MINNER FRÅ EIN KRIGSSEGLAR ( 6.06.14 )
Korleis vise ein teikneserie på storskjerm utan at det blir til lysbildeshow eller teiknefilm? Fredrik Rysjedal gjorde eit forsøk.

Torsdag den 5. juni var ein begivenheitsrik kulturkveld for teikneserie-Bergen. I tillegg til at årets Sproingprisar blei delte ut på hovudbiblioteket i Bergen, med tilhøyrande program, arrangerte Fredrik Rysjedal publikumsvisning av teikneserien «Lyden av Aurora».

«Lyden av Aurora» er ei kort teikneserienovelle med etterkrigstematikk teikna og fortalt av Rysjedal. Forteljaren er ei jente som veks opp i tida like etter krigen. Men historia ho fortel tilhøyrer faren hennar, krigsseglaren.

Teikneserien er ein del av Rysjedal sitt kunstneriske utviklingsarbeid på Kunst-og Designhøgskolen i Bergen, der han arbeider med teikneseriar for skjerm.

Stephan Meidell
For verkeleg å gjere det heile til ei kulturaftan blei arrangementet innleia med ein minikonsert, eit forspel av samtidsmusikaren Stephan Meidell. Også sjølve teikneserien blei fortalt med hjelp av samtidsmusikk: «Lyden av Aurora» var tonesatt av gruppa 1982 med Øvind Skarbø, Nils Økland og Sigbjørn Apeland.

1982
Korleis fungerer det då å vise teikneseriar for skjerm? Som eg antyda innleiingsvis kunne det lett blitt noko anna, men det er blitt ein teikneserie. Historiefortellinga er for aktiv og iscenesatt til å kallast ei lysbildeframvisning, men for statisk til å kallast ein animasjonsfilm. Bildene glir elegant over i kvarandre. Dialogen er fortalt med snakkebobler. Skjermen blafrar i vinden frå ei vifte, og understreker dermed den maritime stemninga i historia. Musikken illustrerer handlinga, men blir aldri markant nok til å ta merksemda frå skjermen. Rett nok «juksar» Rysjedal ørlite grann ved at han lar håret til sjømennene blafre mens resten av figurane står stille, og sett på avstand flyt skipa stil over skjermen. Men dette er for subtilt til å kallast animasjon i vanleg forstand. Meir som teikneserie med noko attåt, teikneserie som kan visast for eit publikum.




Og publikum fekk den. Arrangementet, som fant stad i ein teiknesal på Kunst-og Designhøgskolen, var fullstappa, og Rysjedal følte han måtte be om unnskyldning for ikkje å ha greid å finne nok stolar. Det lover godt for framtidige teikneserieframføringar.
Les også:
Arva etter lanterna magica

ÅRETS VINNERE <- Eldre | Nyere -> BAMSE FORTSETTER





Interessant. Noe sånt kunne vært kult på som program på Raptus…
— Levi 7. June 2014, 09:23 #