Coveravsløring: Mia Myhr

I oktober 2021 blei det kunngjort at Sara Hjardar vann førsteprisen i Egmonts teikneseriekonkurranse for «Mia og barna som forsvant». Serienett gir deg første kikken på forsida til den kommande boka.

Aller først bør det presiserast at eg går ikkje like blindt inn i denne reaksjonen som til vanleg. Eg fekk sjå eit førsteutkast til forsida, og kjenner premissen, som Sara Hjardar forklarte like før finaleavgjerda i fjør haust, og som Serienett formidla vidare:

Hovudpersonen Mia flytter inn i det gamle huset til bestemora, like ved ein mystisk innsjø, ein som visstnok aldri har vore der før. Barna som drog for å bade i den nye innsjøen, kom aldri tilbake. Så forsvinner Mias storesyster. Ei mørk og skummel verd venter Mia når ho skal løyse mysteriet med dei forsvunne.

Forsida ser slik ut:

Og dermed kan eg stadfeste at dette eigentleg ikkje er ein « blind» reaksjon på sjølve forsida heller, for den er nesten identisk med forsida som Hjardar leverte til konkurransen, og som Serienett også offentleggjorde i fjor haust. Men visse små endringar er gjort.

For det første har hovudpersonen nå eit fullt namn, og det er meir framheva enn før. Fonten som heilskap er også større og meir dramatisk enn tidlegare, og dermed kanskje betre eigne til å trekke merksemd i bokhandelen.

For det andre er nyansane av gråsvart, blått og raudt mørkare og kraftigare. Skapningen i midten er teikna litt større og meir detaljert enn før. Kort sagt, alt er litt større eller mørkare i forhold til førsteutkastet. Men kanskje den tydlegaste skilnaden er at medaljongen som Mia bar i førsteutkastet er fjerna, av grunnar som eg ikkje skal spekulere på før eg kjenner plottet meir i detalj.   

Jenta som er avbilda øvst er sannsynlegvis Mia sjølv. Ho ser redd og usikker ut, som for å gi oss eit inntrykk av mysteriets natur. Særleg med tanke på premissen merkar ein seg også vatnet nederst, som truleg er den mystiske innsjøen. Trugselen som den representerer blir framheva av at orda «barna som forsavnt» lagar krusningar i vatnet medan namnet på hovudpersonen er over vatnet, og liksom «på landjorda». Historietittelen er som vatn, namnet på hovudpersonen er som skog. Skog er elles også sentralt i bildebruken. Mias sikt er delvis sperra av eit tre, og det unaturlege vesenet som vi med litt fantasi kan gjette at har noko med forsvinningane å gjere, står midt i ein lysning i skogen.

Forlaget har også latt oss få avsløre baksida på denne første boka i serien:

Den seier oss strengt tatt ikkje meir enn forsida, men berre understrekar skogsmotivet og tydinga til det mystiske vesenet frå forsida.

Illustrasjonane har relativt få detaljar, men gjer vellukka bruk av dei som vi får, og som gir bestemte assosiasjonar. Vatnet og skogen om natta tyder på fare. Skikkelsen i skogen tyder på eit overnaturleg trugsmål, og plasserer serien instinktivt, i lesarens bevisstheit, både i kategoriane fantasy og grøssar. Mias ansikt tyder på ein protagonist ramma av ei uhygge som lesarane – viss boka lever opp til forventningane skapt av forsida – vil kunne relatere seg til. Illustrasjonane bærer med seg implisitte lovnader om ein NME-teikneserie som er skumlare enn det vi har sett hittil.  

«Mia Myhre og barna som forsvant» debuterer i midten av august.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *