stripeserien, som opphavleg vart trykka i 1955, og som kan lesast i først bindet av Tove Janssons Samlede Tegneserier Bind 1. Respekten og ærefrykta for Janssons originalverk skin tydeleg igjennom. Streken ligg tett opp til hennar eigen, og bakgrunnane er ofte enkle og einsfarga. Animasjonen har lite av fordjupningar, som om den prøver å sjå mest mogleg todimensjonal ut. Og den er – sjølvsagt – handteikna. I det heile tatt er filmen veldig opptatt å gjenskape stemninga frå dei klassiske stripene. Einkvar fan av Janssons teiknekunst vil verdsetje dette, sjølv om eg lurer på kva ungane vil seie. Dei fleste nordmenn under 30 er vant til den meir straumlinjeforma animasjonen frå den japanske serien Mummi-serien frå 1990.

Akkurat som mange av Asterix-filmane sauser «»Mummitrollet på Rivieraen» saman element frå ulike historiar og putte dei i ein og same film, noko som gir eit litt episodisk preg. Til dømes startar filmen med at ei sjørøvarskute strandar utanfor Mummihuset si brygge. Dette heng berre svakt saman med riviera-plottet, men er kanskje tatt med for å hindre dei minste i å kjede seg. Som ein del av sjørøvarplottet dukkar også Mymlen og Lille My opp for første gongen, sjølv om eg trur det vil forvirre både barna og mange vaksne at Mummitrollet først snakkar til My som om han aldri har møtte henne før. Lille My treng då ikkje å bli introdusert inn i ein Mummitroll-film? Alle tilskodarar tek det vel for gitt at ho alltid har vore ein del av Mummifamilien. I filmen tek dei det uansett for gitt at ho er der, nesten med det same.
Folk som hugsar 1990-serien vil kanskje også bli forvirra over at Lille My plutseleg har Bergensdialekt – Sjølv om den absolutt kler henne!

Litt ute i filmen bestemmer familien for at dei vil reise til den franske rivieraen. Der gir dei seg ut for å vere adelege og menger seg med fiffen – Med veldig variable resultat. Herifrå er mykje meir fokusert, og dei små subplotta frå andre historiar som filmen lurer inn, går greitt saman med hovudplottet. Herifrå er også filmen, punkt for punkt, nesten fullstendig lik teikneserien. Igjen, antakeleg av respekt for Janssons originalverk. Dei få endringane som er gjort fungerer heilt fint, og endrar ikkje på tonen eller stemninga frå teikneserien. Dermed er «Mummitrollet på Rivieraen» eit perfekt høve til å bli kjent med (og la barna dine bli kjent med) Tove Janssons eigenarta og særs originale forteljarstil som serieskapar.

Finland/Frankrike, 2014
Regi: Xavier Picard
Medverkande norske stemmer: Stinius Maurstad (Mummitrollet), Marit Synnøve Berg (Mummimamma), Jon Erling Wevling (Mummipappa), Ovidia Berg Lindquist (Snorkfrøken), Ann Kristin Rasmussen (Lille My), Geir Morstad (Marquis de Mongaga)
1 t. 20 minutt
Norsk premiere 19.juni

VOKSER SOM HISTORIEFORTELLER <- Eldre | Nyere -> FANTOMET NETTOPP NÅ




