
«Søstrene av skår» er eit veldig tydeleg tyngdepunkt i soga om Mia Myhr. Viss det var jobben min å marknadsføre boka, hadde eg sagt: «…Og du vil ikkje tru det som nå skjer!»
For det skjer veldig mykje i den fjerde Mia Myhr-boka, og minst halvparten er det umogeleg å drøfte utan å halde seg til vage formuleringar. Sjølv det eg strengt tatt kan og bør forklare, følast som spoiler-alarmar.
I slutten av førre boka blei Mias syster Hanna korrumpert av kaoskrystallane, og andre punkt på programmet er difor at Mia reddar henne. Eg seier andre, for første punktet er bakgrunnshistoria til krystallane – Og sjølv her må eg vere vag, for soga er ikkje så rett fram som ein først kan mistenke. Sjølv om den andre eldre kvinna, som lesarane kunne ha gjetta, truleg er bestemor si syster.

Ein annan viktig ting eg kan røpe er at serien i dette bindet går over til å vere meir ensembledrive, der dei fleste tidlegare kapitla handla om interaksjon med den eine og så den andre. Dette var ei frisk, ny og naturleg vending som eg ønska velkommen. Serien om Mia Myhr har handla mykje om einsame redsler til nå, men eg kan med glede slå fast at redsler som er delte mellom fleire, er like verknadsfulle.
Denne utviklinga finn stad allereie i bokas første halvdel. Eg var førebudd på kva som så skulle kome til å skje, for eg hadde fått hint om det på ei podkastinnspeling nyleg, men alle vil kome til å sjå vendepunktet. Grunna konteksten må Hjardar ha visst at ho ikkje kom til å lure nokon. Derfor har ho klokeleg lagt til ein ekstra liten subversjon i vendepunktet. Og om forteljargrepet er venta, er det ikkje dermed antiklimatisk. Langt derifrå. Å sjå kva som deretter kjem, er ei skrekkblanda fryd.

På fire bind har Sara Hjardar fått til veldig mykje (det hjelper at serien er fastsett til fem bøker, så plassen renn ut), sjølv om «Søstrene av skår» har eit veldig tydeleg tyngdepunkt. Innovasjonen er på topp, og samansmeltinga av grøssar og fantasy er på nær perfeksjonert.
Rett nok synes eg at bifigurane Leah og Eik framleis er lite interessante. Og så er det denne nye bifiguren, som eg ikkje føler at eg kan nemne ved namn, langt mindre forklare konkret kva han gjer. På den eine sida er han fornøyeleg, og tilfører historia komikk på eit tidspunkt då ho trengte det sårt, samstundes som han er grotesk og skummel nok til å gli perfekt inn i miljøet. På den andre sida håper eg at den ikkje var eit reint sidespor utan vidare tyding, for både figuren og serien fortener betre.

Visuelt gir serieskaparen seg sjølv nye utfordringar i «Søstrene av skår». Det vil seie, det surrealistiske blågrøne marerittet som er Ravnareir har ikkje endra seg stort. Men fordi boka er meir ensembledrive denne gongen, teiknar ho fleire (menneske)-karakterar enn før, og attpåtil menneske som er overvelda av sterke kjensler. Framstillinga er grensesprengande melodramatisk, og ein av teiknarens viktigaste prestasjonar er at ho maktar å forvisse lesaren om kor nødvendig dette er. Berre det å halde Rotheksa/Hanna vedvarande manisk utan at det blir sjølvparodisk, ser ut som det kan ha vore ein vanskeleg balansegang.
Er dette den beste Mia Myhr-boka hittil? Moglegvis, men etter å ha lese den ferdig verkar ei slik hypotetisk gradering meiningslaus, fordi handlinga er så tett at det er vanskeleg å lese serien som noko anna ei heilskapleg forteljing
Og difor har Sara Hjardar desto meir å leve opp til i finalen.

Mia Myhr og søstrene av skår
Av Sara Hjardar
Etterord av forfattaren
186 sider
339 kr.
TNT/Bonnier






