He-Man i hettegenser

På godt og vondt begynner Arkin å likne ein superhelt i fjerde bindet av serien sin, «Lyset».

«Arkin  – Lysets vokter» av Helge Lee, alias H.L. Phoenix, er alltid ein av dei nordisk manga-titlane eg ser mest fram til. Ikkje nødvendigvis fordi den er best, men fordi den er annleis. For det første er den annleis teikna, meir vestleg enn manga, dem etterstreber ikkje grafisk realisme, men er i staden rund og brei. Fargar og bakgrunnar gir ein meir oppslukande stemning.

Den er også annleis fortald. Dei fleste relaterte titlane frå Egmont (nå snart frå Bonnier/TNT) er som reine eventyr, fantastisk, men likavel handgripeleg. Arkin er som ein metafysisk new age-fabel. Alt som skjer blir vi inviterte til å lese som parablar.

Men endringar er undervegs. «Lyset» er todelt. I første halvdelen vender Arkjn attende til rådet etter prøvingane i førre boka, og blir bedt om å «meditere, fokusere, og akseptere» i eit par dagar. Det som eigentleg skjer, er at han utviklar (eller manifesterer) magiske krefter. Sjølvsagt kan ein framleis lese dette som ein parabel – Arkin er blitt sterkare, også mentalt –  men i andre halvdel av boka er magien blitt ganske handgripeleg.

Vi blir også introdusert for Nemeroths helveteshund Svartvarg, som altså har eit mykje meir beskrivande namn enn sin herre. Nemeroth er framleis i kulissane, men vi får i alle fall ein kikk på silhuetten hans i heilfigur, og det er eit eggande uhumskt skode  

På godt og vondt begynner Arkin å likne ein superhelt (eller spelhelt) i «Lyset». Omslaget gir då også eit klart frampek om dette; pennen er bokstaveleg tala blitt eit våpen, og Arkin er stridslysten. Ikkje veldig new age, men serieskaparen tenkte vel det var på tide å gi ungane litt action etter over 600 sider med psykologisk fantasy.  Danningsreisa som vi ha vore vitnar til gjennom tre og ei halv bok, kan minner litt om Dr. Stranges bakgrunnshistorie. Sjølv om mange nok instinktivt vil sjå til Luke Skywalkers opphald på planeten Dagobah (det hjelper at Unnodeh likna på Yoda). I det heile teke er det mange populærkulturelle referansar som ein utan store vanskar kan leite opp her. Om dei er bevisste, underbevisste eller faktisk tilfeldige, så gjer H.L. klokt i å late som ingen ting. Arkin er ikkje den typen teikneserie som kler det å skulle vitse med referansar. Så langt er det knapt ein serie som kler vitsar i det heile teke, og den unngår sånt   

Tør eg seie «I HAVE THE POWER!»?

Ikkje desto mindre er det freistande å sjå på dei populærkulturelle parallellane og slå fast kva H.L gjer som er nytt med dei. Arkins første fysiske kamp er litt «Masters of the Universe i mørket». Blodet er kanskje ikkje raudt, men blod er det nok. I pressemeldinga skrytar ein ikkje berre av den actionfylte avsluttinga, men serieskaparen snakkar også om korleis denne boka kunne hatt «betydeleg høgare aldersgrense» på film enn dei tidlegare. Alt dette har dei full dekning for, og det ser like tøft ut som det blir presentert. Eg er ikkje mindre barnsleg enn at eg fekk eit kick av å sjå milde Arkin ta rolla som He-Man, og intensivere den.

Kanskje var det føreseieleg at Arkin skulle bli ein actionhelt, men det er framleis mogeleg for serien ta uventa vendingar. Eg er (og har vel heile tida vore) mest spent på om oppgjeret med Nemeroth blir ein visuelt sterk, kosmisk finaleboss-kamp utan noko meir ved seg, eller om H.L. greier å gi den ekstra dimensjon. Som er det han antakeleg ønsker.


Arkin, lysets vokter (4) – Lyset
Av. H.L. Phoenix
200 sider
329 kr,
Egmont  

Les også:
Anmelding av B1 – «Hemmligheten»
Anmelding av B2 – «Håpet»
Anmelding av B3 – «Valget»
Intervju med H.L. Phoenix

Videointervju med H.L. Phoenix.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *