TNT overtek katalogen

TNT overtek det meste av «Nordic Manga»-katalogen idet Oppfinneren også går over til forlaget.

Tonje Tornes kan stadfeste av TNT har overteke rettigheitane og bak-katalogen til dei aller fleste titlane frå og med 2026. Dette kan ein også sjå av det nå utvida utvalet i nettbutikken til TNT/Bonnier.

I desse dagar gir TNT gir ut eit nytt opplag av «Nordlys: Reisen til Jotundalen», boka som starta det heile i 2018.

Etter suksessen med Nordlys lanserte Egmont begrepet «Nordic Manga» som ei fellesnemning for nye norske fantasyseriar, på forslag frå Tormod Løkling. Fenomenet heldt fram med å vekse i antal og popularitet heilt til Tonje Tornes sa opp stillinga si og begynte hos Bonnier hausten 2024. Dei fleste serieskaparane som hadde jobba tett med henne på NM-titlar meldte straks overgang til same forlaget. Litt seinare på hausten meldte Tormod Løkling også overgang, og slik blei namnet TNT til.

TNT er eit imprint under forlaget Bonnier, og dei styrer nå over alle NM-framhaldsseriar som blei starta før hausten 2024, med eitt unnatak. Soluna kom nett ut med sitt andre bind, på Egmont. Og sidan hausten 2024 har Egmont lansert fleire nye titlar i fantasy-sjangeren, som Maria Storm, Jasper, Trollungen og ny heilt nyleg, Owin Undring. Egmont bruker ennå NM-begrepet i marknadsføring på sosiale media.

Den siste av NM-titlane som har gått over til TNT er Oppfinneren (sjå forsidebilde). Serieskapar Lars Henrik Eriksen kan nå røpe at tredje Oppfinneren-boka, «Øya som forsvant» kjem på TNT til hausten.   

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *