Ei omfangsrik arv

Nexus rotated e1789036893844

Vi har mista Thore Hansen, ein av Norges mest særprega og mangefasetterte teiknarar gjennom tidene.

Hansen døydde natt til tysdag, 84 år gamal. Han sovna fredfullt inn med familien rundt seg, ifølge NTB.

Hansen er mest kjent for å ha laga bøkene om sjøormen Ruffen saman med Tor Åge Bringsværd. Det kom ni bildebøker om Ruffen frå 1972 til 2019, pluss eit julehefte (meir om det litt seinare).

Men dette kjem berre på toppen av ei kolossal merittliste. Både som forfattar og teiknar var han svært produktiv, og i mange tiår var det nær umogeleg å ikkje møte på teikningane hans, både her og der og mest over alt. I tillegg til å illustrere eigne bøker, tok han alle moglege teiknesoppdrag, og streken hans var så karakteristisk at ein aldri kunne ta feil av den. Figurane hans hadde typisk store naser, runde kroppar, fårete ansiktsuttrykk og utståande augeeple, og mangla ofte markante haker og halsar. Med slike kjenneteikn seier det kanskje seg sjølv at han ofte blei assosiert med humoristiske bøker, alt frå reine vitsesamlingar til den store revyviseboka «Toner fra Tigerstaden»  (1979).

TH satyren

Men ein nærare kikk på bibliografien hans viser at Thore Hansen var langt meir allsidig enn som så. I tillegg til Ruffen skreiv og teikna han mykje anna innan barnebøker, pluss fantasy og science fiction, m.a. «Han som lengtet til stjernene» (1985) og «Skogland»-bøkene (1988-1993). Han kunne teikne semi-realistisk og surrealistisk, og måla fram eventyrlege landskap, sjølv i svart-kvitt. Dette skuldast ikkje minst eit av dei andre særtrekka med streken hans, nemleg skraveringsteknikkane.  

Så seint som i somar skulle han vere æresgjest på science-fiction-festivalen Norucon 12-14. juni (same helg som OCX). Men han måtte melde avbod av helsegrunnar.

Thore Hansen var ikkje primært ein serieteiknar, men han brukte mange teikneserieteknikkar i det grafiske arbeidet sitt, og var fleire gonger innom teikneseriemediet. Den erotisk-humoristiske teikneserien «Satyren» gjekk fast i vekebladet Alle Menn frå 1967 til 1975. Nokre av desse stripene blei samla i bokform i 1975. Han laga sci-fi-teikneserien «Stasjon Nexus: Gåten om Atlantis» (sjå forsidebilde) etter manus av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd. Den blei trykka i fleire tidsskrift og i antologien «Nazar: Åndeskrift» (1976).

TH Aukrust

Han laga også småstykke til KOnK, Pyton og Nissens Jul, og to Ruffen-teikneseriar: Ei julebok (2012), seinare gjenutgitt som julehefte (2014), pluss ei korthistorie i hyllestalbumet «Aukrust i Hundre» (2020).

I boka hans «Smilende streker – «Et streiftog blant humorens mestre» (1986) trekker han mellom anna fram kjente teikneserieskaparar som George McManus, George Herriman, Johnny Hart og Jules Feiffer.

Thore Hansen si tilknyting til teikneseriemediet var sterk nok til at vi i Serix vurderte å invitere han til festivalen Bergen tekst & tegning, så seint som i går.

Då oppdaga vi at bortgangen hans hadde blitt offentleggjort berre ein halv time tidlegare.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *