Huttetuane i heimen

Mika 02

Finst det ikkje små univers, bere små forteljingar? Det er eit relevant spørsmål når Berenika Kołomycka er attende i norsk språkdrakt, med «Mika»-bøkene.  

Etter å ha utgitt seks bøker i På fire bein-føljetongen, har Andersens Forlag bestemt seg for å satse på ein annan serie av den polske kunstnaren/serieskaparen.

Bortsett frå at begge seriar er meint å appellere til små barn, kunne dei knapt vore meir ulike. For det første har dei ikkje same forfattar. Medan Berenika Kołomycka laga På fire bein sjølv, er bøkene om Mika skrive av Agatha Loth-Ignaciuk.

Eg har få skruplar med å vurdere dette primært som Berenika sin teikneserie. Ideen er elementær, og bøkene er tekstfattige. Dei er heilt avhengige av ein best mogleg visuell presentasjon.  

Mika 01

Men konseptet handlar om korleis eit lite barns mikrounivers blir eit stor univers. Her kan det vere mogleg å spore linjene tilbake til den mest ikoniske bildeboka om dette temaet – «I huttetuenes land» av Maurice Sendak.  Som Max i «Huttetuene» har på seg ein ulvepysjamas bli meir modig, går Mika med ein tigerpysjamas (implisitt) for å bli meir modig. Og til liks med Max ser Mika for seg monster.

Skilnaden er at Mika monster er verkelege ting, og at dei er i heimen hennar.  I bind 1, «Mika og hyleren» er hylaren ein støvsugar. I andre bindet, «Mika og gurgleren» , er gurglaren ein vaskemaskin. Ein skjønar at det er snakk om eit gjennomgåande tema her; i kvar bok ser Mika for seg eit vanleg hushaldningsapparat som eit monster. Og «konfronterer» det. Heldigvis det er nok variasjon over tema til å hindre det i å bli for formularisk. I bind ein førestiller ho seg støvsugaren som eit monster heile tida, og lesarane ser den ikkje som ein støvsugar før i aller siste ruta, I bind to trur Mika at vaskemaskinen er ein karusell, og den «blir» ikkje til eit monster før Mika ser den sentrifugere kosedyrfrosken hennar inni maskinen.   I bind tre «Kuldetrollet», blir ikkje kuldetrollet – eit lekkande kjøleskåp – behandla som ein fiende, gong. Merk også at «kuldetrollet», i motsetning til dei to føregåande hushaldningselementa, aldri blir teikna som noko anna enn det det er. Kanskje dette er eit bevisst uttrykk for ei utvikling i seriens mikrounivers.      

Mika 03

I tråd med den enkle ideen bak serien, har Berenika endra stil. Omgjevnadene er meir konkret framstilt, nøkternt, til og med, som ein kontrast til Mikas fantasi. Streken er blitt mjuk. Vassfargane frå teiknarens tidlegare arbeid er behaldt, er eg glad for å kunne melde, men er mildare og varmare, og dei fyller rutene. Dei er altså tilpassa det nye konseptet.    

Andersens Forlag skryter av at «Så vidt vi vet, er Mika den eneste klassiske tegneserien for de minste som er utgitt på norsk nå for tiden». Eg trur dei har rett, i alle fall i tydinga teikneseriar for barn som ikkje blir forventa å kunne lese. Sjølvsagt hjelper det viss dei minste har nokon til å lese «Mika» for dei, men nødvendig er det ikkje. Barna kan følge handlinga utan å lese eit einaste ord. Og særleg i andre bindet er onomatopoetikaene så vibrante at ein kan tyde dei utan å kjenne bokstavane.

Mika 04

I kontrast til «På fire bein», som passa for små barn, men kunne tolkast og lesast filosofisk også av vaksne, har «Mika» eigentleg berre barneaspektet. Vi blir inviterte berre til å sjå verda frå Mikas synsvinkel, og til å vere med på heltebildet ho skapar av seg sjølv.

Det blir litt som meir utborderte og elegante versjonar av Tommys kamp mot havregrauten i Tommy & Tigern – Minus foreldra som hatar kvarandre, ungen, og livet sitt etterpå. Skjønt, kven veit kva opprørte scenar som vi blir spart for etter at boka er slutt? Kvar bok endar med at vi så vidt rekker å sjå foreldra oppdage resultatet av Mikas øydeleggingar/erobringar. Men ein merker seg at dei reagerer meir stoisk andre og tredje gongen. Igjen, kanskje tyder dette på ei bevisst, om enn beskjeden utvikling.

Likevel, universet forblir minimalt. Og tre bøker var nok til å få fram poenget. Mika er eit konsept som blir brukt opp ganske raskt. Og om «monsteret» er blitt pasifisert alt i tredje boka, kor går ein vidare derifrå? Uansett så kan forlaget stadfeste at det blir berre desse tre bøkene på norsk, sjølv om fleire er planlagt internasjonalt.


Mika og hyleren
Mika og gurgleren
Mika og kuldetrollet
Skrive av Agata Loth-Ignaciuk, teikna og fargelagt av Berenika Kołomycka
Omsett av Knut Inge Andersen
32 sider kvar
200 kr. kvar
Andersens forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *