Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

ARVA ETTER LANTERNA MAGICA (27.02.16 )

Fredrik Rysjedal held fram eksperimenta med digitale teikneseriar i det offentlege rom.

Av: Trond Sätre

- Fordelen med det digitale formatet er at det ikkje er statisk, forklarer Rysjedal om førestillinga «Eg kjenner ikkje morfar», som var vist i Mariakyrkja i Bergen torsdag kveld. – Dermed er det mogeleg å framføre ein digital teikneserie «live» på storskjerm, og få ei førestilling som kan vere litt forskjellig frå gong til gong.


Fredrik Rysjedal

I kyrkja nytta han VR-briller til å filme fritt inne i statiske, tredimensjonale rom, for såleis å legge kameraføringar inn i teikneseriepresentasjonen. Slikt skapte han ein tredimensjonal effekt i rammescenane til den digitale teikneserien «Lyden av Aurora». Førre gong teikneserien vart vist for publikum på skjerm, var scenane to-dimensjonale.


Mariakyrkja

Den gongen fann førestillinga stad i ein teiknesal på Kunst-og Designhøgskolen i Bergen. Valet fall denne gongen på Bergens eldste bevarte bygning, Mariakyrkja bak Bryggen. Kvifor denne? – På grunn av denne sakrale stemninga, seier Rysjedal, – Eg ville ha noko anna enn ein vanleg scene, og lokalet i Kunst-og Designhøgskolen var litt for «røft». Dessutan er Mariakyrkja historisk knyta opp mot Hansatida, og dermed deler den teikneseriens maritime bakgrunn.

«Lyden av Aurora» handlar nemlig om Rysjedals morfar, krigsseglaren, som han aldri møtte sjølv. Denne mangelen på personleg kontakt var motivasjonen for å lage teikneserien; han ville prøve å setje seg inn i morfarens opplevingar under krigen.

Førestillinga vart denne gongen utvida med den digitale teikneserienovella «Nær, Nærare, Nærast», som hadde ein enklare teknisk presentasjon enn «Aurora». Også i denne nye historia kjem han inn på morfaren. Men mesteparten av «Nær, Nærare, Nærast» er sjølvbiografisk. Truleg var det derfor Rysjedal sjølv påtok seg rolla som forteljar under framføringa.


Lillian Samdal

Forteljar på «Aurora» var for øvrig Lillian Samdal. Dessutan var teikneserien tonesett til improvisert musikk av samtidsmusikkgruppa 1982 , og innleiing til førestillinga var ved 1982s keyboardist på Mariakyrkjas nye orgel.

Formatet viser til den historiske parallellen mellom digitale teikneseriar og tradisjonen med lanterna magica , dvs. skjermbaserte bildeforteljingar frå 17-og 1800-talet.

«Eg Kjenner ikkje morfar» vart vist i ein norskspråkleg versjon klokka 18.00 og ein engelskspråkleg versjon klokka 20.00 denne kvelden. Seinare i år skal førestillinga bli tilgjengeleg på iTunes AppStore.


F.v. Stephan Meidell, Aslak Helgesen , Nils Økland, Sigbjørn Apeland, Frederik Rysjedal og Lillian Samdal. Medverkande som ikkje er med på bildet inkluderer trommis Øyvind Skarbø, og programmerarane Hans Philip Eide og Thomas Tyssøy.

Les også:
Minner frå ein krigsseglar

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)