Villsvinet er meg

Berenika Kolomycka har nettbrett, men bruker helst papir. -Eg elskar å gjere feil, for feila er ein viktig del av arbeidet mitt, seier den polske teikneserieskaparen. Den mest kjente serien hennar, «På fire bein» blir fortløpande utgjeve på norsk.

Berenika fekk gjennombrotet sitt i 2011, då ho vann Grand Prix på teikneseriefestivalen i  Łódź, med ein ti siders historie om ein hund som vil bli menneske, og ein (menneskeleg) doktor som til slutt bytar plass med han.

Bakgrunnen hennar er frå kunstakademiet i Warszawa. Akademiet har mange ulike greiner, og av desse er vel «grafisk kunst» det som ligg nærmast teikneseriar, men Berenika starta i ein heilt annan avdeling.

Ein familie av arkitektar
-Foreldra hennar er arkitektar. I oppveksten var ho alltid omgitt av kunst og arkitektur, og ville vere del i det. Men i familien hennar var det allereie fem arkitektar, så ho ville ikkje bli endå ein. Skulptering såg ho på som ein mellomting mellom arkitektur og dei «skjønne» kunstar. Men ho tok også klassar i måling og grafisk design. I løpet av tredje og fjerde året på studiet møtte ho fleire teikneserieskaparar, og ho blei stadig meir interessert, men det var hennar dåverande kjærast, Krzysztof Gawronkiewicz, som overtydde henne til å lage teikneserie sjølv. Til mastergraden laga ho ein teikneserie med ein tilhøyrande skulptert arkitektonisk modell.  Nesten frå augneblikket ho først prøvde på det, visste ho at teikneseriar var den rette kunstnariske løpebanen for henne.

Berenika er ikkje lenger saman med Krzysztof, men rosar arbeidet hans. Internasjonalt er Krzysztof Gawronkiewicz mest kjent for arbeidet sitt på «Les extravagantes enquêtes d’Otto et Watson», ein franskpublisert serie med manus av ein annan av hennar tidlegare samarbeidspartnarar, Grzegorz Janusz.

Medan ho heldt på med sine tidlege teikneseriar prøvde ho å finne si eiga målestil, først med akryl, deretter med vassfargar. Sistnemnte stilen brukar ho også i sin mest kjente teikneserie, »På fire bein», ein stemningsfull serie om vandringa til ein liten rev og eit stort villsvin.   

Nyttig å gjere feil
-Eg elskar papiret ein bruker, teksturen, utstyret, fortel ho om vassfargemålinga. Eg elskar å gjere feil, for feila er ein viktig del av arbeidet mitt. Eg har nettbrett, og gjer grafiske design og teikneseriar også på dette, men det er for lett å endre; berre trykk CTRL+Z.

Eigentleg jobba Berenika som grafisk designar for eit lite selskap, for ho trong pengane, men var lei og utilfreds. Ho fekk lyst til å vende attende til teikneseriane. Sjansen baud seg då ho meldte seg på ein konkurranse om å lage ein barneteikneserie. Serien handla om ho sjølv og hunden hennar…berre det at ho blei eit villsvin, og hunden hennar blei ein rev. Slik begynte det som skulle bli «På fire bein», og fordi serien vann konkurransen, spurte forleggaren om ho kunne gjere det til ein framhaldsserie. Så ho gjorde det. og serien selde godt. Den er nå oppe i åtte bind. To av dei er omsett til norsk, og eit tredje kjem denne våren.  

-Det er veldig behageleg å fortelje historier om dyr, seier ho. -Eg kan få sagt meir med dyr, for det treng ikkje å vere realistisk. Og dei er meir uskuldige. Berenika lagar også ein annan barneserie om dyr, denne rett nok i samhandling med menneske, «Mika».  Mika er ei svært lita jente som utforskar heimens kvardagsmysterier saman med ein frosk, ein edderkopp og ein larve. Serien er så langt kome ut i to bind. Dei mest kjente teikneseriane hennar er for førskulenivå, kanskje tidleg grunnskulenivå, men ho held også på med å utvikle ein teikneserie for vaksne. Denne er basert på krigserfaringane til bestefaren, som hjalp folk med å flykte frå Auschwitz, mellom anna bror hans.

Ho rakk ikkje å skrive ned overleveringane frå bestefarens eigen munn, og har difor reist rundt i Polen for å samle informasjon om denne saka, noko som også blir ein del av sjølve teikneserien, kan Berenika røpe avslutningsvis.

www.berenikakolomycka.pl

Les også:
Anmeldingar av «På fire bein»-bøkene

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *