I Embla: Kampen for fremtiden er håpet lysegrønt – så lenge me jobbar saman.
I fjor kom Bjørn H. Samset ut med den brageprisnominerte boka 2070: Alt du lurer på om klimakrisen, og hvordan vi kan komme oss forbi den, med illustrasjonar av Arild Midthun. Denne vart av Thomas Hylland Eriksen kalla «en bibel for Thunberg-generasjonen», men er god lesnad for alle som er opptekne av klimakrisa. I årets bok rettar Samset og Midthun seg mot eit noko yngre publikum og formidlar den samme bodskapen på ein forenkla og tydelegare måte i teikneserieformat. I eit intervju i Aftenposten i haust sa Samset at noko av det vondaste han opplever, er når han blir oppringt av foreldre og barn med dommedagsangst. Teikneserien Embla: Kampen for fremtiden funkar som eit svar til dei som er redde: Sjølv om det ser mørkt ut, finst det ein veg ut av uføret.
Bokas protagonist er Embla, ein overfladisk influensar som bryr seg meir om shopping og styling enn om framtida. På veg til New York møter ho ein framtidsoptimist, ein klimaskeptikar og ei eplekjekk flyvertinne som snart skal ta viktige roller i forteljinga. Då Embla på grunn av klimademonstrasjonar blir nøydd til å gå til sponsormøtet sitt, blir ho utsett for eit ransforsøk og slår seg i hovudet. Ho vaknar i ei dystopisk verd og møter att dei før nemnte personane, no som pragmatikaren Odin, pessimisten Tor og optimisten Idunn. Dei formidlar kvar sine framtidsscenario for Embla: eitt der dei ressurssterke og rike landa overlever på bekostning av dei fattige; eitt der menneska gjennom samarbeid løyser klimakrisa; og eitt der alt går til helvete. Alt saman er pakka inn i ei fantasyramme som eg vil tru er spanande og engasjerande for unge lesarar, og som gjer at presentasjonen av det tunge faktagrunnlaget ikkje blir for preachy. Antagonisten er menneskeslekta sjølv, men også jotnane, anført av Den grådige. Det ender sjølvsagt godt, og Embla våknar i New York att, som eit forandra menneske. Kanskje har også forteljinga forandra lesaren?
Arild Midthun er for dei fleste kjent som teiknar av Donald Duck gjennom mange år nå, men her er stilen mykje meir naturalistisk, noko som også kler alvoret i teikneserien. Detaljrikdomen er stor, og illustrasjonane bidreg til å tydeleggjere dei tre scenarioa. Her er også fargebruken viktig. Odins tregradersversjon, der teknologi vil redde mange men ikkje alle, er framstilt i kalde blåtonar, Tors firegraders (eller høgare) versjon er dynka i raudt og gult, som ei verd bokstaveleg tala i flammar, og Idunns håpefulle visjon om under to grader global oppvarming er sjølvsagt grøn.
Strenge røyster vil kanskje innvende at det stundom blir overtydeleg og pedagogisk, men dette er ein teikneserie med ein oppdragande bodskap og skal vere pedagogisk: Det handlar om å formidle, på ein klar og engasjerande måte, kva som er konsekvensane av klikmakrisa, og kva me kan og må gjere for å komme oss gjennom henne. Å pakke det heile inn i ei mytologisk ramme passar også svært bra. Både ragnarokmotivet og symbolikken knytt til Idunns grøne eple forsterkar fakta og utvidar forståinga. Idunn er ikkje berre guden for fruktbarheit, men voktaren av eit skrin med livgivande eple som gudane treng for å halde seg unge og leve evig, ein metafor dei fleste unge lesarane truleg vil henge med på.
Boka blir avslutta med ei grundigare gjennomgang av dei tre scenarioa, og lesaren får tips om kvar ein kan finne meir informasjon. For er det noko ein skjønar trengst etter å ha lese denne teikneserien, så er det at me treng kunnskap for å overleve. Dei unge «… trenger å utdannes, å bli kloke og bevisste!» seier Idunn-avataren. «De må være så godt informert at de aldri stoler på ledere som kommer seg til makten ved å tråkke på de svake og trengende!». Det er gledeleg og prisverdig at Midtun og Samset freistar å utdanne (og underhalde!) dei unge. Vonleg vil dei nå og inspirere mange.
Embla: Kampen for fremtiden
Skrive av Bjørn H. Samset, teikna av Arild Midthun
64 sider
339 kr. (veil.)
Cappelen Damm