Nerdefest i Fjøra

Sogn og Fjordane får sitt første con, takka vere lokale krefter frå kultur- og næringsliv. Arrangørane satsar på å trekke rundt 3000 gjester.

Sentrum av Sogndal (også kalla Fjøra), har ikkje bystatus, men dei har høgskule (HVL), stadion og kulturhus. Og snart ein eigen con. Den 1. mars blir den første SognaCon arrangert på Sogndal Kulturhus.

-Vi har ikkje delt inn i roller eller titlar når det kjem til SognaCon, men det er i hovudsak eg som har teke initiativ til, og som organiserer, arrangementet, seier marknads- og arrangementsansvarleg på kulturhuset, Per Helge Pelle Hågvar (Pelle blant vener). Utover det er con’et eit samarbeid mellom Sogndal Kulturhus og Sogndal Bibliotek, med støtte frå Sparebank1 Sogn og Fjordane.

Per Helge Pelle Hågvar (utlånt privat foto)

Inspirasjon frå Lillestrøm
Ideen fekk han frå SpillExpo i Lillestrøm, der han kvart år pleier å ta med dei eldste ungane sine:

-Det er Noregs største spelemesse med hovudfokus på gaming, men som også inneheld cosplay, brettspel, rollespel og liknande. Eg har lenge hatt lyst til å få til noko liknande, men i mindre skala, på kulturhuset. Då eg då lanserte idéen for Sparebanken og dei hadde lyst å vere med, var det berre å brette opp ermane og setje i gang. Men at vi skulle få til noko eit so stort arrangement, prega av ein so høg standard og kvalitet, allereie frå år 1 – det hadde eg ikkje drøymt om. So eg er veldig nøgd med det.

Undervegs har Hågvar rådført seg med ei lokal ungdomsgruppe som har vore aktive i ei rollespelgruppe dei starta opp på kulturhuset. -På den måten har eg fått satt opp eit ønska program, og har jobba for å skaffe folk til å ha til dømes show og foredrag om aktuelle tema, fortel han. -I tillegg har eg gått aktivt ut for å prøve å få relevante bedrifter og organisasjonar til å ha stands under con’et. Under sjølve arrangementet har vi frivillige som har meldt seg for å lære opp, og spele med publikum på diverse brettspel, rollespel og liknande. Dette er lokale folk i ulike aldrar. I tillegg kjem klubben Warpdust Wargaming ned frå Førde for å ha opplæring og speling av Pokémon TCG og Warhammer, Foreningen Spillkultur kjem opp frå Bergen for å ha miniatyrmåling og Blood on the Clocktower, og bedrifta Game Ninja kjem opp frå Haugesund for å tilby kurs i Lorcana. Det er heilt fantastisk at desse vil ta turen og gi publikum eit enda større og betre tilbod.

Samlar inn premiar
Nokon rein teikneseriefestival er det altså ikkje, men Hiwar Nehli, som er aktuell med «Mantikorens Kongerike» er ein av gjestene, og to manga-teiknekurs står også på programmet. Dessutan skal Überpress og Outland ha stand, for det blir også ein marknadsplass på SognaCon. Per no er 24 stands av ulike storleikar påmeldt, og det er nesten fullt. – Sidan dette året er eit prøveprosjekt tek me ikkje betalt for stand, MEN dei som skal ha stand må bidra til 2 digre premieøskjer me lagar til, forklarar Hågvar. – Den eine vert gitt til ein tilfeldig publikum og den andre til ein tilfeldig utkledd/cosplayer. Det vert nokre heftige premiar.

Sjølv om dei ikkje er direkte involvert, håpar og trur han at mange studentar vil ta turen innom på sjølve dagen, for han veit at mange av dei er interesserte i tema som SognaCon dekker. I tillegg skal Læringslaben til høgskulen ha ein stand under con’et.

-Eg er sjølvsagt spent på kor mange som kjem, held Hågvar fram. -Det meste som skjer på SognaCon er gratis, både show og foredrag i Storsalen, speling på spelegalleriet og anna, men det er mykje ein må ta ut gratisbillett til. Det gir oss ein liten peikepinn på kor mange som kjem. Om eg samanliknar med andre store arrangement vi har, som Den store kinodagen til dømes, så vil eg sei vi ligg godt i rute. Eg håpar på at vi skal runde 3000 publikum i løpet av dagen. Og med so mykje program og spesielt utvalde kinofilmar vi har å tilby, som famnar om tema som gaming, manga, cosplay, rollespel, e-sport, anime, design, speleutvikling og anna – so er det noko her for dei fleste av oss nerdar. Eg håpar på at eg skal få sett noko av foredraga og showa, men er redd for at eg vert springande rundt som ein jojo denne dagen, avsluttar han.


Forsidebilete: Sogndal Kulturhus; foto utlånt frå Sogndal kommune sine heimesider.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *