Eg må skape

Donald-teiknaren er ikkje meg, Donald-teiknaren er ei slags merkevare som eg skapte saman med redaktørane på Egmont, seier Arild Midthun. I årets første Serix-podkast ser han tilbake, men også fram.

Fotografi: Arild Wærness

Høyr sendinga her

I eit opptak frå haustens Bergen Tekst & Tegning snakkar Arild Midthun med Kristian Hellesund om eit liv i teikneseriane sin teneste. I 2024 fyller Arild 60 år (6. mai),  Donald Duck sjølv fyller 90 år (9. juni), og i år er det også 20 år sidan Arild blei offisiell Donald-teiknar. Sjølv veks han opp med Tempo, fortel han her, og planan hans var eigentleg å bu på kontinentet og teikne for eit fransk-belgisk forlag. Det var hans gode venn og nabo Tormod Løkling som veks opp med Donald Duck. Ikkje desto mindre var Arilds og Tormods første seriøse teikneserieforsøk saman, «Patrick & Co.», ein serie i typisk fransk-belgisk stil, med tydeleg inspirasjon frå Sprint.

Patrick & Co.

I podkasten snakkar Arild om hans veg gjennom norske teikneseriehistorie, korleis Terje Nordberg og Dag Kolstad praktisk talt skapte norske teikneseriekultur, om at Dag Kolstad og Haakon W. Isachsen held på md å lage bok om han, om «Livstegn», som ikkje er blitt samla likevel, om kritikarar, og om at han ikkje er ferdig med miljøvern ennå. Han reflekterer også over kvifor det er så viktig å skape. Når eit menneske døyr forsvinner ikkje berre det, men også alle dei ideane og historiane, heile verdener, som aldri kom ut av hens hovud. Tenk på alt Goscinny ikkje rakk å gjere, seier han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *