Raptus – Heile historia?

Raptus teikneseriefestival blei arrangert for 30. gongen nå i september. Tidlegare Raptusgeneral Arild Wærness oppsummerer festivalens historie saman med Knut Robert Knutsen

Forside: Arkivfoto frå festivalen, 2023.

Høyr sendinga her

Arild deler historia om korleis Raptus blei til, og kvifor det blei nettopp i Bergen. Vi får nærmare innblikk i dei tidlegaste arrangementa  Opphaveleg skulle den vere på kulturhuset Verftet som «fringe-arrangement» til Nattjazz 1996, men dette blei berre ein «prøveklut» før Arild Midthun hjalp til med å utvikle festivalen i rett retning i 1997.  Til slutt blei den flytta til september, i 1998, så den kunne ha ein vekselvirke med festivalen i Gøteborg

I 1999 var Raptus blitt svær, men mykje mediemerksemd, fast plass på Grieghallen (ei god stund) og det «aulte» av folk. I dag er det vanskeleg for teikneseriar å komme gjennom den mediemuren, men den gongen var det dritlett, seier Arild. Den gongen skulle vi vere ein stor teikneseriefamilie som profilerte seg ein gong i året. 

Panelet deler historier om Bud Grace, Milo Manara og Dan Piraros forsoving med det påfølgande presseoppslaget, og drøfter kvifor det blei så mykje fokus på teikneseriar i norsk kulturliv ein periode. Og når og kvifor det begynte å gå nedover.

Høyr også:
Raptus 30 år

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *