HUNDRE ÅR MED KONGESERIAR (28.10.15 )
King Features-syndikatet, den sannsynlege leverandøren av minst ein av favorittseriane dine, nesten same kven du er, har utgjeve ei bok til 100-årsjubileet.

Kva er din favoritt blant teikneseriane i norske bladhyller? No tenkjer eg ikkje først og fremst på slike sjeldne spesialprosjekt som Corto Maltese-album, klassikarar av Jacques Tardi eller kritikar-roste bøker over viktige emne.
Kva er det du setter deg ned og leser for å slappe av til dagleg, eller når det skal vere litt ekstra kos til jul?
Billy? Fantomet? Hårek? Zits? Julehefter med Fiinbeck, Blondie eller Snøfte Smith?
Sjansane er uansett store for at det er ein serie frå King Features Syndicate, ein dei største og eldste formidlarane av stripe-seriar i verda.
Syndikatet vart starta i 1915 av William Randolph Hearst som òg er ulauseleg knytta til tidlege serier som The Yellow Kid og The Katzenjammer Kids (Knoll og Tott), og feira i år 100-årsjubileum. For dei som hadde høve til å få det med seg så var nok rosina i pølsa utstillinga «King of the Comics» der ein kunne sjå originalteikningar, reklamemateriale og artefakter frå heile syndikatets historie. Denne kunne vitjast på Billy Ireland teikneseriemuseum og samling (tilknytta Universitetet i Columbus, Ohio).
Utstillinga var sett saman av Brian Walker, teikneserieforfattar, historikar, museumskurator og son av Mort Walker (Billy). Walker er òg ein av med-redaktørane og bidragsytarane på denne boka, og boka har eit liknande omfang og perspektiv.

Litt personleg teikneseriehistorie av Brian og Greg Walker s. 289
Men boka har ikkje berre eit avgrensa blikk på perioden frå 1915 og utover; den trekkjer linjene heilt attende til Hearst si første tid med aviser og teikneseriar og gir oss ei innføring som òg dekkjer mediet sin spede start i åra før 1915.
Det vart lagt vekt på den gradvise estetiske utviklinga, frå illustrasjons-nære seriar som The Yellow Kid og seriar med tekst under bileta i staden for snakkebobler, til moderne seriar.
På vegen så trekkjer bidragsytarane fram kvinnelege, jødiske og afro-amerikanske serieskaparar og det vert gjort eit poeng av at Hearst sjølv trossa opinionen og redaksjonell kritikk for å stille seg bak minoritets-serieskaparar. Kanskje vert det lagt litt mykje vekt på dei positive sidene til Hearst, men dei negative sidene finner ein jo lett informasjon om i andre kjelder. For meg var mykje av dette ny informasjon.
E. Simms Campbell med «pene damer» enruteren «Cuties» var ein av dei få syndikerte afro-amerikanske serieskaparane. Dette var kontroversielt på 1940-talet, men Hearst lot seg ikkje presse s. 203
Boka er framført kronologisk, etter periodar, med ein del overlapping, som jo er naturleg. Den er òg stappfull med eksempel på King sine teikneseriar og spin-off produkt. Sjølv var eg ikkje klar over det enorme talet med filmar om Blondie, Fiinbeck, Snøfte Smith etc. som vart produsert i løpet av dei første vel 30 åra av syndikatet si historie.

Plakatar til diverse film-og teaterprosjekt med kjende seriefigurar s 78
Det gjekk jo òg opp ein del lys for meg etterkvart som eg oppdaga nett kor mykje av dei amerikanske seriane utgjevne i Noreg fram til ca. 1980 som var stripeseriar frå King.
Denne boka gir ei oversiktleg og grundig innføring i amerikansk stripeseriehistorie. Og sjølv om ein del kjende seriar som «Calvin and Hobbes» (Tommy og Tigern) høyrer under andre syndikat og ikkje er med, så har redaktørane inkludert eit par striper som, med glimt i auget, viser litt av inspirasjonen Watterson har henta frå «Skippy» av Percy Crosby (kjelke-gagen har sin parallell i ein løpande kassebil-gag i «Skippy».)

Always Belittlin’ – Ei topp-stripe for Skippy av Percy Crosby s. 93
Boka fortel òg ein del om korleis serieskaparane utvikla og utnytta potensialet i teikneserieforma, både i visuelle og verbale gags. Det er mykje ein serieskapar kan lære seg om mediet med denne boka som vegkart.

Cliff Sterrets Polly and her Pals var ein av dei meir surrealistiske og visuelt eksperimentelle stripene
Boka har eit stort og greitt format, ca. 25×35 centimeter, men i og med at ein i boka sine første kapittel gjengir heile avissider med seriar, så bør store delar av stripene i desse første kapitla lesast med lupe. Kvaliteten på papir og trykk er utmerka og skarp, og nokon av dei fargelagde nesten 100 år gamle originalane som er gjengitt kan ta pusten frå ein.

Pussy Punpkin av Grace Drayton, òg kjend for serier som «the Campbell Soup Kids» og «Dolly Dimples» (ikkje å forveksle med Pizza-kjeden) s 33
Sidan boka er stappfull med gag-striper, nokon stader 5-6 på kvar side, så har den nok ein viss appell for fans av julehefter og klassiske avisstriper som rein underhaldning. Men det bør ikkje gløymast at dette i hovudsak er eit sakprosaverk, ei historie over amerikanske stripeseriar generelt og King Features spesielt. For dei som ikkje er interessert i historia kring seriane eller historie generelt så kan boka vere hard å kome igjennom, sjølv om den er skriven med god flyt, fengande språk og krydra med interessante anekdotar.
Alle dei største serieskaparane til syndikatet er representert, med gode biografiske detaljar og mykje ny informasjon om andre seriar frå same serieskapar samt informasjon om korleis stripemarknaden fungerte.
I siste kapittel kjem Brian Walker inn på dagens status quo, kva seriar som King har brakt fram den siste tida og utfordringane framover.

Intelligent Life av David Reddick vert i denne stripa vitja av fleire kjende teikneseriefigurar, mange frå utanom King Features. Kjenner de att nokon? s 291
På denne årstida kan ein vel ikkje seie anna enn at boka er den perfekte julegåva til teikneserie-nerdar med sansen for det klassiske.
King of the Comics – 100 Years of King Features.
Redaktør: Dean Mullaney
300 sider
USD 49.99
IDW Publishing / Library of American Comics
ISBN-10: 1631403737
ISBN-13: 978-1631403736

FANTOMET I HURTEN OG STURTEN <- Eldre | Nyere -> ARKITEKTENS INNGANG TIL SERIENE




