Serienett 20 år!

På dagens dato, den 3. februar 2006, starta Kristian Hellesund offisielt opp Serienett.

Forsideillustrasjon av Eden B. Melles

Heilt frå byrjinga formidla Serienett ei blanding av anmeldingar, reportasjar og nyheitsnotisar. Kristian hadde då allereie drive blogg om teikneseriar ei lita stund; han starta «Superhelter i Norge» i juni 2005.   I byrjinga styrte Kristian nettstaden aleine, men etter kvart knyta han til seg medarbeidarar frå kretsen rundt teikneseriefestivalen Raptus, frå 2007 og utover. Redaksjonen bestod, i tillegg til Kristian, av Trond Sätre, Frank Flæsland, Arild Wærness, Knut Robert Knutsen og Øystein Nordvik. Desse skulle seinare kome til å utgjere fundamentet for teikneserieforeininga seriX.

I 2014 overtok Trond redaktørstillinga Serienett, som han har behalde sidan. Kort tid etter pensjonerte Kristian offisielt den nå inaktive bloggen «Superhelter i Norge».

Ei stund etter redaktørskiftet hadde nettsida til Serienett framleis ein noko bloggprega utsjånad, sjølv om den i innhald var blitt meir som eit tidsskrift. I 2016, nærmare bestemt den 30. august, fekk Serienett ei viktig ansiktsløfting då vi skifta til vårt nåverande format, og fekk eit design som samsvara med tidsskriftstatusen. Det betyr forresten at Serienett i år også kan markere ti-årsjubileet for sin nåverande utsjånad.

Dette innlegget er sjølvsagt ikkje den einaste markeringa som er planlagt for 20 års-jubileet. Vi i Serienett og seriX kjem tilbake med fleire detaljar på vårparten.

I mellomtida takkar vi alle lesarar som kjem til oss for å få bli informert om teikneseriar , og alle bransjefolk for vedvarande godt samarbeid. Vi håpar og forventer mange fleire gode år med vidare utvikling av vårt journalistisk innhald.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *