Det episke finaleheatet

Serienetts guide til finalistane i Egmonts konkurranse for «episke» teikneseriar.

Egmont var så nøgde med konkurransens utvikling at dei likså godt sendte ut ei pressemelding om det, halvanna veke før kåringa av vinnarane skal skje. Av over 200 påmeldte er det nå 25 offentleggjorde titlar som forlagshuset har gått ut med. «Titlar», fordi det er snakk om fleire enn 25 serieskaparar; der Egmonts utgjevne fantasyseriar til nå har vore laga av auteurar, er det ei handfull med forfattar/teiknarduoar blant årets deltakarar.

Dei fleste finalistane er håpefull unge norske teiknarar, men det finst også nokre veteranar og utanlandske partnarar på lista. Dei fleste titlane er fantasy i ulike formar, men det førekommer også science fiction, dystopier, grøss og meir historisk funderte konsept.

Vinnarane blir kunngjorte den 15. oktober.

Dei som står att er:

Einherjar av Didrik Magnus-Andresen
Dei meir observante skjønner kanskje straks at Einherjar er satt i vikingtida. Serien handlar om ein krigar som får ordre av sin herre om å kjempe mot han, i håp om at han skal komme til Valhall. Utfordringa går etter planen, men krigaren blir sett av vitne som ikkje trur på forklaringa hans. Dermed blir han lyst fredlaus, og er nøydd til å vandre herrelaus rundt i håp om å gjenopprette æra.

Forbi stjernenes port av Sam Einar Engh Syftestad (manus) og Benedicte Luane Kristensen (teikning)
Paprika og hennar onkel Oliver blir kjent med romvesenet Kaba. Saman prøver dei å løyse mysteriet om Kabas halskjede og den myteomspunne «Stjernenes Port». I kjernen av historia ligg det ein bodskap om familie og samhald, seier serieskaparen, som nemner Indiana Jones, Pirates of the Carribean og Star Wars som inspirasjonskjelder.

Fish Out of Water av Helsa A. Bough
Serieskaparen omtaler serien slik: «Denne boka kommer til å handle om: Sorg, dysfunksjon, mental helse. Og menneskene vi beholder i livet». Alt dette sentrert rundt ein svart kanin som hovudperson.

Spøkelsesseilene av Emmet O’Brien (manus) og Charlie Aabø (teikning)
Charlie Aabø har tidlegare prøvd å slå gjennom med «Jon Pay», ein fransk-belgisk -inspirert teikneserie frå den mytiske gangstergullalderen i USA. Han var gjest på Raptus i 2004, der han også lanserte det første og einaste norskspråklege Jon Pay-albumet, på forlaget Seriehuset. Nå bur han i Irland, der også forfattaren hans kjem frå. Han kan røpe så mykje som at det er snakk om eit episk eventyr med både sjørøvarar, mørk magi og spøkelse, og både action og humor.

Jeanne d’Arc av Eivind Bovor
Akkurat det tittelen tyder på: Livshistoria til Jeanne d’Arc i teikneserieformat, og truleg eit sjeldan eksempel eit bidrag som ikkje berre er historisk fundert, men også prøver å vere historisk truverdig. Serieskaparen, som ser for seg tre bind, seier det slik:

«Siden jeg er historieinteressert vil jeg også holde meg til tidsriktige klær, rustninger m.m. Det som fascinerer meg er gode, sanne fortellinger fra vår historie.»

Anubis – Dog of Death av Sindre Finnøy (manus) og John Barry Ballaran (teikning)
Dette konseptet har Sindre Finnøy hatt i sirkulasjon ei stund, og han held ennå på med å produsere og gi den ut i bladform via Kickstarter. Den egyptiske dødsguden Anubis blir gjenfødt som ein skjødehund i dagens Los Angeles. Les meir om serien her.

(For ordens skuld: Dette er det einaste bidraget som underteikna har lese ein heil historie av)

Ekko av Linn Catherin Hansen
Post-apokalyptisk sci-fi  om ein gut som reiser til framtida for å leite etter faren sin i ei verd der monster er i ferd med å ta overhand.

Trollungen av Gert Olav Stene
Trollungen Ask er heilt åleine etter moras bortgang. Dei to hadde budd isolert i ein liten skog. Handlinga tek av når Ask, saman med kaninen Hera, dreg til den store Gammelskogen, på jakt etter noko han har mista, og i håp om å finne andre troll. Der møter dei ymse dyr, skogsandar, insekt, Paddekongen og eit orakel, og lærer etter kvart kva som skjedde med dei andre trolla.

Vanderguard av Karoline Grønvik  
Bri oppdagar at ho kan vandre gjennom draumar og sjå andar frå ei anna verd. Ho møter ein professor frå eit universitet der dei studerer slike fenomen, og blir med han på ei reise gjennom Vandergard – Eit land som framleis er prega av ein stor krig som blei utkjempa for lenge sidan.

Glimt av Håvard Heggenhougen
Opp Ned Sagaens Håvard Heggenhougen har ein ny serie på gong. Historia har ein «worldbuilding-hook» som han enn så lenge vil halde litt tett til brystet. Det han kan seie, er at dette er ein fantasy for barn, det handlar om flukt, og med fokus på spenning og eventyr.

Rawr! av Jaws
I denne serien følger vi bloggaren Loup og brytaren Daisy May, korleis dei blir kjent med kvarandre og oppdagar skilnader og likskapar ved jobbane sine. Historia er ei reise gjennom karakterutvikling i ei verd ganske lik vår eiga, men med overnaturlege element.

Mosegrodd av Ingvild Kristiansen
Ingvild Kristiansen er også kjent som Keflingur. Ho har produsert ei handfull fanziner, og er ofte å sjå på OCX sin marknadsplass. Serieskaparens beskriving av denne verkar i utgangspunktet meir jordnær enn dei fleste bidraga, rett nok med eit eksotisk, og ikkje minst eit psykologisk aspekt: Tenåring med tapsangst blir separert frå sine næraste og forviller seg midt oppi ein ulmande konflikt mellom to stammar djupt inne i urskogen. Der blir han konfrontert med si største frykt.

Lunas tåre av Bård Lilleøien
Bård Lilleøien gir seg aldri. Etter at hans mest kjente serie, «Dadaph Serraph» var fullenda, har han eksperimentert vidare med fantasy, sci-fi og absurd humor. «Lunas Tåre» verkar å vere heilt i tråd med dette. Den handlar om Perle, ei jente som kræsjlandar pappas sopelime i byen Dalberg. Her møter ho robotgutten Frank og den mystiske Rebekka, og saman må de stå imot byens onde herskar, Fendrick von Fandenskap.

Den røde borgen av Sam Klein
Den amerikansk-norske grafiske designaren som er kjent for m.a. å produsere mykje materiale til bladet Billy, satsar på ambisiøs og rotekte high fantasy. «Den røde borgen» er eit storslått fantasi-eventyr om krig, kjærleik, hemn, sorg og tilgjeving som rommer 2000 år. Den udødelege krigaren Nova slår seg i lag med ein barbar, ein riddar, ein tjuv og eit marsvin for å søke etter den røde borgas hemmelegheit, hundrevis av år etter at ei katastrofe endra heile verda.

Sennas hjerte av Tessa Nelissen
Boken følger eventyra til Elin (og katten hennar Loki), Lea og Manu. Disse tre har fått innpass i Jegerkompaniet, ei gruppe elitesoldatar som prøver å finne ein måte å redde heimplaneten sin, Senna, på. For 80 år sidan begynte planetens ytre plan å smuldre vekk, og dette problemet spreier seg.

Mia og barna som forsvant av Sara Hjardar
Ein skikkeleg thriller. Hovudpersonen Mia flytter inn i det gamle huset til bestemora, like ved ein mystisk innsjø, ein som visstnok aldri har vore der før. Barna som drog for å bade i den nye innsjøen, kom aldri tilbake. Så forsvinner Mias storesyster. Ei mørk og skummel verd venter Mia når ho skal løyse mysteriet med dei forsvunne.

Limbo av Peder Hornseth Nygaard
Limbo tar utgangspunkt i akkurat det tittelen seier, det mytiske dødsriket Limbus eller Limbo. Hovudpersonen er Pistasj, ei jente som prøver å flykte ut av Limbo, et sted mellom livet og døden.

Månepalasset av Sigrid Moe
Utspelar seg i ei verd der dei som sit på makta blir kalla månevandrarar. Månevandrarane er kjent for sin unike usjånad og sinnsro, som er noko hovudpersonen Luna ønsker å oppnå. På reisa til månepalasset møter ho ulike menneske som representerer ein av dei fem grunnkjenslene: sinne, glede, redsel, avsky og sorg. Med historia ønsker serieskaparen å belyse desse kjenslene, og filosofere rundt dei.

Zombie (arbeidstittel) av Stian Marton Hansen
Ein zombie-apokalypse, men serieskaparen understrekar viktigheita av det personlege aspektet. Eigentleg er dette ei historie om kor skummelt det kan vere å begynne på ungdomsskulen for første gongen. Tobias møter ein gjeng ustabile ungdommar som bur på en forlate skole. De hjelper Tobias med å leite etter mora, trener han å kjempe mot dei vandaude, og gir han får ein trygg plass å sove.

Navigatøren av Even Skaranger
Dystopi og romeventyr; Serieskaparen omtaler soga som ein cyber-renessanse, som til tider er poetisk og tek seg nokre kunstnariske fridomar for å framheve filosofien som er ein del av historia. Hovudpersonen Rachel er ei djupt-tenkande og kunstnarisk jente i ei verd som er prega av krig, dogme, industrialisering og sjukdom. Ho er på leit etter farens bortkomne hemmelege orden “Navigatørane”, som ein gong var et forum for vitskapsfolk, filosofar og kunstnarar.

Man må jo se Europa av Jofrid Sandgren Østenstad
Sandgren Østenstad, alias «Sildesalaten», er også ofte å sjå på OCX sin marknadsplass med eigne fanziner. Akkurat som tittelen fortel, handlar denne serien om unge menneske på danningsreise til Europa – På 1700-tallet. Historisk, men med visse kreative fridomar

Datter av Atlantis av Lucy Østmann (manus) og Tiril J. Bellinghiri (teikning)
Ein ung dykkar leiter etter svar på kva som skjedde med faren hennar etter at han forsvann under mystiske omstende på havet. Søket leiar henne til, nettopp, den forsvunne byen Atlantis.

Krystallbærerne av Karoline Lie
Animatør Karoline Lie har laga ei soge om den «gompefødte» 13 år gamle Alexis, som blir invitert inn i Krystallberarane sine rekker etter at ho. som den første i familien sin, utviklar magiske evner. Historia følger Alexis si reise inn i organisasjonen, der det ikkje berre gøymer seg fantastiske underverk, men også mørke hemmelegheitar som trugar heile verda.

Denne oversikten er basert på ein spørrerunde blant alle dei 25 finalistane på lista. 23 har svart. Oppdatert 11.10.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *