Coveravsløring: Portaltreet

Malin Falch tek ein sluttspurt, og utgir to Nordlys-bøker i 2022. Serienett gir deg den første kikken på begge.

Kulturplot kunne i går melde at den første Nordlys-sagaen blir avslutta neste år, med bøkene «Portaltreet» del 1 og 2. Desse kjem ut henholdsvis i januar og august/september 2022. Malin Falch kallar det sjølv for klimakset i historia. I ein framgangsmåte vi etter kvart kjenner frå filmindustrien blir siste delen av ein episk saga delt i to avsnitt.

Dette er ikkje slutten på serien, for Malin Falch forsikrar publikum om at ho har flere idear til Jotundalens univers. Eller multivers; tittelen på denne doble finalen tyder jo på at det fleirdimensjonale aspeketet kan bli viktig.

For ordens skuld, omslaget til første bindet ser slik ut:


Men meir interessant enn korleis kvart bind av «Portaltreet» ser ut i isolasjon, er det vel å sjå heilskapen. Her er det komplette omslaget, eller «filmplakaten» til Portaltreet del 1 og 2:


Som vi ser er fire hovudfigurar framheva: Frå venstre Lotta, Sonja, Espen og trellen Kjetil. Dei tre første har vore sentrale skikkelsar i serien sidan dei debuterte, mens Kjetil har halde seg litt meir i bakgrunnen, sjølv om det har vore antyda meir enn ein gong at han kan kome til å bli viktig. Nede til venstre og høgre ser vi glimt av det som kan vise seg å bli nokre av dei meir dramatiske scenane i dei kommande bøkene: Troll på veg mot vikinglandsbyen, og eit vikingskip som er i ferd med å møte sjøormen på opprørt hav.

Den oppmerksame lesar vil legge merke til at Espen har eit ferskt arr og at han verkar å vere i krigshumør, kanskje delvis som eit resultat av arret. Kjetil på si side har fått ein mykje meir fornem kledning enn før. Dette viser truleg tilbake til ein scene i «Trollriket», der jarlen førespeglar han fridomen dersom han lukkast med eit bestemt oppdrag.

Endeleg står det som vi må anta er det titulære treet sentralt i bakgrunnen. Verdstreet Yggdrasil frå norrøn mytologi kan ha vore eit førebilete, men som framgår av tittelen på desse to binda er dette sitt eige vedundertre med ein klart definert funksjon.

Alt teiknar til at 2022 blir det store Nordlys-året.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *