Snakke julehefter – Moderne norske

For andre året på rad samlar SeriX eit panel for å prate julehefter i podcast. Først ute er dei nye norske.

Høyr sendinga her

Panelet består i år av Arild Wærness, Trond Sätre, Øystein Nordvik og Knut Robert Knutsen. Og det panelet kan vere stort einige om, er at ein tek dei jamt over beste først når ein begynner med den moderne, norske hefta:

Donald (Duck) sitt norske julealbum
Flåklypa (Aukrusts Jul)
Jul På Hjemmefronten
Lunch
Pondus
Storefri
Rutetid
Jul På Skaugum

Det ville vere ei grov forenkling å seie at panelet liker hefta i den rekkefølga, frå best til verst, men det er ikkje så langt frå sanninga, heller. Panelet er ganske samstemte i si hylling av juleheftekunstarar som Arild Midthun og Thierry Cappezzone, til ei viss grad også Haakon W. Isachsen, Therese G. Eide, Frode Øverli og Børge Lund. Meiningane er meir delte om Storefri, men panelets fast tilsette lærar kan kanskje hjelpe oss til å forstå seriens popularitet. I Rutetid er det serien om partiet «Fritt» som fascinerer mest, mens Jul På Skaugum er nådelaust raskt oppsummert…


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *